Diskusjon:Hangarskip: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Ekko (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
Nidator (diskusjon | bidrag)
Svar
 
Line 9:
::Hm, sjølv om skipet nyttar VTOL-fly som Harrier, så har dei vel ein plass flyet tar av frå og landar på? Kanskje me skal skrive «landingsbane/-plass»? Og mange hangarskip nytar vel katapult '''og''' startbane? Berre katapult, var ikkje det noko slagskip hadde til rekognoseringsflya sine under 2. verdskrigen? Det som er feil (i mine auge) med «hangarskip er eit større skip», utan å seie kva det er større enn, er at det er slapp og innhaldslaus språkføring. Dei er vel i røynda dei største krigsskipa som finst, med unnatak for eit eller to gamle slagskip frå USA? Så eg vil ha ei presis opplysing her. --[[Brukar:Ekko|Ekko]] 20:14, 13 juni 2007 (CEST)
 
:::Ja, den formuleringa kan me kanskje nytta. Det er tre forskjellege typar hangarskip i teneste i verda i dag, STOVL (kort take-off, oftast med "skihopp", og vertikal landing), STOBAR (kort take-off med "skihopp" og wire-landing på skråstilt landingsbane) og CTOL/CATOBAR (katapult-take-off og wire-landing på skråstilt landingsbane). Kanskje me òg burdeburda ta med "katapult/startbane", men då vert det litt rotut. Det var det eg ynskte å sleppa unna med ein meir vidtfemnande definisjon. Når det gjeld "større", "stort" eller "størst" så er ikkje det så nøye for meg. Det er mogleg at det er noko eg tok med meg frå bokmål då eg skifte, men eg trudde at å skriva "større" meir eller mindre var det same som å skriva "blant dei største" (av krigsskipa). Missilkryssarane i ''Kirov'' klassen er for eksempel større enn det spanske hangarskipet (''Principe de Asturias''), men reint generelt er jo hangarskipa dei største. -- [[Brukar:Nidator|Nidator]] 09:56, 14 juni 2007 (CEST)
 
::::"blant dei største" er vel sikkert presist nok. Opprekninga di i starten på replikken over bør med i artikkelen, interessant. --[[Brukar:Ekko|Ekko]] 10:09, 14 juni 2007 (CEST)
 
:::::Då er me einige om det. Eg skal sjå om eg finn ei kjelde eg kan leggje til saman med opprekninga. -- [[Brukar:Nidator|Nidator]] 10:24, 14 juni 2007 (CEST)
Tilbake til siden «Hangarskip».