Klima i Australia: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
j
 
(19 mellomliggjande versjonar av 9 brukarar er ikkje viste)
Line 1:
[[Fil:UluruAustralia 1Köppen.JPGsvg|mini|250px|Uluru eller Ayers Rock ligg sentralt i det tørre sentrale områdeKlimasoner i Australia kallaetter The Outback.Köppen-klassifieringa]]
 
[[Fil:Uluru 1.JPG|mini|Uluru eller Ayers Rock ligg sentralt i det tørre sentrale område i Australia kalla The Outback.]]
'''Klimaet i [[Australia]]''' varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her har [[Great Dividing Range]] mykje å seie for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kalla [[Outback]]. Det meste av Outback kan kallast [[ørken]], men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundom [[tropisk syklon|tropiske lågtrykk]] passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar. [[Alice Springs]], som ligg midt i Outback, fekk 205 mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!
 
Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i frå [[Tasmania]], og vêret er nesten maritimt med [[regn]] eller [[snø]] om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda mot [[Bass-sundet]] og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr og [[regn]] eller [[snø]] om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiske [[monsun]]en kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt somaltsom alt kjem derimot mellom desember og april. Vinteren frå mai til oktober er varm og fuktig, men det kjem svært lite nedbør.
 
Ifølgje australske [[Bureau of Meteorology]] (BOM) har 80&nbsp;% av landet mindre enn {{convert|600|mm|abbr=on|0}} nedbør årleg, og 50&nbsp;% har mindre enn {{convert|300|mm|abbr=on|0}}.<ref>[http://pandora.nla.gov.au/pan/96122/20090317-1643/www.bom.gov.au/lam/climate/levelthree/ausclim/ausclim.html Climate of Australia]</ref> Totalt har Australia ei svært låg nedbørsmengd på {{convert|419|mm|abbr=on|0}}.<ref>{{cite book|year=1997|url=https://books.google.com/books?id=uwQ7FulHCCsC&pg=PA376|title=Precipitation in Australia|work=Climates and Weather of Australia|publisher=Routledge|isbn=978-0-415-12519-2|page=376}}</ref>
 
Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen som [[tropisk syklon|tropiske syklonar]] og [[El Niño]]-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid &mdash; av og til opp i 500 mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medan [[La Niña]] kan føre til [[flaum]]. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område i [[New South Wales]] vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.
Rad 14 ⟶ 18:
 
== [[Queensland]] ==
[[Fil:Gold Coast (from The Spit).jpg|mini|200px|Gold Coast i Queensland etter ein storm.]]
Great Dividing Range utgjer ein stor innverknad på klimaet i denne delstaten òg. Kystområda har eit ganske vått klima, medan dei indre områda på andre sida av fjellrekkja er svært tørre. I 2000 sette Belenden Ker (like sør for [[Cairns]]) ny nasjonal nedbørsrekord med 12&nbsp;461 mm på eit år. Frå [[Brisbane]] til [[Port Douglas]] kan den søraustlege [[passatvind]]en mot fjella gje regn kor tid som helst på året. November til april er likevel den våtaste tida på året, medan august og september er dei tørraste månadane. [[Townsville]] er derimot eit forholdsvis tørt område med ein årleg nedbørsnormal på 1164 mm. [[Tropisk syklon|Tropiske syklonar]] er ein alvorleg trussel i heile Queensland om sommaren, men ingen tropiske syklonar har derimot gått på land sidan 1970-talet. Dei siste 30 åra har folkesetnaden auka mykje, og styresmaktene i området er uroleg med tanke på slike hendingar og har laga omfattande evakueringsplanar. Utanom syklonar er ikkje [[flaum]] uvanleg i regntida, særleg lengst mot nord. Det meste av Queensland ligg derimot vest for Great Dividing Range, frå den tropiske [[Cape York]]-halvøya til det uttørka [[Great Artesian Basin]]. Great Artesian Basin kan få [[flaum]] sjølv om det ikkje regnar, fordi regnet strøymer frå fjella og ned i området og vidare til [[Lake Eyre]]. Elles er dei indre områda av Queensland som resten av Outback, tørt året rundt med høge temperaturar om sommaren og litt lågare temperaturar om vinteren.
 
== [[South Australia]] ==
[[Fil:Great_Australian_Bight_Marine_Park.jpg|venstre|mini|180px|Great Australian Bight i South Australia]]Dette er den tørraste landsdelen i eit allereie tørt land. Store delar av South Australia får mindre enn 300 mm i løpet av eit år. Det er ikkje like varmt her som i dei nordlege områda, men dei fleste sommardagane kjem likevel over 30&nbsp;°C, og ofte har ein temperaturar over 35&nbsp;°C over heile delstaten. [[Oodnadatta]] har hatt over 50&nbsp;°C. Vinteren er vanlegvis tørr og kjølig, og langs kysten kan ein ha like [[sky]]a og fuktig vêr som i Melbourne, men med litt lettare regn. Kanskje den mest spektakulære vêrrelaterte hendinga i Australia har ein i [[Lake Eyre]]. Om lag 15 % av nedslagsfeltet til nedbøren i Australia hamnar på denne vanlegvis tørre saltflata. Enkelte år, ofte under ein [[La Niña]], vert innsjøen fylt opp. [[Sjøfugl]]ar strøymer til området og [[saltkreps]] og andre sjødyr oppstår.
 
== [[Northern Territory]] ==
[[Fil:Alice Springs ridge.jpeg|mini|200px|Alice Springs ligg midt i ørkenområdet sentralt i Australia]]
Det er store skilnadar frå [[monsun]]klimaet i [[Darwin]] og det klassiske [[ørken]]området nær [[Alice Springs]]. Dei nordlegaste områda, [[Top End]], som inkluderer [[nasjonalpark]]en [[Kakadu]] har dagtemperaturar på rundt 30&nbsp;°C året rundt, og nattetemperaturane er berre litt lågare om vinteren enn om sommaren. Den største variasjonen gjennom året er nedbørsmengdene. Top End-området har svært høge temperaturar i oktober og november før monsunen set inn, og nesten daglege [[torevêr]] om sommaren. Juni til august er så godt som heilt tørre. Små, men intense tropiske syklonar kan råke kysten gjennom heile regntida. Syklonen Tracy øydela 70 % av bygningane i Darwin første juledag i 1974. Sørover fra Darwin vert det gradvis varmare og tørrare, og dei tørre områda dekker den sørlege halvdelen av delstaten. Nettene på midten av sommaren er vanlegvis over 20&nbsp;°C nær [[Ayers Rock]] og mange ettermiddagar er opp mot 38-40&nbsp;°C. Enkelte år kan restane av ein tropisk syklon eller eit anna [[lågtrykk]] passere over ørkenområda og gje litt etterlengta regn om sommaren og hausten.
 
== [[Western Australia]] ==
[[Fil:Cervantes Thirsty Point.JPG|mini|200px|venstre|Hanson Bay i Western Australia.]]
Nordvestkysten av Australia kan ha store klimatiske skilnadar frå år til år. Byen [[Onslow]] har hatt årlege nedbørsmengder frå berre 15 mm til 1085 mm. Dei fleste av dei kraftige tropiske syklonane som har råka Australia mellom 1950 og 2000 har treft vestkysten av landet. [[Great Sandy Desert]] er Australia sitt varmaste område med ein gjennomsnittleg maksimumstemperatur på 38&nbsp;°C i januar. Byen [[Marble Bar]] hadde 160 dagar på rad med slike temperaturar i 1923-1924. Den sørlege halvdelen av ørkenen har litt lågare temperatur. [[Kaldfront]]ar kan sveipe innover i landet om lag ein gong i veka, og kysten frå [[Carnarvon]] og sørover har ein [[sjøbris]] som gjev meir behaglegebehagelege forhold. I [[Perth]] vert denne sjøbrisen kalla «Framantle doctor» og på [[Nullarbor]]kysten «Esperance doctor». Når ein ikkje har denne sjøbrisen kan temperaturen stige frå rundt 26&nbsp;°C til 45&nbsp;°C. Den sørvestlege kyststripa har [[middelhavsklima]] med varme og tørre somrar, og milde og våte vintrar.
 
== [[Tasmania]] ==
[[Fil:CradleMountain.jpg|mini|250px|Cradle Mountain på Tasmania.]]
Tasmania har eit klima som skil seg frå resten av Australia. Fjellområda og vestkysten kan få ein god del nedbør kor tid som helst på året. [[Hobart]] og andre stader på austkysten får mindre nedbør, men sjølv her kjem det nedbør annakvar dag på sommaren og om lag to av tre dagar om vinteren. Når ein har kjølig [[vind]] kan det komme [[snø]] i fjellområda kor tid som helst på året. Hobart får sjeldan frost om vinteren, men dei høgareliggande forstadane får snø nokre gongar i året. Somrane her er stort sett kjølige, men av og til strøymer varmluft over [[Bass-sundet]] frå Melbourne. Sørlege delar av Tasmania kan få ein [[fønvind]]effekt når luft strøymer nordfrå og over fjella. Temperaturen kan då stige til over 30&nbsp;°C enkelte sommardagar.
 
==Kjelder==
{{reflist}}
 
[[Kategori:Klima i Australia| ]]
[[Kategori:Klima etter land|Australia]]