Klima i Australia: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
s Attenderulla endring gjord av 82.147.33.189 (diskusjon) til siste versjonen av Fredrasa
j
Line 2:
'''Klimaet i [[Australia]]''' varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her har [[Great Dividing Range]] mykje å seie for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kalla [[Outback]]. Det meste av Outback kan kallast [[ørken]], men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundom [[tropisk syklon|tropiske lågtrykk]] passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar. [[Alice Springs]], som ligg midt i Outback, fekk 205 mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!
 
Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i frå [[Tasmania]], og vêret er nesten maritimt med [[regn]] eller [[snø]] om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda mot [[Bass-sundet]] og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr og [[regn]] eller [[snø]] om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiske [[monsun]]en kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt som altsomalt kjem derimot mellom desember og april. Vinteren frå mai til oktober er varm og fuktig, men det kjem svært lite nedbør.
 
Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen som [[tropisk syklon|tropiske syklonar]] og [[El Niño]]-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid — av og til opp i 500 mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medan [[La Niña]] kan føre til [[flaum]]. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område i [[New South Wales]] vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.