Klima i Australia: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
j |
s Attenderulla endring gjord av 193.156.161.145 (diskusjon) til siste versjonen av Anne-Sophie Ofrim |
||
Line 2:
'''Klimaet i [[Australia]]''' varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her har [[Great Dividing Range]] mykje å seie for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kalla [[Outback]]. Det meste av Outback kan kallast [[ørken]], men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundom [[tropisk syklon|tropiske lågtrykk]] passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar. [[Alice Springs]], som ligg midt i Outback, fekk 205 mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!
Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i frå [[Tasmania]], og vêret er nesten maritimt med [[regn]] eller [[snø]] om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda mot [[Bass-sundet]] og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr og [[regn]] eller [[snø]] om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiske [[monsun]]en kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt
Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen som [[tropisk syklon|tropiske syklonar]] og [[El Niño]]-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid — av og til opp i 500 mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medan [[La Niña]] kan føre til [[flaum]]. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område i [[New South Wales]] vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.
|