Frøplantar

Versjonen frå 7. februar 2014 kl. 10:17 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
Frøplantar


Den mannlege blomen av Gnetum gnemon, eit medlem av Gnetophyta
Den mannlege blomen av Gnetum gnemon, eit medlem av Gnetophyta

Systematikk
Rike: Plantae
Divisjonar
  • Pinophyta
  • Frøplantar (Spermatophyta eller Phanerogamae) er ei plantesystematisk avdeling av plantar som set frø, i motsetnad til sporeplantar som formeirer seg med sporar. Dette er den største gruppa av nolevande plantar, med over 260 000 nolevande artar.[1]

    Karplantar inndelt i frøplantar og andre grupper.

    I botanikken har ein lenge delt frøplantane inn i dekkfrøa plantar (Magnoliophyta) og nakenfrøingar (Gymnospermae), som omfattar divisjonane Pinophyta (bartre), Cycadophyta (konglepalmar), Ginkgophyta (gingko) og Gnetophyta. Dei største familiane er marihand- og korgplantefamilien.

    Dei eldste frøplantane ein har fossil frå er gruppa Pteridospermatophyta, desse er frå sein devontid.[2]

    Bakgrunnsstoff

    av Michael G. Simpson

    Kjelder

    1. Joel Cracraft, Michael J. Donoghue (red.) Assembling the Tree of Life, Oxford 2004, Oxford University Press
    2. Rothwell, G. W., Scheckler, S. E. & Gillespie, W. H. (1989). «Elkinsia gen. nov., a Late Devonian gymnosperm with cupulate ovules.» Botanical Gazette, 150: 170-189, oppgjeve i «Pteridospermatophyta» på Engelsk Wikipedia.
      Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.