Mecom

Versjonen frå 9. mars 2013 kl. 10:05 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 5 interwikilenkjer som er flytte til d:q1810338Wikidata)

Mecom Group plc er eit investeringsselskap som held til i London. Selskapet vart etablert i 2000 av dagens styreformann David Montgomery. Selskapet vart børsnotert i mars 2005 og har spesialisert seg på å kjøpe medieselskap, særleg selskap som eig lokale og regionale aviser. I 2007 har selskapet aktivitetar i Noreg, Danmark, Nederland, Tyskland, Polen, Sverige, Ukraina og Litauen. Aktivitetane i Noreg er underlagt selskapet Edda Media, i Danmark er aktivitetane samla i Det Berlingske Officin. Desse to selskapa er ei vidareføring av delar av aktivitetane i det tidlegare Orkla Media.