Lange
- For etternamnet, sjå namnet Lange.
Lange | ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Orden: | Gadiformes | |
Familie: | Lotidae | |
Slekt: | ''Molva'' | |
Art: | M. molva | |
Vitskapleg namn | ||
Molva molva |
Lange eller longe (Molva molva) er ein fisk i torskefamilien med særleg langstrakt kropp, noko som er opphavet til namnet. Langa kan vera opptil 1,8 m og 35 kg. Ho lever hovudsakleg på 100-400 meters djupne som vaksen, men yngre fisk finst på grunnare djupner.
Utbreiing
Langa lever i temperert klima i Nord-Atlanteren, Nordsjøen og Middelhavet og er vanleg ved Newfoundland, Island, Dei britiske øyane og langs heile norskekysten. Dei viktigaste gyteområda er i Bizkaia og nordvest for Dei britiske øyane.
Levevis
Langa lever i små stimar eller åleine. Hovudføda er andre fiskar som torsk, makrell, uer, sild og flyndre. Ho tek også krepsdyr og blekksprut.
Fisken blir kjønnsmogen i 6-8-årsalderen, hannfisken tidlegare enn hoa. Gytinga føregår i april-juni på 100-300 meters djupne. Hofisken gyt opptil 60 millionar egg som blir klekte etter 10 dagar.
Bruk
Lange er ein god matfisk med eit fast, kvitt kjøt som kan minna om torsk. Ho blir seld fersk, frosen, tørka eller salta. Han kan tilreiast gjennom damping, baking, koking eller steiking. Fisken kan brukast til å laga lutefisk. I Spania er salta langerogn kjend som delikatessen huevas de maruca.
Bakgrunnsstoff
- Galleri ved seawater.no
Kjelder
- Molva molva i FishBase
- Denne artikkelen bygger på «Lange» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Common ling» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Molva molva i Integrated Taxonomic Information System
- Molva molva i FishBase
- Davidson, Alan. Oxford Companion to Food (1999), "Ling". p.454 ISBN 0-19-211579-0
- Marine Fauna Gallery of Norway
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: