Nordsamisk har, som alle samiske språk, eit rikt bøyingsverk, med både [[kasus]]- [[tempus]]- og [[personbøying]]. Typologisk sett er nordsamisk ikkje like [[Agglutinerande språk|agglitunerande]] som det vi finn både hos [[sørsamisk|sør-]] og [[lulesamisk]] og hos [[uralske språk]] generelt sett.
==== Ordklassar====
Nordsamisk har tre [[open ordklasse|opne ordklassar]], substantiv, adjektiv og verb, og ein del lukka ordklasser. Ordklassene kan også delast inn etter om dei har bøying eller ikkje
# Ord med bøying
##[[Substantiv]] blir bøygde i [[kasus]] og [[numerus]] ([[singularis]] og [[pluralis]]) men ikkje i [[grad]], og som kan få [[possessivsuffiks]] etter seg.
## [[Adjektiv]] blir bøygde i [[grad]] og i [[kasus]], og som har ei eiga [[attributtform]] som blir brukt når det står framfor eit substantiv.
## [[Verb]] blir bøygde i tempus.
## [[Pronomen]] blir bøygde i [[kasus]], [[numerus]] ([[singularis]], [[dualis]] og [[pluralis]]), men til skilnad frå [[norsk språk|norsk]], ikkje i [[genus]] (''son'' betyr både «han» og «ho»).
## [[Determinativ]]ar kan modifisere substantiv, dei har delvis kongruens med substantivet dei står til.
## [[Kvantor]]ar er talord og ein den andre ord, dei blir bøygde som substantiv men skil seg frå dei syntaktisk
# Ord utan bøying
## [[Adposisjon]]ar står før ([[preposisjon]]ar) eller etter ([[postposisjon]]ar) [[substantivfrase]]r.
## [[Subjunksjon]]ar innleiar [[leddsetning]]ar.
## [[Konjunksjon]]ar som t.d. ''ja'' «og».
## [[Interjeksjon]]ar som t.d. ''hui'', ''vuoi''.
=== Nomen ===
|