Tersamisk
Tersamisk er eit samisk språk som blir, eller vart, snakka på Kolahalvøya i dei austlege delane av Murmansk oblast i Russland. Det er rekna som eit døyande språk med berre to eldre talarar (2010). Tersamisk høyrer til dei austsamiske språka, og dei næraste slektningane er enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk og akkalasamisk.
Tersamisk | ||
Klassifisering | uralske språk finsk-ugriske språk samiske språk austsamiske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Murmansk oblast i Russland | |
Tersamisktalande i alt | 6 (også rapportert utdøydd) | |
Skriftsystem | Ikkje skriftspråk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | sjt |
Den eldste kjende dokumentasjonen av samiske språk er ei tersamisk ordliste frå 1557, skriven ned av den britiske oppdagaren Steven Borough i 1557 og gjeven ut av Richard Hakluyt.[1] Språket er blitt noko studert gjennom lydopptak, nedskrifter og tospråklege ordbøker, men det er ikkje utvikla noko standardisert skriftspråk eller nokon grammatikk.[2]
Status
Tersamisk har vore eit språk i nedgang dei siste tiåra, då dei fleste tersamane har gått over til russisk. Tidleg på 1990-talet hadde språket seks eldre talarar, på 2000-talet var det berre to att.[3]
Nedgangen til tersamisk blei framskunda av sovjetisk kollektivisering og språkpolitikk der tersamisk blei forbode å nytta i heimar og skular på 1930-talet. Innbyggjarane i den største av dei seks landsbyane der ein tala språket, Jokanga, blei flytta til den lukka byen Gremikha (no Ostrovnoj).[3]
Kjelder
- ↑ Aikio Samuli: «Olbmot ovdal min - Sámiid historjá 1700-logu rádjái». Girjegiisá: Kárášjohka, 1992. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Itkonen T. I.: "Koltan- ja kuolanlapin sanakirja", Helsinki: Société Finno-Ougrienne, 1958; Itkonen T. I.: «Koltan- ja kuolanlappalaisia satuja», 1931.Memoires de la Société Finno-Ougrienne 60. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.
- ↑ 3,0 3,1 Tiuraniemi Olli: "Anatoli Zaharov on maapallon ainoa turjansaamea puhuva mies", Kide 6 / 2004. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- «Saami, Ter», ethnologue.com
- Thomas Nilsen, «Sami languages disappears», barentsobserver.com (February 19, 2010)
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Incubator - Wikipedia på tersamisk