Nordsamisk: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
Line 73:
== Historie ==
===Indre språkhistorie===
{{Detaljar|Samisk språkhistorie}}
Nordsamisk tilhøyrer den nordlege delen av dei vestsamiske språka, i lag med [[pitesamisk]], [[lulesamisk]] og [[enaresamisk]]. Splittinga mellom [[austsamisk]] og [[vestsamisk]] går ca. 1500 år attende, skiljet mellom t.d. [[lulesamisk]] og [[nordsamisk]] er langt yngre.
Språket [[Knud Leem]] skildra frå første halvpart av 1700-talet er eit nordsamisk som allereie har dei trekka som skil språket frå enaresamisk og lulesamisk. Konservative lulesamiske språktrekk som tempusbøygd negasjonsverb og skilje mellom [[inessiv]] og [[elativ]] er ikkje til stade i Leem sin grammatikk. Språket hos Leem skil seg likevel til ein viss grad frå moderne nordsamisk.
===Ytre språkhistorie===
Nordsamisk vart først skildra av [[Knud Leem]] (''En lappisk Grammatica efter den Dialect, som bruges af Field-Lapperne udi Porsanger-Fiorden'', 1748), og ordbøker i 1752 og 1768. Ein samtidig samisk grammatikar var [[Anders Porsanger]], som m.a. studerte på [[Katedralskolen i Trondheim]], men som på grunn av rasistiske haldningar i samtida ikkje fekk publisert verka sine om samisk. Storparten av dei er dessverre gått tapt.
Rad 81 ⟶ 86:
Nordsamisk vart brukt i tre ulike land, svært lenge med ulik rettskriving i dei tre landa. Friis si rettskriving vart i Noreg tatt i bruk i den samiske bibelomsetjinga, den første samiske avisa [[Sagai Muittalægje]], og i [[Finnemisjonen]] sitt blad [[Nuorttanaste]]. Grunnverket i nordsamisk leksikografi, [[Konrad Nielsen]] si ''Lappisk ordbok'', bruker ein eigen ortografi. Frå 1948 vart ortografiane i Noreg og Sverige slått saman i den såkalla ''Bergsland-Ruong-ortografien''. Denne ortografien vart lite brukt i Noreg, i og med at styresmaktene her praktiserte ein politikk som i praksis gjorde samisk forbode som bruksspråk. I Sverige var det undervisning på samisk i Sameskolan, der førte den såkalla ''Lapp ska vara lapp''-politikken til ein politikk for reindriftssamar med sikte på å halde dei separert frå storsamfunnet. I [[1979]] kom den noverande nordsamiske rettskrivinga, ei sams rettskriving for alle dei tre nordiske landa.
Både mobiliseringa rundt [[Alta-saka]] og eit meir tolerant politisk klima førte til ei endring i den norske assimileringspolitikken dei siste tiåra av 1900-talet. I dag er nordsamisk i [[Noreg]] offisielt språk i to [[fylke]] og sju kommunar, [[Kautokeino kommune|Kautokeino]], [[Karasjok kommune|Karasjok]], [[Nesseby kommune|Nesseby]], [[Tana kommune|Tana]], [[Porsanger kommune|Porsanger]], [[Kåfjord kommune|Kåfjord]] og [[Lavangen kommune|Lavangen]], dei fem første i [[Finnmark fylke|Finnmark]], og Kåfjord og Lavangen i [[Troms fylke|Troms]]. Samar fødd før ca. 1977 har ikkje lært å skrive samisk (etter dagens rettskriving) på skolen, så det er først dei siste åra det har vorte tilgang på skrivekyndige samar til ulike administrative stillingar.
== Nordsamisk i utdanningssystemet ==
|