Jødedommen: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
fibcgufv8oxcyU8ROTBYQUQfb4coyguqowqwbyVACBYUQV Merke: større tekstfjerning |
s Attenderulla endring gjord av 91.90.67.4 (diskusjon) til siste versjonen av Anne-Sophie Ofrim Merke: Attenderulling |
||
Line 45:
=== Religiøst syn ===
Temaet i ''[[Tanákh]]'' (Den hebraiske bibelen) er [[israelittar|israelittane]] (òg kalla [[hebréarar|hebréarane]]) sitt tilhøve til [[JHVH|Gud]] som det attspeglar seg i historia deira frå den første byrjinga til bygginga av det andre [[Tempelet i Jerusalem]] kring [[-350|350 fvt.]] Dette tilhøvet er skildra som problematisk, med israelittane sin indre konflikt mellom trua på [[JHVH|Gud]] og tiltreknaden til andre [[gudar]] og med nokre israelittar — særleg [[Abraham i Bibelen|Abrahám]], [[Jakob|Ja‘akób]] (Jakob; seinare kjend som [[Jisraél]]) og [[Moses|Mosjé]] (Moses) — sin kamp med Gud.
Etter trua i [[ortodoks jødedom]] og blant dei fleste tradisjonelle og/eller religiøse [[jødar]], var [[Abraham]] den første jøden. [[rabbinsk litteratur|Den rabbinske litteraturen]] hevdar at han var den første til å avvise [[avgudsdyrking]] og til å preike for [[monoteisme]]. Som løn lova Gud at Abraham skulle få born: ''“Sjå no til himmels og tel stjernene — om du greier å telja dei;” og [Gud] sa åt honom: “Slik skal han vera, sæden din.” ([[Første mosebok|1. mos.]] 15:5)'' Det første barnet til Abraham var [[Ismael|Jisjma‘él]], og den andre sonen hans var [[Isak|Jiṣ’ḥák]] (Isak), som Gud sa skulle fortsetja arbeidet åt Abraham og erve landet [[Israel]] (då kalla [[Kanaan|Kena‘an]] (Kanaan)), etter å ha vorte sendt or landet og berga att. Gud sendte [[patriark]]en Ja‘akób og borna hans til [[Antikkens Egypt|Egypt]], kor dei vart gjorde til [[slave|slavar]] nokre generasjonar seinare. Så sendte Gud Mosjé ([[Moses]]) for å berge israelittane frå [[slaveri]]et, og etter [[utgangen or Egypt]], leidde Gud dei til [[Sinaifjellet]] og gav dei ''[[Torá]]en'', for til slutt å føre dei til landet [[Israel]].
Gud sette til oppgåve for etterkommarane av Mosjé sin bror [[Aron|Aharón]] (Aron) å vera ein [[kohén]] (jødisk [[prest]]) i det israelittiske samfunnet. Dei tenestegjorde først i [[Paktteltet]], og seinare hadde etterkommarane deira ansvaret for gudstenesta i [[Tempelet i Jerusalem|Tempelet]] i Jerusjaláim ([[Jerusalem]]).
Straks israelittane kom inn i [[Israel]], vart paktteltet sett opp i byen [[Sjiló]] og vart verande der i over 300 år medan Gud lét store menn og nokre kvinner forsvara [[nasjon]]en mot fiendar som gjekk til åtak på dei — nokre av desse fiendane vart sende som straff for israelittane sine synder. Dette er skildra i ''[[Josvas bok]]'' og ''[[Domarane]]''. Etter som tida gjekk, sokk det andelege nivået åt israelittane så djupt at Gud lèt [[filistinarar|filistinarane]] plyndre paktteltet i Sjiló.
Israelsfolket fortalde da profeten [[Samuel|Sjemu’él]] (Samuel) at dei hadde nådd punktet at dei trengde å styrast av ein permanent [[konge]] på same vis som andre nasjonar, som det er skildra i ''[[Samuelsbøkene]]''. Gud visste at dette ikkje var det beste for dei, men gav etter for bønene deira og lét Sjemu’él utnemne [[Sja’ul av Israel|Sja’úl]] (Saul), ein stor men svært audmjuk mann, til å vera kongen deira. Da folket pressa kong Sja’úl til å gå mot ein ordre som Sjemu’él gav honom, bad Gud Sjemu’él om å utnemne [[David I av Israel|Davíd]] i staden hans.
[[Fil:Western wall jerusalem night.jpg|mini|[[Vestmuren]] (òg kalla «Klagemuren») i [[Jerusalem]] er alt som er kjent å stå att etter det andre [[Tempelet i Jerusalem|Tempelet]]. [[Tempelberget]] er den aller heilagaste staden i jødedommen.]]
Med ein gong kong Davíd hadde teke over, fortalde han profeten [[Natán]] at han ønskte å byggje eit varig [[tempel]], og som løn for gjerningane hans lova Gud Davíd at han ville lata sonen hans byggje tempelet, og at trona aldri skulle falle or hendene å borna hans. Davíd sjølv kunne ikkje byggje tempelet fordi han hadde vore involvert i mange krigar — noko som gjorde det umogleg for honom å byggje eit tempel som skulle representere fred. Dermed vart det sonen hans, kong [[Sjelomó I av Israel]] (Salomo el. Salomon) som kom til å byggje det første permanente [[Tempelet i Jerusalem|Tempelet]], etter Guds vilje, i [[Jerusalem]] — som det står skrive i ''[[Kongebøkene]]''.
Etter at kong Sjelomó døydde, vart kongedømmet hans delt i dei to kongedømma [[kongedømmet Israel|Israel]] og [[kongedømmet Juda|Jehudá]] (Juda). Etter fleire hundre år med mykje avgudsdyrking i Nordriket (Israel), lét Gud [[Assyria]] leggje Nordriket under seg og sende folket i eksil. Sørriket (Jehudá), som hadde [[Jerusalem]] som hovudstad, vart verande under styret åt [[Davids hus]]; men, som det òg hadde skjedd i Nordriket, vart det så mykje avgudsdyrking i Sørriket at Gud lét [[Babylon]] leggje under seg Jehudá, øydeleggje Tempelet som hadde stått i 410 år og føre folket i eksil i [[Babylon]] med løfte om at dei skulle få fridommen sin att etter 70 år. Desse hendingane er skildra i ''[[Esaias bok|Jesja‘jáhu]]'' (''Esaias bok'') og ''[[Jeremias bok|Jirmejáhu]]'' (''Jeremias bok'').
Etter sytti år fekk jødane (som innbyggjarane av det tidlegare Sørriket (Jehudá) no vart kalla), komma tilbake til [[Israel]] att under [[Ezra|‘Ezrá]] si leiing og Tempelet vart atteroppbygd, som det står skrive i ''[[Ezras bok]]'' og ''[[Nehemjas bok]]''. Det andre [[Tempelet i Jerusalem]] vart ståande i 420 år, og vart så øydelagt av den [[Romarriket|romerske]] generalen og seinare [[keisar]]en [[Titus]] i år [[70|70 evt.]] Det jødiske tempelet vil liggja i ruinar inntil ein etterkommar av kong [[David I av Israel|Davíd]] ris opp og atteropprettar Israels ære og byggjer opp att [[Tempelet i Jerusalem]].
''[[Torá]]en'' som vart gjeven israelsfolket på [[Sinaifjellet]] vart oppsummert i dei fem [[mosebøkene]]. Saman med ''[[Nebi’ím]]'' (Profetane) og ''[[Ketubím]]'' (Skriftene) utgjer han [[Den skriftlege Toráen]]. Detaljane og tolkinga av lova, som blir kalla «[[Den munnlege Toráen]]», var opphavleg ikkje nedskriven. Men ettersom forfølginga av jødane auka og tradisjonen etterkvart stod i fare for å bli gløymd, seier den [[rabbanittisk jødedom|rabbanittiske tradisjonen]] at desse munnlege lovane vart nedskrivne i ''[[Misjná]]'' og ''[[Talmúd]]'', såvel som i andre heilage skrifter.
=== Historisk-kritisk syn ===
|