Giske kommune
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal]], rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av øyane Giske, Godøy, Valderøy og Vigra. Kommunesenteret ligg på Valderøy. Hovednæringar er fiske og jordbruk. Fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.
Ålesund lufthamn er lokalisert på Vigra. Det er brusamband mellom Vigra og Valderøy på Gjøsund. Frå Valderøy går ein undersjøisk tunnel til Ålesund (via Kverve, Ellingsøy). Bru til Giske frå Valderøy og undersjøisk tunnel frå Giske til Godøy.