Sandøy kommune

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
Versjonen frå 13. januar 2011 kl. 21:43 av WikitanvirBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot endra: pl:Sandøy)

Sandøy kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Haram i sør, til Midsund i aust og til Aukra i nord. Kommunen vart skilt ut frå Aukra i 1867, og har sine noverande grenser frå 1965 då den sørlege delen av Harøya som høyrde til Haram vart overført til Sandøy. Sandøy er den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal, noko han har vore sidan Tustna kommune vart slått saman med nabokommunen Aure i 2006.

Sandøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Adm.senter Steinshamn
Areal 21,43146802661983 km²
 •  vatn 0,0702015200161747 km²
Målform Nynorsk
Ordførar Oddvar Myklebust (2015– 31. desember 2019) (Ap)
Kommunenr. 1546
Kart
Sandøy kommune
62°45′40″N 6°27′05″E / 62.761111111111°N 6.4513888888889°E / 62.761111111111; 6.4513888888889
Kart som viser Sandøy kommune.
Kart som viser Sandøy kommune.
Kart som viser Sandøy kommune.
Wikimedia Commons: Sandøy
Nettstad: www.sandoy.kommune.no

Administrasjonssenteret i kommunen er Steinshamn, som ligg nord på Harøya.

Det er to kyrkjer i Sandøy kommune; Sandøy kyrkje og Harøy kyrkje som høvesvis er plasserte på Sandøya og Harøya.

Haramsnytt er lokalavis for Sandøy og Haram kommune.

Geografi

Sandøy er ein øykommune, og er den kommunen med minst flatevidd i Møre og Romsdal. Flesteparten av øyane i kommunen er flate og myrlendte, der seks av desse er busette. Harøy på 13,6 km² er den største øya i kommunen og utgjer kring 60 % av flatevidda. Her ligg administrasjonssenter for kommunen og størstedelen av folkesetnaden bur her. Ut mot havet ligg øyane Ona og Husøy, Sandøy og Finnøy ligg nordaust for Harøya, og Orten ligg aust i kommunen. Det høgaste punktet i Sandøy er Harøyburet på 156 moh. som ligg på Harøy.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet til Sandøy vart godkjent 1986. Våpenet synar på blå botn tre spissar i sølv som møtest på høgre skjoldkant og illuderer ljos frå fyrtårn.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff