Nesset kommune
Nesset kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar i vest til Rauma, i nordvest til Gjemnes og Molde, i aust til Sunndal og i sør til Lesja i Oppland fylke. I nord ligg Tingvoll kommune nord for Sunndalsfjorden.
Nesset kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Eidsvåg | ||
Areal | 1 046,074307281586 km² | ||
• vatn | 58,01162186449562 km² | ||
Målform | Nynorsk | ||
Ordførar | Rolf Jonas Hurlen (2007– 31. desember 2019) (H) | ||
Kommunenr. | 1543 | ||
Nesset kommune 62°39′31″N 8°07′13″E / 62.658611111111°N 8.1202777777778°E | |||
Kart som viser Nesset kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Nesset | |||
Nettstad: www.nesset.kommune.no |
Historikk
Nesset kommune blei oppretta ved formannskapslovene av 1837.
1. januar 1890 blei Nesset kommune delt, då Eresfjord og Vistdal kommune blei oppretta som kommune med 2155 innbyggjarar. Gjenverande Nesset kommune hadde då 1706 innbyggjarar.[1]
1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1.289 innbyggjarar og dåverande Nesset kommune hadde 2360 innbyggjarar. Til saman fekk den nye Nesset kommune 3649 innbyggjarar.[1]
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Nesset kommune frå 1900:
1900[2] | 1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5][6] | 1.1.1961[5][6] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3548 | 3220 | 3169 | 3679 | 3658 | 3661 | 3573 | 3492 | 3351 | 3259 | 3074 |
Kyrkjer
Det er to kyrkjer i Nesset kommune, Sira kyrkje i Eresfjord og Nesset kyrkje i Eidsvåg.
Personar med tilknyting til Nesset kommune
- Bjørnstjerne Bjørnson, forfattar (budde ei stund i kommunen, men var frå Kvikne)
- Kurt Asle Arvesen, syklist
- Tommy Eide Møster, fotballspelar
Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Nesset 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 6,0 6,1 Folkemengd i Eresfjord og Vistdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå