Gjødning
Gjødning er materiale som tilførast nytteplantar for å gje plantene fleire næringsemne enn det som finst i jorda frå før. Gjødningen kan blandast i jorda, slik at plantene kan take næringsemna opp gjennom røtene, eller han kan sprøytast over plantene for at dei skal take opp næringsemna gjennom bladverket.
Gjødningen kan vere organisk, som til dømes møkk, det vil seie ekskrement frå husdyr blanda med halm eller anna som vert nytta som strø i fjøs eller stall, eller torv, kompost og andre meir eller mindre omdanna restar av planter. Eller gjødningen kan vere av ikke-organiske emne henta i naturen eller framstilt kunstig.