Argentina var ein [[det spanske imperiet|spansk koloni]] frå [[1516]] fram til [[1816]], då landet fekk [[sjølvstyre]]. Fram til [[den andre verdskrigen]] opplevde landet interne motsetnader. Desse motsetnadene var til dels mellom konservative og liberale politikarar, og til dels mellom politikarar og militære. I perioden [[1946]]-[[1955|55]] var [[Juan Perón]] president. Han kom att i denne posisjonen i [[1973]] men døydde året etter, og vart då etterfølgd av den tredje kona si [[Isabel Perón]] som vart styrta av ein [[junta|militærjunta]] i [[1976]]. Dette [[diktatur|militærdiktaturet]] vart kraftig svekka etter nederlaget i [[Falklandskrigen]] i [[1982]]. Etter valet i [[1983]] har Argentina vore eit demokrati. Landet opplevde ein økonomisk nedtur i [[2001]].