Matterhorn: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.3
Line 29:
Matterhorn var av dei siste store fjellet i Alpane som [[fjellklatring|fjellklatrarar]] nådde toppen av. Fjellet var ikkje teknisk vanskelegare enn andre fjell, men skapte ei frykt hos dei tidlege fjellklatrarane. Den første seriøse forsøket vart gjort rundt [[1857]], hovudsakleg frå den italienske sida, men sjølv om det ikkje ser sånn ut er sørsida vanskelegare og klatrelaga måtte gje opp fleire forsøk.
 
Først i [[14. juli]] [[1865]] klarte [[Edward Whymper]], [[Charles Hudson]], Francis Douglas og Robert Hadow, saman med [[Michel Croz]] og to stykk [[Peter Taugwalder]] (far og son med same namn) å nå toppen. Dei gjekk langs Hörnliryggen og oppdaga at dette var lettare enn dei trudde på førehand. På veg ned døydde glei Hadow, slo Croz overende og drog Hudson og Douglas med seg. Tauet som hang fast i dei tre andre slitna og dei fire fall ned på Matterhornbreen 1 400 meter under dei og omkom. Likene til alle bortsett frå Douglas vart funne og gravlagd på kyrkjegarden i Zermatt. Klatreturen vert rekna som den siste i den såkalla gullalderen i britisk/europeisk fjellklatring.
[[Fil:Matterhorn.jpg|center|400px|mini|Matterhorn (frå nær Gornergrat)]]
Tre dagar seinare, [[17. juli]] nådde eit lag leia av Jean-Antoine Carrel toppen frå den italienske sida. I [[1871]] vart Lucy Walker den første kvinna på toppen av fjellet, eit par veker før rivalen hennar Meta Brevoort.