Sira kyrkje

kyrkje i Eresfjord, Nesset kommune
Versjonen frå 26. mai 2015 kl. 22:25 av Anne-Sophie Ofrim (diskusjon | bidrag) (-Kategori:Nesset kommune; ± 2 kategoriar med HotCat)

62°39′58″N 8°6′45″E / 62.66611°N 8.11250°E / 62.66611; 8.11250

Sira kyrkje
kyrkje
Halvard Hatlen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Sokn Eresfjord
Fellesråd Nesset
Type Åttekantkyrkje
Material Tre
Innvigd 1869
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 307
Kart
Sira kyrkje
62°39′59″N 8°06′49″E / 62.6663°N 8.1135°E / 62.6663; 8.1135
Wikimedia Commons: Eresfjord Church

Sira kyrkje, også kjent som Eresfjord kyrkje, er ei åttekantkyrkje i Eresfjord i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1869 og bygd i treverk. Ho har 307 sitjeplassar.

Til omkring 1709 stod ei stavkyrkje truleg med påbygde krossarmar i tømmer på staden. Stavkyrkja var då i svært dårleg stand og ei ny krosskyrkje i tømmer vart sett opp i staden, material frå stavkyrkja kan ha blitt brukt i den nye krosskyrkja. Utover 1800-talet vart krosskyrkja for lita etter krava og det var trong om reparasjon. I 1868-1869 vart åttekantkyrkja sett opp og krosskyrkja riven. Jubileumsskriftet (red Leirvoll, 1994) oppgjev ikkje arkitekt, men nemner at soknepresten fekk tilsendt teikningar av ein forlenga åttekant og at dei desse til grunn for bygginga. Det var til dels dei same tømrarane som sette opp Eikesdal kyrkje to år før, det er ei lita langkyrkje med takryttar.

Sira kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Sira kyrkje

Bakgrunnsstoff