Utviklinga av traktoren: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Line 45:
I 1913 introduserte Wallis Tractor Company den fyrste traktoren i historia utan ramme. I staden for ramme hadde Wallis Cub ein berande U-profil som var valsa ut av kjelestål, som motoren og [[girkasse]]n var bolta til. Med unnatak av den siste utvekslinga til drivhjula var heile drivverket innkapsla og gjekk i oljebad. I 1915 kom Wallis Cub Junior, der den siste utvekslinga òg var innkapsla. Denne konstruksjonen tente som mal for blokkbygde traktorar, som Fordson F, som kom i 1917, den finske traktoren Kullervo, som kom i 1918, og so vidare.
 
I tillegg til dei store prærietraktorane, kom det òg mange mindre traktorar på marknaden i denne perioden. International Harvester Mogul 8-16 og Allis-Chalmers 10-18, som begge kom i 1914, var mellom desse. Andre kjente «småtraktorar» var Bull frå 1913, Happy Farmer frå 1915 og Waterloo Boy frå 1916. På denne tida var det ikkje semje om kva som var den beste byggemåten og det dukka opp mange rare framtoningar. Ein type hadde eit stort drivhjul bak og to mindre framhjul, som styrte og heldt balansen. Ein grunn til at denne byggemåten fekk ei viss utbreiing var at når det var berre eit drivhjul trong ein ikkje [[Differensialgir|differensial]], så prisen vart lågare. Men sjølv med stor sporvidd på framakselen var stabiliteten ikkje den beste og nokre produsentar, som til dømes Bull nytta to bakhjul og eit framhjul, men berre eit av bakhjula hadde drift. Denne byggemåten vart gradvis mindre utbreidd utover mot 1920, men nokre føretak heldt fram med å laga slike traktorar noko inn på 1920-talet.
 
I 1917 tok produksjonen av [[Fordson]] F til, men den britiske regjeringa kjøpe dei 6000 fyrste traktorane, så han vart ikkje allment tilgjengeleg før i 1918. På same vis som Wallis Cub hadde ikkje Fordson F ramme, men motor, girkasse og bakaksel var bolta saman til ei stiv eining. I tillegg til ein moderne konstruksjon vart Fordson F produsert på samleband og var difor mykje billigare enn konkurrerande traktorar. For å halda prisen låg var han òg svært enkelt utstyrt. Dei fyrste versjonane hadde ikkje ein gong skjermar.