Lulesamisk

samisk språk
Versjonen frå 17. september 2017 kl. 16:50 av Trondtr (diskusjon | bidrag) (Ordbøker)

Lulesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Det har ca. 2 000 talarar. Dei fleste lulesamane bur i Sverige, nokre bur i Noreg, dei fleste av dei på norsk side bur i Tysfjord kommune.

Lulesamisk
julevsáme
Klassifisering Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i Noreg, Sverige
Område Nordland, Västerbotten
Lulesamisktalande i alt 2000[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Tysfjord kommune
Normert av Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-2 smj
ISO 639-3 smj

Alfabet

Lulesamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukast á for lang [a:], og ŋ for [ŋ]. Den siste lyden vart tidlegare skrive ń, i praksis (på grunn av 8-bits datasystem) ofte ñ. Sjølv om nord- og lulesamisk er svært lik kvarandre språkleg er det store skilnader i skrivemåten. Denne skilnaden går attende til Rasmus Rask sitt framlegg til nordsamisk rettskriving, lulesamisk heldt fast på den gamle, norsk-svenske skrivemåten, og skriv sjaddat og tjállet der nordsamisk har šaddat, čállit ('bli, skrive').

Grammatikk

Lulesamisk er eit språk med rik bøying.

Morfologi (bøyingslære)

I lulesamisk har alle andre ordklasser enn adverb, interjeksjonar, subjunksjonar og konjunksjonar ei rik bøying.

Substantiv

Lulesamiske substantiv blir bøygd i 9 kasus og 2 tal, og dei kan få lagt til possessivsuffiks (eigarendingar) bøygd i person (1., 2., 3.) og tal (eintal, total, fleirtal).

Lulesamisk skil seg frå nordsamisk ved å ha oppretthalde distinksjonen mellom genitiv og akkusativ.

Tabellen viser kasusparadigme for likestava stammar på -a, her giella "språk"[2]

Sg+Nom giella
Sg+Acc gielav
Sg+Gen giela
Sg+Ill giellaj
Sg+Ine gielan
Sg+Ela gielas
Sg+Com gielajn
Sg+Abe gieladagá, gieladagi
Ess giellan
Pl+Nom giela
Pl+Acc gielajt
Pl+Gen gielaj
Pl+Ill gielajda
Pl+Ine gielajn
Pl+Ela gielajs
Pl+Com gielaj
Pl+Abe gielajdagá, gielajdagi

Verb

Verb blir bøygd i 4 modus, 3 personar, 3 tal. Tabellen viser døme på det tostava verbet hállat "snakke".


Infinitiv hállat snakke
Prs Sg1 hálav
Prs Sg2 hála
Prs Sg3 hállá
Prs Du1 hállin
Prs Du2 hállabihtte
Prs Du3 hállaba
Prs Pl1 hállap
Prs Pl2 hállabihtit
Prs Pl3 hálli
Prt Sg1 hálliv
Prt Sg2 hálli
Prt Sg3 hálaj
Prt Du1 hálajma
Prt Du2 hálajda
Prt Du3 hálajga
Prt Pl1 hálajma
Prt Pl2 hálajda
Prt Pl3 hállin
Prs ConNeg hála
Prt Pl3 hállin

Historie

Vi delar språkhistoria inn i indre og ytre språkhistori, der det første er endringar i språket sjølv, og det andre er endringar i den samfunnsmessige stillinga til språket.

Indre språkhistorie

Dei samiske språka vart skilt frå austersjøfinsk for rundt 2000 år sidan. I løpet av tida fram til dei første skriftlege kjeldene for samisk (frå og med 1600-talet) delte det samiske urspråket seg inn i vestsamisk (frå sørsamisk til og med nordsamisk) og austsamisk. Den vestsamiske gruppa deler seg inn i ei sørleg gruppe (sør- og umesamisk) og ei nordleg gruppe (pite-, lulesamisk og nordsamisk).

Den sørlege gruppa av vestsamiske språk er kjenneteikna ved omlyd heller enn stadieveksling, og har i større grad halde på trykklette konsonantar og vokalar frå det finsk-samiske urspråket i bøyingsendingane sine. Den nordlege gruppa, inkludert lulesamisk, har forkorta og mista endingane sine, slik at der sørsamisk har gïelen og gïeleste som genitiv og elativ av gïele "språk", har lulesamisk formene giela og gielas, av grunnforma giella. Som det går fram av døma skil lulesamisk (og pitesamisk og alle samiske språk lenger nord) seg frå sør- og umesamisk ved å ha stadieveksling, i dette tilfellet veksling mellom lang -ll- i nominativ og kort -l- i visse andre kasus. Lulesamisk skil seg frå nordsamisk framfor alt ved å ha oppretthalde skiljet mellom final -p, -t, -k, eit skilje som i nordsamisk har falle saman i -t, t.d. lulesamisk hállat, hállap ("å snakke, vi snakkar"), i nordsamisk er desse formene identiske (hállat = både "å snakke" og "vi snakkar").

Lulesamisk (og pitesamisk) er meir konservativ enn nordsamisk på fleire punkt:

  • Lulesamisk har halde på det eldre systemet med å bøye nektingsverbet i tempus, denne distinksjonen er borte i nordsamisk (jf. lulesamisk iv boade, ittjiv boade "eg kjem ikkje, eg kom ikkje", der nordsamisk har in boađe, in boahtán "eg kjem ikkje, eg kom ikkje"). I lulesamisk ligg tempusskilnaden i nektingsverbet (iv, ittjiv), men i nordsamisk er nektingsverbet det same, og skilnaden ligg i hovudverbet, der nektingsverb (in) pluss partisippform (boahtán) markerer fortid.
  • Lulesamisk har halde på skilnaden mellom genitiv og akkusativ (giela, gielav), på same måte som sørsamisk (gïelen, gïelem), der desse to formene har falle samisk i nordsamisk (genitiv = akkusativ giela).

Alle desse skilnaden har oppstått før den første skriftlege kjeldene for dei ulike språka, med unntak av nordsamisk samanfall til final -t, som er ei nyare utvikling.

Ytre språkhistorie

Det lulesamiske skriftspråket vart etablert av Lars Levi Læstadius (18001861) med det religiøse verket Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan ('Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande', 1837 el. 1839). I 1844 gav han ut Tåluts suptsasah, ei bibelhistorie på 259 sider. Det vart gjeve ut ei salmebok på lulesamisk i 1895. I byrjinga av 1900-talet utvikla K.B. Wiklund eit skriftspråk for lulesamisk. Etter 2. verdskrigen kom Bergsland /Ruong ortografien, den første samiske ortografien der ein morsmålstalar hadde vore med og utvikle han. Gjeldande lulesamiske skriftspråk vart utarbeida av lulesamisk språknemnd, og vedtatt i 1983.

Frå 1. januar 2006 vart Tysfjord første lulesamiske kommune under samisk språkforvaltningsområde i Noreg. I sverige er kommunane Gällivare, Arjeplog og Jokkmokk del av det samiske forvaltningsområdet, for lulesamisk (Gällivare også for nordsamisk).

Litteratur

Ordbøker

Grammatikkar og artiklar om grammatikk

Referanser

  1. Ethnologues rapport for lulesamisk
  2. Kjelde: Giellateknos lulesamiske paradigmegenerator. Jf. også Spiik 1989.

Bakgrunnsstoff

Wikipedia


Institusjonar

Språklæring og grammatikk

E-ordbøker