Store norske leksikon

norsk leksikon
Versjonen frå 11. mars 2012 kl. 12:19 av ZéroBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: pl:Store Norske leksikon)

Store norske leksikon (forkorta SNL) er eit leksikonverk i fleire bind på bokmål. Det noverande leksikonet oppstod i 1978, då forlaga Aschehoug og Gyldendal slo sin leksikonverksemd saman. Utgjevaren Kunnskapsforlaget har framleis dei to forlaga som hovudeigarar.

Nedgangen i kommersiell leksikonbransje på 1990-talet ramma Kunnskapsforlaget hardt, og lenge var det tvil om dei ville klare å gje ut ei fjerde papirutgåve av leksikonet. Etter at stiftinga Fritt Ord bevilga ti millionar kroner i 2003 satte utgjevaren i gang produksjonen, og forlaget hadde i februar 2006 selt 7 500 sett av leksikonet.

Den fjerde utgåva av SNL kom ut frå januar 2005 til april 2007; ho består av 16 bind, på om lag 12 000 sider og med om lag 150 000 artiklar. Verket har 2 000 tabellar, 800 kart og 15 000 illustrasjonar.

SNL kom i nettutgåve frå 2000, og fekk etter kvart fleire hundre tusen private brukarar og institusjonsbrukarar. På grunn av svikt i annonseinntektene vedtok eigarane i mars 2010 å avvikle drifta av nettstaden storenorskeleksikon.no med virkning frå 1.7.2010. Kunnskapsforlaget vil heretter konsentrere seg om å gje ut ordbøker.[1]

Bakgrunnsstoff

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.