Wolfsburg
Wolfsburg er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 130 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Aller nordaust for Braunschweig. Wolfsburg grenser til landkreisane Gifhorn og Helmstedt.
Wolfsburg | |
---|---|
Gamlebyen i Wolfsburg | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Niedersachsen Ingen Kreisfri by |
Grunnlagd | 1938 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
204,02 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
120 881 592/km² |
Koordinatar | 52°25′0″N 10°47′0″E / 52.41667°N 10.78333°E |
Høgd over havet | 63 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 38400-38448 |
Telefon-retningsnummer | 05361-05363, 05365-05367, 05308 |
Bilnummer | WOB |
Heimeside: www.wolfsburg.de |
Byen er ung og vart planlagt av nazistane som ein by for arbeidarane på fabrikkane til Volkswagen. Han vart grunnlagd i 1938 som Stadt des KdF-Wagens (Byen for KdF-bilen) rundt landsbyen Hesslingen i Gifhorn. Kraft durch Freude (forkorta KdF og tyder «styrke gjennom glede») vart ein tysk statskontrollert fritisorganisasjon, og eit av prosjekta var KdF-Wagen, som seinare vart kjend som Volkswagen Boble. Under den andre verdskrigen var det òg jeepar, fly og andre militærutstyr som vart bygd, hovudsakleg av slavearbeidarar og krigsfangar.
Etter den andre verdskrigen, i 1945, fekk byen sitt noverande namn etter Wolfsburg Slott, som ligg i byen. Det vart bygd rundt 1300 ved breidda av elva Aller. Eit anna slott vart òg bygd her etter 1600. I 1951 vart Wolfsburg ein kreisfri by. I november 2003 vart Wolfsburg omdøypt til Golfsburg i ei veke for å feire femtegenerasjonen av Volkswagen Golf.
Wolfsburg manglar historiske bygningar og attraksjonane i byen er nyare bygningar som Autostadt (eit stort bilmuseum i friluft), eit planetarium, Phaeno vitskapssenter og eit privat kunstmuseum (Kunstmuseum Wolfsburg) spesialisert på moderne kunst og samtidskunst.
Wolfsburg har gjennom tidene vorte rekna som ein uinteressant by i Tyskland utan kultur og turistattraksjonar, og har lenge heller ikkje hatt ein aktiv turistindustri. Med Autostadt, som opna i 2000 med fleire individuelle bilmuseum, restaurantar og eit hotell, og Phaeno vitksapssenter har fleire turistar byrja å trekke til byen.
Nokre nabobyar vart innlemma i Wolfsburg i 1972, som Fallersleben som i dag er ein bydel i Wolfsburg. Fallersleben var heimstad til August Heinrich Hoffmann (ofte berre kalla Hoffmann von Fallersleben), som skreiv teksten til den tyske nasjonalsongen (Das Lied der Deutschen).
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Wolfsburg frå Engelsk Wikipedia .