Giske kommune
Giske kommune er ein øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, rett vestom byen Ålesund. Kommunen består av dei to flate øyane Giske og Vigra, og to meir ulendte, Godøya og Valderøya. Kommunesenteret ligg på Valderhaugstranda på Valderøya, medan Vigra er den største øya.
Giske kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Valderhaug | ||
Areal | 40,54 km² | ||
• vatn | 0,6642387980817972 km² | ||
Folketal | 8 691 (1. januar 2024) | ||
Målform | Nynorsk | ||
Ordførar | Harry Valderhaug (2015)[1] (KrF) | ||
Kommunenr. | 1532 | ||
Giske kommune 62°33′45″N 6°06′07″E / 62.5625°N 6.1019444444444°E | |||
Kart som viser Giske kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Giske | |||
Nettstad: www.giske.kommune.no |
Giske kommune har 4 tettstadar:
- Valderøya på Valderøya med 4 316 innbyggjarar per 1. januar 2023
- Roald på Vigra med 1 057 innbyggjarar per 1. januar 2023
- Leitebakk på Godøya med 979 innbyggjarar per 1. januar 2023
- Giske på Giske med 807 innbyggjarar per 1. januar 2023
Hovudnæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.
Historie
Skjonghelleren på Valderøya er eit verdifull fortidsminne med avleiringar som mellom anna viser korleis den magnetiske Nordpolen har endra seg. Ein har òg funne restar av fuglar og dyr som er om lag 30 000 år gamle. Ein har òg funne 10 000 år gamle spor etter menneske.
Øyane har òg fleire minne frå vikingtida. På Giske ligg ein av dei eldste herregardane i Noreg. Han var heimen til den mektige Giske-ætta eller Arnungane frå 900-talet til 1582. Giske kapell, kledd i kvit marmor, vitnar om rikdommen på øya på 1100-talet.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Giske kommune frå 1910:
1910[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5][6] | 1.1.1961[5][6] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2754 | 3006 | 3145 | 3713 | 3915 | 4543 | 5171 | 6042 | 6203 | 6395 | 7029 |
Kommunikasjon
Det er brusamband mellom Vigra og Valderøya på Gjøsund. Frå Valderøya går ein undersjøisk tunnel til Ålesund (via Kverve, Ellingsøya). Det er bru til Giske frå Valderøya og undersjøisk tunnel frå Giske til Godøya.
Ålesund lufthamn ligg på Vigra.
Kjende folk frå Giske kommune
- Både Ragnvald Mørejarl (800-talet) og normannarkongen Gange-Rolv (900-talet) var i følgje tradisjonen frå Giske
- Ragna Marie Blindheim, (1885–1952), lærarinne.
- Bjørn Brusdal (f. 1948), biletkunstnar
- Severin Roald (1858–1898), skodespelar
- Olaf Leon Roald (f. 1952), biletkunstnar
- Ørnulf Opdahl (f. 1944), biletkunstnar, fødd i Ålesund, busett på Godøya
Bakgrunnsstoff
Fotnotar
- ↑ «Ordførarens side».
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Giske 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 6,0 6,1 Folkemengd i Vigra 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå