Utviklinga av traktoren: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Line 101:
Det kom mange små traktorar på 1950-talet, noko som førte til at òg mindre gardsbruk kunne bytta ut [[hest]]ane med traktor. For mange var den fyrste traktoren ein brukatraktor, som eit større gardsbruk hadde bytta inn for ein større modell. Mange av dei nye traktoreigarane hadde lita eller inga erfaring med motorkøyretøy før dei kjøpte eigen traktor. Dette førte til mange stygge ulykker, der velteulykkene var dei verste. For å redusera skadane innførte [[Sverige]] i 1959, som det fyrste landet i verda, påbod om at alle nye traktorar skulle vera utstyrte med godkjent veltesikker [[vernebøyle]]. I [[Noreg]] kom det eit slikt påbod i 1964<ref>Tangen, E., ''Veltebøylens far'', Stålstuten, nr 3, 2014.</ref>.
 
Det var òg på 1950-talet at jordbrukstraktorane fekk gjennomslag som skogstraktorar. I fyrstninga vart dei utstyrte med [[hjulkjetting|kjettingkjettingar]] og eintromla [[vinsj]]ar og/eller [[tilhengar]]ar, men etter kvart vart det meir vanleg med [[Beltekøyretøy#Belte for traktor|halvbelte]], totromla vinsjar, [[lunningspanne]]r, [[tømmerkran]]er, bukplater, og so vidare. Dette var starten på meir spesialiserte [[skogsmaskin]]ar som vart utvikla utover 1960-talet. Det var òg i dette tiåret at ein tok til med å montera [[traktorgravar|gravemaskinar]] og [[frontlastar]]ar på jordbrukstraktorar.
 
=== 1960-åra ===