Kristiansund kommune
Kristiansund (eldre namn Fosna) er ein bykommune med om lag 22 937 innbyggjarar pr 1. januar 2009 på ytre Nordmøre i Møre og Romsdal. Byen ligg i havgapet og har totalareal på 87 km2 etter samanslåinga med Frei frå den 1. januar 2008. Før kommunesamanslåinga bestod Kristiansund av dei tre øyane Innlandet, Nordlandet og Kirklandet/Gomalandet på til saman 22 km2, samt frå 1964 fiskeværet Grip — eit fråflytta lite fiskerisamfunn og ein gong Noregs minste kommune.
Kristiansund kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Kristiansund | ||
Areal | 87,44, 669,46 km² | ||
• vatn | 1,2371009723004425, 1,23 km² | ||
Folketal | 24 404 (1. januar 2024) | ||
Målform | Bokmål | ||
Ordførar | Kjell Neergaard (2015)[1] (Ap) | ||
Kommunenr. | 1505 | ||
Kristiansund kommune 63°06′41″N 7°43′55″E / 63.11152°N 7.73198°E | |||
Kart som viser Kristiansund kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Kristiansund | |||
Nettstad: www.kristiansund.no |
Venskapsbyar
Geografi
Kristiansund består av fire «land», eller øyar;
- Nordlandet, òg kalla «Marokko», er den største. På denne øya ligg det høgaste fjellet i kommunen, Kvernberget, og flyplassen som har fått namn etter fjellet, Kristiansund lufthamn, Kvernberget.
- Kirklandet eller Kirkelandet er den nest største og blir rekna som eiga øy, sjølv om dette «landet» i våre dagar er landfast med Gomalandet. Kirkelandet kyrkje ligg her.
- Gomalandet med bydelen Goma heng saman med Kirkelandet.
- Innlandet, òg kalla «Tahiti», er den minste av dei fire «landa» i Kristiansund.
I tillegg til desse fire «landa» finst øya Skorpa austom Goma og nordom Nordlandet, og Grip med sine øyar og holmar uti havet nordom Kristiansund.
Frå 1. januar 2008 vart Frei kommune slått saman med Kristiansund. Frei hadde i 2007 5428 innbyggarar.
Historie
Nokre av dei eldste funna frå steinalderen er funne i Kristiansund. Fosnakulturen går heilt tilbake til kring 8000 f.Kr., da fosnafolket drog skinnbåtane sine på land, knekte skjel og veida, og slo seg til ved bredda av Atlanterhavet. Istida var på retur. Desse ytre distrikta vart tidleg isfrie, og i havet fanst rikeleg føde. Ein hadde òg tilgang på flint og andre harde bergartar. Ein har gjort fleire funn frå fosnakulturen i kommunen, blant anna ved Voldvatnet. Det første funnet vart gjort så tidleg som i 1909 av Anders Nummedal.
På slutten av 1600-talet kom frislendaren Jappe Ippes med kunnskapar om tørking av saltfisk til Noreg. Den 11. august 1691 fekk han eit kongeleg privilegiebrev som gav han løyve til å drive med tilverking og eksport av klippfisk i Kristiansund og på Tustna. Det store oppsvinget kom likevel ikkje før skotten John Ramsay overtok etter Jappe. «Alle» fekk arbeide på «bergan». Båtane kom inn frå havet med salta fisk som måtte vaskast. Etterpå skulle fisken fraktast til ny salting og stabling oppe på berga. Fisken vart no liggande i press i rundt to veker for at saltlaken skulle renne av.
Kristiansund fekk offisiell bystatus den 29. juni 1742 av kong Christian VI, under namnet Christianssund. Byen utvikla seg raskt og vart ein føregangsby, særleg på fiskehandel. Dette trekte mange utlendingar til byen, særleg frå England og Skottland. I åra etter 1776 bygde byen opp ein stor skipsflåte med fleire skipsverft og reperbane. Vidare fram mot 1806 hadde næringslivet i Kristiansund ei eksplosjonsarta utvikling, der byen vart tilført enorme rikdommar.
Folketalsutvikling
Kristiansund var den største byen og den største kommunen i Møre og Romsdal etter folketal fram til det første tiåret av 1900-talet, då Ålesund vart større.[2] I 1969 passerte òg Molde i folketal, og Kristiansund har sidan då vore den tredje største kommunen i fylket.[3][4]
Folketalsutvikling for noverande Kristiansund kommune frå 1900:
1900[2] | 1.12.1920[5] | 1.12.1930[6] | 3.12.1946[6] | 1.1.1951[3][7][8] | 1.1.1961[3][7][8] | 1.1.1971[3][7] | 1.1.1981[3][7] | 1.1.1991[3][7] | 1.1.2001[3][7] | 1.1.2010[9] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
13341a | 16609a | 16056a | 14975a | 16537a | 19040a | 21107 | 22132 | 22073 | 22319 | 23238 |
- a Talet omfattar ikkje Dale krins, som var del av gamle Bremsnes kommune fram til 1964, då han vart del av Kristiansund kommune. Dette området hadde då 963 innbyggjarar. Det omfattar heller ikkje krinsane Dale, Bolga og Valen, som var del av gamle Bremsnes kommune fram til 1964, då dei vart del av gamle Frei kommune. Desse områda hadde då 884 innbyggjarar. Talet omfattar ein del av Aspøya som var del av gamle Frei kommune fram til 1964, då det vart overført til Tingvoll kommune. Dette området hadde då 147 innbyggjarar.
Kjende personar frå Kristiansund
Folk frå Kristiansund vert kalla «kristiansundarar».
- John Moses, skipsreiar og medlem av eidsvollsforsamlinga i 1814.
- Wilhelm Frimann Koren Christie (1778–1849), politikar og embetsmann.
- Edvard Bræin (1887–1957), romantisk komponist og folketonesamlar.
- Arnulf Øverland (1889–1968), forfattar.
- Kaare Fostervoll (1891–1981), gymnasrektor, arbeiderpolitikar og første kringkastingssjef.
- Magnar Isaksen (1910–1979), landslagsspelar i fotball (for Lyn), «bronselaget» i Sommar-OL 1936.
- Edvard Fliflet Bræin (1924–1976), modernistisk/nyklassisistisk komponist, musikar og dirigent.
- Ove Borøchstein (1949– ), lærar og forfattar
- Frode Alnæs, pop- og rockemusikar og låtskrivar/gitarist i bandet Dance with a Stranger.
- Øyvind Elgenes, rockemusikar
- Lynni Treekrem (1958– ), pop- og rockemusikar.
- Øyvind Leonardsen, fotballspelar
- Ole Gunnar Solskjær, landslagsspelar i fotball.
Diverse
I 1876 vart sundbåten oppretta i Kristiansund. Dette er ein ferjebåt som fraktar passasjerar mellom dei fire øyane. Båten tar berre nokre få personar, men er vorte eit populært transportmiddel i Kristiansund.
Den lokale avisa heiter Tidens Krav.
Bakgrunnsstoff
Utdanning
Kultur og underhaldning
- Baillsund Bluesklubb
- Caroline kino (Kristiansund kino)
- Dansestudioet Kristiansund
- koret Fosnafolk
- Kristiansund folkebibliotek
- Kristiansund sjakklubb (KSK)
- Kristiansund Storband
- Operaen i Kristiansund - Midtnorsk Musikkteater AS
- Paraplyrevyen
Idrett og friluftsliv
- IL BRAATT Brytegruppa
- Clausenengen fotballklubb
- Kristiansund ballklubb (KBK)
- Kristiansund dykkerklubb (KDK)
- Kristiansund fotballklubb
- Kristiansund håndballklubb
- Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT)
- Kristiansund og omegn golfklubb (KOGK)
Kommunikasjon og transport
Fotnotar
- ↑ «Ordføreren».
- ↑ 2,0 2,1 "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Kristiansund 1. januar kvart år frå 1951 til 2008, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Folkemengd i Molde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Folkemengd på Frei 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 8,0 8,1 Folkemengd på Grip 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Folkemengd i Kristiansund 1. januar kvart år frå 2008, frå Statistisk sentralbyrå