Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda (HVO) ligg like utanfor sentrum i Volda kommune i Møre og Romsdal. Høgskulen har rundt 2.500 studentar og er den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim.

Skulen er kjend for å ha lærar- og medieutdanning. I tillegg kan ein ta bachelorgrad innan fleire humanistiske og samfunnsfag. HVO tilbyr i 2005 tre mastergrader: nynorsk skriftkultur, samfunnsplanlegging og spesialpedagogikk.

Høgskulen i Volda har òg eit aktivt studentmiljø som mellom anna gjev utslag i student-VEKA og ein dokumentarfilmfestival kvart år.

Bakgrunnsstoff