Midt-Noreg er ei ny nemning på eit ikkje klart definert område i Sør-Noreg og som kan inkludere grenseområde i landsdelane Vestlandet, Austlandet og Nord-Noreg i tillegg til heile Trøndelag. I den snevraste tydinga omfattar det berre landsdelen Trøndelag som omfattar Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, Mest vanleg er det i tillegg å ta med heile eller delar av Møre og Romsdal fylke, særleg Romsdal og Nordmøre, og til tider sørlege delar av Nordland og Nord-Østerdal.

Omgrepet blir bruka ein del, men utover at området fell rettsleg saman med Frostating lagdømme, Helse Midt-Noreg og Statens vegvesen, region midt[1], har ikkje området formell status som landsdel i dag. Møre og Romsdal fylke blir vanlegvis rekna som ein del av Vestlandet i statistisk og næringspolitisk samanheng. Når det gjeld formelle inndelingar, er Møre og Romsdal eiga eining, per 2006 i form av eit einskapsfylke, og meiningsmålingar viser at fleirtalet i folket i fylket vil at det framleis skal vere eiga eining også etter ei eventuell regionreform er gjennomført. Møre og Romsdal er også med i helse Midt-Noreg.

Merk at Midt-Noreg er ein del av Sør-Noreg.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.