Molde kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
Versjonen frå 5. september 2004 kl. 08:39 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

Molde er ein bykommune i Romsdal i Møre og Romsdal, 362 km², 23 975 innb. (oktober 2002). Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden, og dessutan øyane Sekken (18,45 km²), Veøy (1,1 km²) og Bolsøy (4,9 km²).

Molde kommune
kommune
Land  Noreg
Areal 362,0 km²
 •  vatn 6,795404426523681, 65,56 km²
Målform bokmål, nynorsk
Ordførar Torgeir Dahl (2011)[1] (Høgre)
Kommunenr. 1506
Kart
Molde kommune
62°44′00″N 7°11′00″E / 62.733333°N 7.183333°E / 62.733333; 7.183333
[[Fil: NO 1506 {{{namn}}}.svg |200 px|none| Kart som viser Molde kommune. ]]
Kart som viser Molde kommune.
Wikimedia Commons: Molde
Nettstad: www.molde.kommune.no

Molde har eit berømt utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742. Bykjernen vart hardt skadd ved bybrannen den 21. og 22. januar 1916, og seinare ved tysk bombing i april 1940 (285 bygningar totalskadd). Vart attreist med store forretningsgårdar langs breie gater.

Byen er Romsdals sentrum og fylket Møre og Romsdals administrasjonsby; bispesete frå 18. september 1983.

Industrien omfattar m.a. Oskar Sylte Mineralvannfabrikk (kjend for en god ananasbrus), skipsverft og annan verkstadindustri, samt ein stor lysarmaturfabrikk (Glamox). Her ligg òg ein høgskole (tidlegare ei avdeling av distriktshøgskulen i fylket), stort sjukehus, flott fotballstadion, Romsdalsmuseet og den gamle storgarden Moldegård, amtmannsbolig frå 1704, modell for Ibsens "Rosmersholm". Molde blir vitja av mange turistar, og mest hektisk er det under jazzfestivalen midt i juli.

1890-åras idyll med småe hus og store, bugnande hagar, gav Molde tilnamnet "Rosenes by".

Molde er òg kjend for fotballaget sitt, Molde Fotballklubb, som i mange år har hevda seg helt i toppen (med Champions League-spel i 1999 som høgdepunkt).

Molde lufthamn ligg på Årø austom byen. Byen er hamn for hurtigruteanløp.

Venskapsbyar

Eksterne lenkjer

  1. «Ordfører Torgeir Dahl».