Lulesamisk
Lulesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Det har ca. 2 000 talarar. Dei fleste lulesamane bur i Sverige, nokre bur i Noreg, dei fleste av dei på norsk side bur i Tysfjord kommune.
Lulesamisk julevsáme | ||
Klassifisering | Uralsk samisk | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg, Sverige | |
Område | Nordland, Västerbotten | |
Lulesamisktalande i alt | 2000[1] | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Tysfjord kommune | |
Normert av | Samisk språkråd | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | smj | |
ISO 639-3 | smj |
Alfabet
Lulesamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukast á for lang [a:], og ŋ for [ŋ]. Den siste lyden vart tidlegare skrive ń, i praksis (på grunn av 8-bits datasystem) ofte ñ. Sjølv om nord- og lulesamisk er svært lik kvarandre språkleg er det store skilnader i skrivemåten. Denne skilnaden går attende til Rasmus Rask sitt framlegg til nordsamisk rettskriving, lulesamisk heldt fast på den gamle, norsk-svenske skrivemåten, og skriv sjaddat og tjállet der nordsamisk har šaddat, čállit ('bli, skrive').
Grammatikk
Lulesamisk er eit språk med rik bøying.
Morfologi
Lulesamisk skil seg frå nordsamisk ved å ha oppretthalde distinksjonen mellom genitiv og akkusativ.
Tabellen viser kasusparadigme for likestava stammar på -a, her giella "språk"[2]
Sg+Nom | giella |
Sg+Acc | gielav |
---|---|
Sg+Gen | giela |
Sg+Ill | giellaj |
Sg+Ine | gielan |
Sg+Ela | gielas |
Sg+Com | gielajn |
Sg+Abe | gieladagá, gieladagi |
Ess | giellan |
Pl+Nom | giela |
Pl+Acc | gielajt |
Pl+Gen | gielaj |
Pl+Ill | gielajda |
Pl+Ine | gielajn |
Pl+Ela | gielajs |
Pl+Com | gielaj |
Pl+Abe | gielajdagá, gielajdagi |
Historie
Det lulesamiske skriftspråket vart etablert av Lars Levi Læstadius (1800–1861) med det religiøse verket Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan ('Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande', 1837 el. 1839). I 1844 gav han ut Tåluts suptsasah, ei bibelhistorie på 259 sider. Det vart gjeve ut ei salmebok på lulesamisk i 1895. I byrjinga av 1900-talet utvikla K.B. Wiklund eit skriftspråk for lulesamisk. Etter 2. verdskrigen kom Bergsland /Ruong ortografien, den første samiske ortografien der ein morsmålstalar hadde vore med og utvikle han. Gjeldande lulesamiske skriftspråk vart utarbeida av lulesamisk språknemnd, og vedtatt i 1983.
Frå 1. januar 2006 vart Tysfjord første lulesamiske kommune under samisk språkforvaltningsområde.
Litteratur
Ordbøker
- Grundström, Harald (1946-). Lulesamisches Wörterbuch - Lulesamisk ordbok.
- Wiklund, K.B. (1890). Lule-lappisches Wörterbuch (PDF) 1. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia. Text " Helsinki " ignored (hjelp)
- Olle Kejonen (2013). 101 julevsáme verba. 101 lulesamiska verb.
Grammatikkar og artiklar om grammatikk
- Heahttá, Sara Ellen Eira: Lulesamisk skriftspråk. http://samediggi.no
- Kintel, Anders 1991: Syntaks og ordavledninger i lulesamisk. Kautokeino : Samisk utdanningsråd.
- Kuoljok-Angéus, Susanna 1997: Nominalavledningar på ahka i lulesamiskan. Uppsala: Studia Uralica Upsaliensia ; 28
- Larsson, Lars-Gunnar (1990). «Glidvokalen i lulesamiskan: En dialektgeografisk studie på grundval av Harald Grundströms ordbok.». Svenska lands-mål och svenskt folkliv: 166-199.
- Spiik, Nils Eric 1989: Lulesamisk grammatik. Samskolstyrelsen.
- K. B. Wiklund (1891). Laut- und Formenlehre der Lule-lappischen Dialekte (PDF).
Referanser
- ↑ Ethnologues rapport for lulesamisk
- ↑ Kjelde: Giellateknos lulesamiske paradigmegenerator. Jf. også Spiik 1989.
Bakgrunnsstoff
Wikipedia
- Wikimedia Incubator - Wikipedia på lulesamisk
Institusjonar
Språklæring og grammatikk
- Kurs i lulesamisk: Giellaj hilá "Glöd till språket"
- Kurs i lulesamisk Sámásta ... som tyder «tal samisk»
- Lulesamisk morfologisk analysator
- Lulesamisk stavekontroll
E-ordbøker
- Norsk-lulesamisk ordbok på nettet
- Lulesamisk-norsk ordbok på nettet
- Svensk <-> lulesamisk ordbok på nettet