Noreg under andre verdskrigen: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Norske styrkar i tysk teneste: {{detaljar}} er meint for hovudartikkelen til eit emne, ikkje underemne
Bruke rettskrivinga Kartverket har bestemt
Line 35:
I [[Finnmark fylke]] vart krigen merka mykje hardare enn i resten av landet . Den tyske lapplandsarmén nytta [[den brende jords taktikk]] under tilbaketrekkinga frå [[Finland]]. Store delar av fylket vart lagt i ruinar av tyske styrkar. Målet var at styrkane frå Sovjet ikkje skulle finna mat og husrom. Dei som budde nord for [[Lyngen]] i Nord- Troms skulle evakuerast sørover. Offisielt skulle dei sivile verta skåna for dei sovjetiske styrkane si brutale framferd. Trass i dette var det mange norske som gøymde seg unna.
 
Dei norske bilanda [[Svalbard]], [[Jan -Mayen]] og [[Bjørnøya]] kom aldri under tysk kontroll.
[[Fil:Oslo queue ww2.jpg|right|thumb|Det var i periodar mangel på mange matvarer i byane i Noreg under andre verdenskrig. Mange stilte seg i kø allereie klokka fem om morgonen for å få kjøpt mat. Her frå ei matkø i Oslo.]]
Kvardagslivet under okkupasjonen vart kjenneteikna av [[svartebørs]] og [[rasjonering]], og kunne vera vanskeleg, særleg for dei som ikkje eigde jord sjølve. Det var delvis vare- og matmangel, og sjølv om mager kost kan vera sunt ei rid, var ein i ferd med å få [[mangelsjukdom]]mar på grunn av for lite [[feitt]] da krigen leid mot slutten. Folk svalt likevel ikkje i hel i Noreg under okkupasjonen, slik dei gjorde i store delar av det tysk-okkuperte [[Aust-Europa]]. Takka vera hjelp frå særleg Danmark og Sverige klarde nordmennene seg høveleg godt.