Nesset kommune

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Norge
Versjonen frå 14. november 2012 kl. 05:49 av MerlIwBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: sq:Nesset)

Nesset kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar i vest til Rauma, i nordvest til Gjemnes og Molde, i aust til Sunndal og i sør til Lesja i Oppland fylke. I nord ligg Tingvoll kommune nord for Sunndalsfjorden.

Nesset kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Adm.senter Eidsvåg
Areal 1 046,074307281586 km²
 •  vatn 58,01162186449562 km²
Målform Nynorsk
Ordførar Rolf Jonas Hurlen (2007– 31. desember 2019) (H)
Kommunenr. 1543
Kart
Nesset kommune
62°39′31″N 8°07′13″E / 62.658611111111°N 8.1202777777778°E / 62.658611111111; 8.1202777777778
Kart som viser Nesset kommune.
Kart som viser Nesset kommune.
Kart som viser Nesset kommune.
Wikimedia Commons: Nesset
Nettstad: www.nesset.kommune.no

Historikk

Nesset kommune blei oppretta ved formannskapslovene av 1837.

1. januar 1890 blei Nesset kommune delt, då Eresfjord og Vistdal kommune blei oppretta som kommune med 2155 innbyggjarar. Gjenverande Nesset kommune hadde då 1706 innbyggjarar.[1]

1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1.289 innbyggjarar og dåverande Nesset kommune hadde 2360 innbyggjarar. Til saman fekk den nye Nesset kommune 3649 innbyggjarar.[1]

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for noverande Nesset kommune frå 1900:

1900[2] 1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3548 3220 3169 3679 3658 3661 3573 3492 3351 3259 3074

Kyrkjer

Det er to kyrkjer i Nesset kommune, Sira kyrkje i Eresfjord og Nesset kyrkje i Eidsvåg.

Personar med tilknyting til Nesset kommune

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Nesset 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Eresfjord og Vistdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.