'''Midt-Noreg''' er ei nyare nemning på ein region som i snevraste tyding utgjer fylka i [[Trøndelag]], men kan også inkludere tilgrensande område i landsdelane [[Nord-Noreg]], [[Vestlandet]] og [[Austlandet]].
{{manglar kjelder}}
'''Midt-Noreg''' er ei ny nemning på eit ikkje klart definert område i [[Sør-Noreg]] og som kan inkludere grenseområde i landsdelane [[Vestlandet]], [[Austlandet]] og [[Nord-Noreg]] i tillegg til heile [[Trøndelag]].
I den snevraste tydinga omfattar det berre landsdelen [[Trøndelag]] som omfattar [[Nord-Trøndelag fylke|Nord-Trøndelag]] og [[Sør-Trøndelag fylke|Sør-Trøndelag]],
Mest vanleg er det i tillegg å ta med heile eller delar av [[Møre og Romsdal fylke]], særleg [[Romsdal]] og [[Nordmøre]], og til tider sørlege delar av [[Nordland]] og [[Nord-Østerdal]].
Omgrepet er ofte brukt i ei vidare tyding som kan inkludere delar av [[Nordland]] (Helgeland) og [[Møre og Romsdal]]. Innan den offentlege forvaltinga er det berre ei eining som har nemninga Midt-Noreg i namnet: Helse Midt-Norge(RHF), som er ein av dei fem helseregionane i Noreg og dekkjer fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Same område er dekt av eitt av dei fem regionale vegkontora, men dette bruker nemninga Region Midt.
Omgrepet blir bruka ein del, men utover at området fell rettsleg saman med [[Frostating lagdømme]], [[Helse Midt-Noreg]] og [[Statens vegvesen, region midt]][http://www.vegvesen.no/cs/Satellite?c=Page&cid=1047990961263&pagename=vegvesen%2FPage%2FSVVsubSideInnholdMal], har ikkje området formell status som landsdel i dag. Møre og Romsdal fylke blir vanlegvis rekna som ein del av [[Vestlandet]] i statistisk og næringspolitisk samanheng. Når det gjeld formelle inndelingar, er Møre og Romsdal eiga eining, per [[2006]] i form av eit [[einskapsfylke]], og meiningsmålingar viser at fleirtalet i folket i fylket vil at det framleis skal vere eiga eining også etter ei eventuell regionreform er gjennomført.
Møre og Romsdal er også med i helse Midt-Noreg.
== Kjelder ==
Merk at [[Midt-Noreg]] er ein del av [[Sør-Noreg]].
{{snl|Midt-Norge|Midt-Norge}}
[[Kategori:Midt-Noreg| ]]
[[Kategori:Trøndelag]]
{{geografispire}}
<!--interwiki (no/nb,sv,da first; then other languages alphabetically by name)-->
[[nb:Midt-Norge]]
[[en:Central Norway]]
|