Stadieveksling: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
s Skrivefeil |
Retta ref. |
||
Line 1:
'''Stadieveksling''' er ein grammatisk prosess som førekjem i dei [[samiske språk|samiske språka]] nord for [[
Stadieveksling kan bli karakterisert som «konsonantismen sitt motstykke til [[omlyd]]». Det prototypiske fallet har vi i tostavingsstammar, der ein ustemt lukkelyd (''p, t, k'') initialt i den siste stavinga blir lukka av eit suffiks, og som følgje av det blir stemt (i prinsippet ''b, d, g'', men i moderne finsk får vi '' v, d, Ø''). Dermed har vi finsk ''tapa'' ‘vane’, ''katu'' ‘gate’, ''joki'' ‘elv’, som i genitiv, som lukkar stavinga med suffikset ''-n'', blir til ''tavan, kadun, joen''. Dette er døme på kvalitativ stadieveksling. Vi har også kvantitativ stadieveksling, ''kuppi'' ‘kopp’, ''hattu'' ‘hatt’, ''takki'' ‘frakk’ blir i genitiv ''kupin, hatun, takin''. Stadieveksling i selkupisk minnar sterkt om den finske, vi har ''kätto'' ‘tarm’, genitiv ''kädön''. Konsonanten i open staving blir kalla '''sterkt stadium''', mens den i lukka staving blir kalla '''svakt stadium'''. I dei moderne språka har stadieveksling vorte ei [[morfologisk veksling]] — vi kan ha sterkt stadium også i open staving og svakt stadium i lukka, som i finsk nominativ/genitiv ''liike / liikkeen'' ‘rørsle’. Her har det tidlegare vore ein final lukkelyd, vi har hatt ''*liikeʔ / liikkeʔen'', med sterkt stadium i open staving, som forventa, i dag er dei fonologiske vilkåra endra, men stadievekslinga har halde seg uendra.
|