Torbjørn Løkken
Torbjørn Løkken fødd 28. juni 1963 er ein norsk, tidlegare kombinertløpar frå Biri i Oppland. 1987 var hans store sesong, han vann då VM i Oberstdorf individuelt og verdscupen i kombinert, samt tre verdscuprenn og noregsmeisterskapen. Løkken var medlem av Biri IL, og gjekk under tilnamnet «Biri'n».
Aktiv
Løkken byrja markere seg mellom dei beste kombinertrennarane i 1985-sesongen. Han fekk då to andreplassar i verdscupen i kombinert og tok bronsemedaljen i noregsmeisterskapen. Etter ein heller svak 1986-sesong kom han tilbake og var verdas beste kombinerutøvar i 1987. Gjennom sesongen vann han tre verdscuprenn og vart verdsmeister i kombinert i Oberstdorf framom landsmannen Trond Arne Bredesen. Dei same to løparane vann også VM-sølv for Noreg i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth.
Løkken vann to verdscuprenn i OL-sesongen 1988, men vart nummer seks i kombinertøvinga under dei olympiske leikane i Calgary. Han trappa ned satsinga på idretten ved sesongslutt i 1988, la opp i 1990 og utdanna seg til sjukepleiar.
Mange år seinare vart det offentleg kjent at Løkken i lang tid hadde vore rusmisbrukar.[1]
Verdscupsigrar
# | Dato | Sted |
---|---|---|
1 | 13. desember 1986 | Canada Canmore |
2 | 17. januar 1987 | Frankrike Autrans |
3 | 6. mars 1987 | Sverige Falun |
4 | 9. januar 1988 | Sveits St. Moritz |
5 | 18. mars 1988 | Noreg Holmenkollen |
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- 1984: Nr 8 i Hof
- 1985: Bronsemedalje i Tromsø
- 1986: Sølvmedalje på Vang
- 1987: Gullmedalje i Steinkjer
- 1988: Sølvmedalje på Vang
Løkken vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1987.
Notar
Kjelder og bakgrunnsstoff
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- (en) Torbjoern Loekken – Profil og resultatoversikt hos FIS
- (en) Torbjørn Løkken – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.