Jefferson Airplane: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2 |
Rescuing 4 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.3 Merke: Attenderulla |
||
Line 14:
'''Jefferson Airplane''' var eit amerikansk [[rock]]eband skipa i [[San Francisco]] i 1965. Dei var pionerar innan [[psykedelisk rock]], og var det første bandet frå [[San Francisco Sound|San Francisco-miljøet]] som slo igjennom og fekk kommersiell og kritisk suksess.
Bandet spelte på alle dei tre kjende amerikanske [[rockefestival]]ane i 1960-åra, [[Monterey Pop Festival|Monterey]] (1967), [[Woodstockfestivalen|Woodstock]] (1969) og [[Altamont Free Concert|Altamont]] (1969),<ref>{{Citation |title=Blogcritics Music - Artist Overview - Jefferson Airplane |url=http://blogcritics.org/music/article/artist-overview-jefferson-airplane/ |accessdate=2011-02-08 |archive-date=2011-10-18 |archive-url=https://web.archive.org/web/20111018114303/http://blogcritics.org/music/article/artist-overview-jefferson-airplane/ |url-status=yes |archivedate=2011-10-18 |archiveurl=https://web.archive.org/web/20111018114303/http://blogcritics.org/music/article/artist-overview-jefferson-airplane/ |deadurl=yes }}</ref> i tillegg til at at dei var eit av hovudbanda på den første [[Isle of Wight-festivalen]]. Innspelingane deira vart internasjonalt kjende, og dei fekk to hittar på Topp 10-lista i USA og fleire album inn på Topp 20-lista. Albumet ''[[Surrealistic Pillow]]'' frå 1967 vert rekna som ei av dei viktigaste innspelingane i den såkalla [[Summer of Love]],<ref>[http://www.amazon.com/Surrealistic-Pillow-Jefferson-Airplane/dp/B000002W5J Billy Altman, amazon.com]</ref><ref>[http://www.allmusic.com/album/r10296 Bruce Elder, allmusic.com]</ref><ref>{{Citation |title=rollingstone.com |url=http://www.rollingstone.com/news/story/6598764/146_surrealistic_pillow |accessdate=2011-02-08 |archive-date=2010-03-02 |archive-url=https://web.archive.org/web/20100302231603/http://www.rollingstone.com/news/story/6598764/146_surrealistic_pillow |url-status=yes |archivedate=2010-03-02 |archiveurl=https://web.archive.org/web/20100302231603/http://www.rollingstone.com/news/story/6598764/146_surrealistic_pillow |deadurl=yes }}</ref> og gjorde at gruppa vart internasjonalt kjend. To hittar frå albumet, «[[Somebody to Love av Jefferson Airplane|Somebody to Love]]» og «[[White Rabbit]]», er begge oppførte på lista til ''[[Rolling Stone]]'' over dei 500 største songane gjennom tidene.
Av band som kom etter Jefferson Airplane finn ein [[Jefferson Starship]] og [[Starship]], med avleiarar som [[Hot Tuna]] og [[KBC Band]]. Jefferson Airplane vart innlemma i [[Rock and Roll Hall of Fame]] i 1996.
Line 23:
Jefferson Airplane vart danna i San Francisco sommaren 1965 ut frå det blømande [[folkemusikk]]miljøet i [[San Francisco Bay]]. Sjølv om Airplane vert rekna for å vere eit San Francisco-band, var Paul Kantner den einaste som var fødd der.
Grunnleggjaren av gruppa som vart Jefferson Airplane var den 23 år gamle vokalisten [[Marty Balin]] (fødd Martyn Jerel Buchwald i Cincinnati i 1942), som var oppvaksen i San Francisco og som hadde starta ei lita karriere som popsongar tidleg i 1960-åra og gjort fleire innspelingar under sitt eige namn. Han spelte inn (utan særleg suksess) for [[Challenge Records]] i 1962, gav ut to singlar, den mest kjende av dei «I Specialize In Love», og vart eit medlem av folkgruppa the Town Criers i 1963–1964. Då [[the Beatles]] leia [[den britiske invasjonen]] i 1964 vart Balin inspirert av blandinga av folkemusikk med rock tidleg i 1965, med [[The Byrds]] og [[Simon & Garfunkel]] i spissen. Han ønskte derfor å danna eit band som spelte liknande musikk. Med ei gruppe investorar kjøpte Balin ei tidlegare pizzasjappe i [[Fillmore Street]]<ref>{{Citation |title=Blogcritics Music - Artist Overview - Jefferson Airplane |url=http://blogcritics.org/music/article/artist-overview-jefferson-airplane/page-2/ |accessdate=2011-02-08 |archive-date=2011-07-28 |archive-url=https://web.archive.org/web/20110728120357/http://blogcritics.org/music/article/artist-overview-jefferson-airplane/page-2/ |url-status=yes |archivedate=2011-07-28 |archiveurl=https://web.archive.org/web/20110728120357/http://blogcritics.org/music/article/artist-overview-jefferson-airplane/page-2/ |deadurl=yes }}</ref> der han opna klubben [[The Matrix i San Francisco|The Matrix]] og byrja å leite etter bandmedlemmer.<ref>All Music Guide Biography Jefferson Airplane av William Ruhlmann</ref>
Balin møtte folkemusikaren [[Paul Kantner]] på ein annan lokal klubb, The Drinking Gourd. Kantner starta å spele i Bay Area-miljøet tidleg i 1960-åra, i lag med andre folkemusikarar som [[Jerry Garcia]], [[David Crosby]] og [[Janis Joplin]]. Kantner har omtalt folkemusikkgrupper som [[The Kingston Trio]] og [[The Weavers]] som viktige tidlege inspirasjonskjelder. Han flytte ei kort stund til [[Los Angeles]] i 1964 for å arbeide i ein folkeduett med framtidig Airplane/Starship-medlem [[David Freiberg]] (som seinare vart med i [[Quicksilver Messenger Service]]).
Line 31:
Kantner rekrutterte så den gamle venen sin, [[blues]]gitaristen [[Jorma Kaukonen]]. Han var opphavleg frå Washington, D.C., men flytte til California tidleg i 1960-åra og møtte Kantner då han gjekk på [[Santa Clara University]] i 1962. Kaukonen vart invitert med til å spele med det nye bandet, men var i starten motvillig til å bli medlem, før han spelte gitaren gjennom eit forseinkingsapparat som var ein del av lydsystemet til [[Ken Kesey]], som Kesey nytta under [[Acid Tests|Acid Test]]-festane sine. Trommeslagaren Jerry Peloquin og den akustisk bassisten Bob Harvey utgjorde resten av originalbesetninga.
Opphavet til namnet deira er ofte omstridd. «Jefferson airplane» er [[slang]] for ei splitta fyrstikk som vart nytta for å halde [[marihuana]]jointar som hadde vorte for korte til at ein kunne halde dei utan å brenne fingrane.<ref>''A Child's Garden Of Grass'', Margolis & Clorfene 1970</ref> Ei [[vandresoge]] hevdar at dette var opphavet til bandnamnet, men i følgje bandmedlemmen [[Jorma Kaukonen]] var det venen Steve Talbot som kom på namnet som ein parodi på bluesnamn som [[Blind Lemon Jefferson]].<ref>{{Citation |title=Jorma Kaukonen biography |url=http://www.jormakaukonen.com/Main.php?page=bio |accessdate=2011-02-08 |archive-date=2009-11-27 |archive-url=https://web.archive.org/web/20091127152133/http://www.jormakaukonen.com/Main.php?page=bio |url-status=yes |archivedate=2009-11-27 |archiveurl=https://web.archive.org/web/20091127152133/http://www.jormakaukonen.com/Main.php?page=bio |deadurl=yes }}</ref>
Gruppa gjorde den første konserten sin som Jefferson Airplane på opningskvelden til The Matrix den 13. august 1965. Bandet utvikla seg frå folkrøtene sine og henta inspirasjon frå [[The Beatles]], [[The Byrds]] og [[The Lovin' Spoonful]], og gjekk gradvis mot eit popaktig elektrisk lydbilete.
|