Religion
Ein religion (latin religio; moglegvis re- ‘atter-’, ‘igjen-’ + ligare ‘binda’; binding mellom gud(ar) og menneske) er eit samanhengande trussystem som oftast inkluderer tru på ein eller fleire gudar og/eller overnaturlege fenomen. Religionar inneheld ofte ei spesifikk morallære og spesifikke seremoniar eller ritual for kontakt med det transcendente (overnaturlege). Tidlegare relionar, som ingen trur på lenger, vert ofte klassifiserte som mytologi.
Dei store verdsreligionane
- Sjå òg verdsreligion.
- Bahá'í
- Buddhismen
- Hinduismen
- Islam
- Jødedommen
- Kristendommen
- Sikhismen
- Parsismen
- Paganisme
- Sekter og religiøse rørsler
- Voodoo
Ein del eldre religionar som av ulike grunnar er utdøydde er framleis viktige for å forstå historia og eldre kulturar. Nokre av desse er i moderne tid vortne attoppliva i ny form:
- Norrøn religion (åsatru)
- Egyptisk religion
- Gresk religion (Hellênismos)
- Romersk religion (Religio Romana)
- Wicca