Jølster kommune
Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstadar i Jølster; Vassenden og Skei. Vassenden er i nyare tid den største av dei to, noko som truleg kjem av nærleiken til byen Førde. Skei er kommunesenteret, men ligg lengre unna større senter og har eit mindre tilfang av innflyttarar.
Jølster kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Skei | ||
Areal | 670,8659042731985 km² | ||
• vatn | 50,13966342060035 km² | ||
Målform | Nynorsk | ||
Ordførar | Oddmund Klakegg (2011– 31. desember 2019) (Sp) | ||
Kommunenr. | 1431 | ||
Jølster kommune 61°32′30″N 6°24′32″E / 61.541667°N 6.408889°E | |||
Kart som viser Jølster kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Jølster | |||
Nettstad: www.jolster.kommune.no |
Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg om lag 200 moh. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jolmster» som tyder bråk og larm.
Kommunen grensar i nord til Gloppen og Stryn, i aust til Luster og Balestrand, i sør og i vest til Førde, og i nordvest til Naustdal.
Ein person som kjem frå Jølster vert kalla jølstring.
Geografiske og politiske skiljeliner
Då tettstaden Vassenden ligg i den nedre (vestlege) delen av bygda og Skei ligg i den indre (austlege) delen, snakkar ein ofte om Indrebygda (soknar til Skei) og Nedrebygda (soknar til Vassenden). Denne skiljelina er heilt grunnleggande, då ein allereie i seksårsalderen vert gruppert til ein av dei to barne- og ungdomsskulane i kommunen; anten på Skei eller på Vassenden.
Denne skiljelina er òg ei tradisjonell politisk konfliktline, som mellom anna har ført til at ein tidlegare berre hadde to bygdelister ved kommunevalet, ei for kvart kyrkjesokn. Desse listene er ikkje lenger i bruk, men førte mellom anna til ein tradisjon i dei største partia i kommunen om å sørgje for god representasjon av personar med postnummer frå begge hovudbygdene (Skei og Vassenden).
Ein kan sjå at målet i Indrebygda ber preg av å vere påverka av nordfjordsmål, medan målet i Nedrebygda er påverka frå Førde-regionen. (Les: Jølstramål)
Eit anna geografisk uttrykk som ofte vert nytta er Sørsida, som er eit namn på grendene på den sørlege sida av Jølstravatnet. Riksvegen går på den nordlege sida av vatnet.
Politikk
Senterpartiet er det dominerande partiet i kommunestyret med 9 av 25 representantar. Like etter følgjer Arbeidarpartiet (fem representantar), Venstre (fire representantar) og Framstegspartiet (to representantar). Høgre, Kristeleg Folkeparti og SV er òg representerte i kommunestyret.
Næringsliv
Dei største næringane i kommunen er jordbruk, turisme og byggeverksemd. I tillegg er Jølster ein kraftkommune med eit stort kraftverk i Stakaldefossen og eit nytt kraftverk under utbygging (pr. 2005) i området rundt Kjøsnesfjorden.
Jordbruket i Jølster har lange og gamle tradisjonar, men meir overraskande er det nok at turismen òg har eit historisk fotfeste i området. Dei to hotella på Skei og Vassenden dukka opp rundt hundreårskiftet mellom 1890 og 1910, men lenge før den tid har ein drive skysstasjonar og breføring for spenningssøkande turistar som skulle utforske den norske fjellheimen eller ta seg opp på breen. Tradisjonane held seg, og eit klart fleirtal av føretaka i kommunen driv i dag med turisme, men då hovudsakleg overnatting og camping.
Byggeverksemda er ein nykommar i næringslivet til samanlikning med dei to andre, og har kome i kjølvatnet av utviklinga av byen Førde som regionalt handlesenter.
Grender i Jølster
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Jølster kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2887a | 2906a | 2925a | 2813a | 2630a | 2558 | 3002 | 2990 | 2968 | 2981 |
Kjende jølstringar
Kunst og kultur
- Nikolai Astrup (1880-1928) vart fødd i Bremanger, men voks opp i Jølster, der faren var prest. Nikolai Astrup er rekna som ein av dei største norske kunstnarane frå tidleg 1900-tal, og fleire av bileta has er selde på auksjonar for kring 4 millionar kroner.
- Ludvik Eikaas (f. 1920) vart fødd på Eikås i Jølster. Han vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet grunna arbeidet has med måling, skulpturar og særleg grafikk. Vart professor på Kunstakademiet i Oslo i 1970. Fekk eit eige kunstmuseum, Eikaasgalleriet oppkalla etter seg då han gav ei stor samling kunst til kommunen.
- Audhild Viken (1915-2000) kjem frå Skei i Jølster. Ho tufta bedrifta Audhild Vikens Vevstove, som spesialiserar seg på sal av tradisjonelt norsk handverk og suvenirar.
- Sigmund Eikaas (f. 1947), prisvinnande hardingfele-spelemann frå Jølster. Tidlegare leiar i Landslaget for spelemenn.
- Linda Øvrebø (f. 1966), operasongarinne frå Jølster kommune.
- Oddleiv Apneseth (f. 1955), prisvinnande fotograf, tilsett i Bergens Tidende.
Politikarar
- Atle Hamar (f. 1963) frå Vassenden i Jølster er direktør i Lotteritilsynet og Venstrepolitikar. Han er tidlegare leiar i Unge Venstre (1988-1990). Han er òg medlem i Jølster kommunestyre og fylkestinget i Sogn og Fjordane.
- Ottar Befring, fylkesmann i Møre og Romsdal, er frå Stardalen i Jølster.
Historiske skikkelsar
- Audun Hugleikson (f. kring 1240), baron og stormann i kongeriket Noreg på 1200-talet, kom frå Jølster, der Audun Hugleiksonspelet går annankvart år med skodespelarar som t.d. Bjørn Sundquist.
Ordførarar
Ordførarar i Jølster | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
1838-1842 Thor Hanson Veiteberg |
1842-1844 Samuel N. Dvergsdal |
1844-1848 Anders E. J. Aalhus |
1848-1856 M. S. T. Fasting |
1856-1858 Samuel N. Dvergsdal |
1858-1861 Anders E. J. Aalhus | ||
1862-1864 Ludv. G. Klakegg |
1864-1872 Nils O. Øvrebø |
1872-1874 Anders K. Myklebust |
1874-1876 Anton K. Øygard |
1876-1878 Bendikt J. Nedrebø |
1878-1880 Anders K. Myklebust | ||
1880-1890 Sjur B. Heggheim |
1890-1892 Ole O. Viken |
1892-1899 Nils S. Dvergsdal |
1899-1911 Sjur B. Heggheim |
1911-1920 T. H. Veiteberg |
1920-1929 Ludv. D. Klakegg | ||
1929-1937 Nils O. Øvrebø |
1937-1942 A. K. Øygard |
1945-1951 A. K. Øygard |
1952-1965 Nils J. Helgheim |
1966-1973 Erling Slåtten |
1974-1981 Sverre P. Befring | ||
1982-1985 Anders Helgheim |
1986-1987 Arne Sandnes |
1988-1991 Normann Aarseth |
1992-1995 Knut O. Øygard |
1996- Gerd Dvergsdal |
Bakgrunnsstoff
Litteratur
- Finn Borgen Førsund - JØLSTER. Hundre år med bygd og bank.
Les òg
- Fylkesleksikonet: Jølster (NRK)
- Kommunefakta: Jølster (SSB)
- Alle nettstadane frå Jølster (Open Directory Project)
- Jølster Kommune (Offisiell nettstad)
- Dagogtid.no: Dersom Gaza låg i Jølster (Kommentar)