Utviklinga av traktoren: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Line 72:
I byrjinga av 1930-talet var det nedgangstider og mange av dei små traktorprodusentane forsvann. Utviklinga med overgang til blokkbygde traktorar heldt fram og fleire tyske traktorar vart utstyrte med [[dieselmotor]]ar. I USA tok og nokre produsentar, som Caterpillar, til å nytta dieselmotor.
 
Ei viktig utvikling på 1930-talet var at det vart mogleg å nytta luftfylte dekk. Den franske produsenten Latil var tidleg ute med luftfylte dekk, men dei hadde liten diameter og høgt lufttrykk, så dei vart ofte nytta med kjettingar. Det skal ha vore fruktdyrkarar i [[California]] som fyrst monterte lågtrykksdekk, frå fly, på traktorar. Allis Chalmers vart merksame på desse eksperimenta og innleia eit samarbeide med dekkprodusenten [[Firestone]], som tok til å produsera modifiserte flydekk med det ein i dag kjenner som «traktormønster». Allis Chalmers var òg den fyrste produsenten som tilbaud lågtrykksdekk som ein opsjon på ein serieprodusert traktor: Allis Chalmers U, som kom i 1932, kunne leverast med jarn- eller gummihjul <ref name="Swindford">Swindford, N., ''Allis-Chalmers farm equipment 1914-1985'', The Americal Society of Agricultural Engineers, 1994.</ref>. Gummihjula var kostbare i starten og det tok nokre år før kundane såg nytten av å bytta ut jarnhjula med lågtrykks gummihjul. Kvaliteten var òg dårleg i starten, så punkteringar var vanleg. Men etter som kvaliteten auka og prisen gjekk ned gjekk fleire og fleire over til gummihjul. Dette førte til at traktorane kunne nyttast til transport på offentleg veg og bruksområdet vart med eitt kraftig utvida.
 
Ei anna viktig utvikling var innføringa av [[trepunktsoppheng]]et og automatisk [[djupnregulering]]. Det var iren [[Harry Ferguson]] som i 1933 presenterte ein prototype med trepunktsoppheng og automatisk djupnregulering. «The Black Tractor», som han vart kalla, lyfta reiskapen med ei kraft akkurat stor nok til at han heldt seg på rett djup, utan bruk av [[djupnhjul]]. [[Dreiemoment|Momentet]] om bakakselen på grunn av den nedoverretta krafta i trekkstengene førte til ei oppoverretta kraft på framparten på traktoren som reduserte marktrykket på framhjula. Resultatet var at marktrykket på bakhjula auka, noko som i sin tur førte til auka trekkraft. Samstundes førte trykket i [[toppstag]]et til at traktoren ikkje stegla. Ferguson utførte mange demonstrasjonar og tilskodarane var ofte imponerte over trekkrafta til ein så liten traktor. Likevel var det få som skjøna kor revolusjonerande dette systemet var og gardbrukarane var lite huga på å investera i nytt reiskap, som var naudsynt for å dra nytte av trepunktsopphenget. Det var fyrst i 1936 at traktoren vart sett i produksjon og da saman med [[tannhjul]]sprodusenten David Brown i [[Huddersfield]]. Traktoren var kostbar i høve til konkurrentane og salet gjekk tregt. Trepunktsopphenget fekk difor ikkje noko særleg betyding på 1930-talet. Det vart levert 29 Ferguson-Brown til Noreg.