Steinar Pedersen
norsk historikar og politikar
Dr.philos. Steinar Pedersen fødd 2. mars 1947 i Tana, er ein samisk politikar for Arbeiderpartiet. Han var fram til 2011 rektor ved Samisk høgskole i Kautokeino, etterfølgjaren er Jelena Porsanger. Pedersen sat på Sametinget frå oppstarten i 1989 til valet i 2005. Han har også vore politisk rådgjevar og statssekretær i regjeringa ved fleire høve. I 2006 tok han doktorgraden i historie ved Universitetet i Tromsø. Pedersen si avhandling tar utgangspunkt i grensetraktaten mellom Danmark - Noreg og Sverige frå 1751, då grensa mellom Noreg og Sverige vart endeleg drege opp.
Steinar Pedersen er onkelen til Helga Pedersen.
Politiske verv
- 1989-2005 Representant i Sametinget.
- 2000-2001 Statssekretær, Kommunal- og regionaldepartementet.
- 2006 Nestleiar i Finnmark Arbeiderparti.
Publikasjonar
- 2006 Lappekodisillen i nord 1751-1859 (ISBN 82-91636-23-0)
- Liste over fleire publikasjonar