Haggadá sjel pesah

Versjonen frå 19. juni 2016 kl. 01:13 av CommonsDelinker (diskusjon | bidrag) (Bot: Erstattar Haggadah_14th_cent.jpg med Haggadah_15th_cent.jpg)

(Seder) Haggadá sjel pesah (hebraisk הגדה של פסח) er den jødiske påskeforteljinga — ei bok som blir lesen ved påskemåltidet. Haggadá sjel pesah inneheld forteljinga om korleis israelittane forlét slaveriet i Egypt og vart eit fritt folk i Israel.

Haggadamanuskript frå 1300-talet.

Namnet viser i praksis ofte til sjølve påskemåltidet på dei to første kveldane av pesah òg. Dette rituelle måltidet blir elles oftast omtala under dei tradisjonelle kortformene seder (blant askenasim) eller haggadá (blant sefardim).