Måndalen

Versjonen frå 9. januar 2010 kl. 22:06 av Thesam (diskusjon | bidrag)

Måndalen er ei bygd i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Bygda har omlag 900 innbyggere og er sentret på sørsida av Romsdalsfjorden i kommunen. Bygda omfattar Voll, Samset, Bruaset, Skare, Venås, Bø, Moen, Roknem, Skeie, Sæbø, Oterholm, Søvika og Hovde. Sentrum i bygda ligg på Voll.

I tillegg til tradisjonelt jordbruk har bygda lang tradisjon med konfeksjon og trevare. Mest kjent er Wenaas og Måndalen trevare. Bygda har fleire bygg- og anleggsfirma, i tillegg til transportfirma. Investeringsselskapet Wenaas-gruppen har sitt hovudkontor på Voll. Det er eit av Noregs største innanfor hotelleigendom. Tidligare hadde bygda ein sportsfiskereidskapsindustri. Dei mest kjente produkta var Møre-Silda, Søvik-svivel og Oterlinen Record.

Bygda har skolemed skoletrinna 1 - 10 og barnehage, aldersheim med 22 plassar, eit bakeri og ein frisørsalong, daglegvarebutikk med post, småbåthamn, kai med stupetårn, kafe, campingplass, badeplass og bensinstasjon.

Nede ved fjorden ligg Voll kyrkje, ei trekyrkje frå 1896.

Måndalen idrettslag (MIL) har ei aktiv fotballgruppe. Laget spelte i 3. divisjon i sesongane 2007-2009. Laget bygde i 2009 Måndalshallen som er ein idrettshall med kunstgras.

For den som er tur/fjell-interesserte, sel turgruppa i Måndalen idrettslag turorienteringskart på den lokale butikken(mai-oktober). Den viser kartreferansar til aktuelle fjellvatn, fjelltoppar og setrer. Stigar er merkte på kartet.

Forsamlingslokale:
- Måndalen ungdomshus - Råkjè,
- Måndalen bedehus,
- Idrettshuset (tidl. Go`bit`n kafe)

Måndalen har eigen brannstasjon underlagt Rauma Brannvesen.

Elva Måna renn gjennom bygda og ut i Vollabukta ved Måna camping. Den viktigaste sideelva er Vemora. Det går laks både i Måna og til tider i nedste del av Vemora.

Tørla vassverk er det lokale vassverket. Drikkevatnet kjem frå Svartevatnet og inntaket er i elva Tørla. Det blir distribuert i nesten heile bygda inklusive Hovde og Søvika.

Bygda har fostra nasjonalt kjente personar: Oddgeir Bruaset, Professor Ingvald Raknem, Misjonær Knut Samset.

Eksterne lenker

Måndalen vel