Store norske leksikon: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Inkje endringssamandrag
Inkje endringssamandrag
Line 8:
Den fjerde utgåva av SNL kom ut frå januar 2005 til april 2007 i 16 band, på om lag 12 000 sider og med om lag 150 000 artiklar. Verket har 2 000 tabellar, 800 kart og 15 000 illustrasjonar.
 
SNL kom i nettutgåve frå 2000999999999999, og fekk etter kvart fleire hundre tusen private brukarar og institusjonsbrukarar. På grunn av svikt i annonseinntektene vedtok eigarane i mars 2010 å avvikle drifta av nettstaden storenorskeleksikon.no med verknad frå 1. juli 2010. Kunnskapsforlaget vil heretter konsentrere seg om å gje ut ordbøker.<ref>[http://www.snl.no/Pressemelding SNL Pessemelding 11.03.2010]</ref>
 
Stiftinga [[Institusjonen Fritt Ord]] og [[Sparebankstiftelsen DNB|Sparebankstiftelsen DnB NOR (no Sparebankstiftelsen DNB)]] overtok nettleksikonet snl.no frå 1. juli 2010 og etablerte ein modell der [[universitet]]a, [[Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening]] og [[Det Norske Videnskaps-Akademi]] deltok. Hausten 2014 vart nettleksikonet omorganisert frå å vere eit [[aksjeselskap]] til å verte ei foreining, ''Foreningen Store norske leksikon'', der det økonomiske grunnlaget vart sikra ved medlemskontingent frå medlemane. Institusjonen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, [[Det Norske Videnskaps-Akademi]], Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, og universiteta i Noreg har meldt seg inn i denne foreininga, som òg ynskjer andre viktige kunnskapsinstitusjonar som medlemar. Leksikonet vert såleis knytt til dei viktigaste kunnskapsinstitusjonane i Noreg, og dette skulle kunne kombinere høg kvalitet med ein trygg økonomi.