| ||
Andreasv bur på Sunnmøre. I Wikipedia vil eg arbeide litt med stoff rundt kystkultur, og om forefallande emne.
Hugseliste
Norske hermeteikn i Windows kan ein få ved å halde inne Alt-tasten og trykkje nokre tal på det numeriske tastaturet. For « trykkjer ein Alt og 0171, og for » trykkjer ein Alt og 0187
Bruk av lisensiering
- {{cc-by-sa}}
Båtskotet
Her i båtskotet vert det nybygg, ombygging og reparasjonar
Byggenr. 1
Sunnmørsbåt
Sunnmørsbåt er fellesnemning for den gamle bruksbåten på Sunnmøre og delar av Romsdal. Som havbåt var den i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet.Sunnmørsbåtane er klinkerbygde og har både årar og råsegl.
Særlege kjenneteikn: Skroget; snedbetning. Seglet; asymetrisk råsegl.
Historikk
Dei eldste fysiske spor etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – naust , løer og andre uthus. Båtmateriala har vorte brukte på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdelar, syner lita endring i byggemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte brukte til å bygge oppatt båtar. Saxe Bjørkedal har rekonstruert både fjørefar, ottring og jekt på dette viset. Av originale storbåtar fins det berre ein ottring. Den står no på Ålesund museum. At den er i så god stand har vorte tolka som at det har vore ein dårleg sjøbåt som har vorte lite brukt. Skapet, serleg på bakenden, kan og tyde på det. To ottringar har i ettertid vorte bygde med utgangspunk i oppmålingar av gamle båtbord på naustvegg. Av dei mindre båtane fins det fleire , gode eksemplar.
Ei viktig kilde til kjenskap om den gamle sunnmørsbåten er Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer, beliggende i Bergens Stift i Norge. 1-2 Part.. Sorøe 1762-66. Her er både illustrasjonar og mange opplysningar. Ei av teikningane er grunnlag for byvåpenet til Ålesund.
Storleikar
Med utgangspunkt i Hans Strøm sine skrifter, og med framleis eksisterande båtar, kan vi sette opp denne oversikta av ulike storleikar på sunnmørsbåtane. Ein del båtar passar ikkje inn i dette skjemaet. Brukaren tinga sin båt som han ville ha den, og båtbyggaren bygde den.
Færing Den vanlegaste bruksbåten til heimefiske og erend mellom bygdelag. To rom, framrom og bakrom) og to røde (årepar). Ein til to mann. Snedbetning. Rigga med asymetrisk råsegl.
Kjempefæring Stor færing med to rom og tre røde. Fremste keipeparet i den store framskuten. Tre til fire mann. Snedbetning. Rigga med asymetrisk råsegl.
Trerøring Brukt til fiske og til reiser for fleire personar. Mykje brukt til kyrkjebåt. Tre rom og tre røde. Tre til fire mann. Snedbetning. Rigga med asymetrisk råsegl.
Firrøring Fiskebåt som og vart bruk utanskjers. Tre rom og fire røde. Tre til fem mann. Snedbetning. Rigga med asymetrisk råsegl.
Seksring Storbåt. Brukt til havfiske. Fire rom og fire røde. Fem mann. Snedbetning. Rigga med asymetrisk råsegl.
Fjørefar Storbåt. Brukt til havfiske. Fire rom og fire røde. Seks mann. Snedbetning. Rigga med asymetrisk råsegl. Omtale og illustrasjonar hjå Hans Strøm. Det kan tyde på at dette var vanlegaste storbåten på 1700-talet
Ottring Største havfiskebåten. Fem rom og fem røde. Sju til åtte mann. Snedbetning. Rigga med asymetrisk råsegl. Vanlegaste storbåten, saman med seksring på 1800-talet.
Sambøring Den minste førinsbåten. Tre rom , eit av dei svært stort, til plasering av gods. Tre røde. Byggemåe og seglføring ukjend. Om lag sam storlik som ottringen.
Tendring Den nest største av sunnmørsbåtane. Fraktebåt. Denne har vi kjennskap til berre gjennom skriftene til Hans Strøm. Truleg ikkje snedbetning.
Jekt Den største av sunnmørsbåtane. Omtale og illustrasjon hjå Hans Strøm. Fraktebåt. 10 – 30 lestar. 1 årepar.. 8-10 mann. Framdrift: For det meste segl. Beingangar. (Ikkje snedbetning.) Ei jekt ”Anna Olav” bygd 199? Etter modell laga av Saxe Bjørkedal ut frå båtmaterial funne i sjøbud på Håkonsholmen i Ulstein.