Brasil: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
s Attenderulla endringa gjord av 193.156.161.129 (diskusjon) til siste versjonen av InternetArchiveBot Merke: Attenderulling |
s rydda/retta using AWB |
||
Line 1:
{{Fakta om Brasil}}
'''Brasil''' er ein [[republikk]] og den største [[stat]]en i [[Sør-Amerika]] både i [[flatevidd]], [[folketal]] og [[bruttonasjonalprodukt]]. Det er det einaste amerikanske landet der portugisisk er offisielt språk, og det største [[Lusofoni|lusofone]] landet i verda. Brasil er kjend for å ha store areal [[regnskog]], og har fått namn etter [[brasiltre]]et, som voks i store mengder i området då landet blei oppdaga av europearar.
Brasil si kystlinje mot [[Atlanterhavet]] strekkjer seg over 7 491
Brasil var ein [[det portugisiske imperiet|portugisisk koloni]] frå [[Pedro Álvares Cabral]] kom til staden i 1500 fram til 1815, då landet fekk status som kongedøme og Det sameinte kongeriket Portugal, Brasil og Algarve blei danna. Den koloniale bandet blei i røynda brote i 1808, då hovudstaden i [[Det portugisiske imperiet|det portugisiske koloniriket]] blei overført frå Lisboa til Rio de Janeiro etter [[Napoléon Bonaparte|Napoleon]] sin invasjon av Portugal. Sjølvstendet fann stad i 1822 ved danninga av [[keisardømet Brasil]], ein einingsstat styrt som eit [[konstitusjonelt monarki]] med eit [[Parlamentarisme|parlamentarisk system]]. Landet blei [[republikk]] i 1889 då eit militært [[Kupp|statskupp]] proklamerte republikken, sjølv om [[
Økonomien til Brasil er den [[Verdas land etter bruttonasjonalprodukt|sjette største i verda]] etter nominell [[Bruttonasjonalprodukt|BNP]] og den sjuande største etter [[Kjøpekraftsparitet|kjøpekraft]] (per 2011).<ref name="siteresources.worldbank.org">[http://siteresources.worldbank.org/DATASTATISTICS/Resources/GDP.pdf World Development Indicators database] (PDF-fil), World Bank, 7. oktober 2009.</ref> Brasil er ein av dei raskast veksande store økonomiane i verda, og økonomiske reformer har gjeve landa fornya internasjonalt omdøme. Brasil er ein av grunnleggjarane av [[Dei sameinte nasjonane|SN]], [[G20]], [[Samveldet av portugisiskspråklege land|CPLP]], [[Den latinske unionen]], [[Organisasjonen av ibero-amerikanske statar]], [[Organisasjonen av amerikanske statar]], [[Mercosur|Mercosul]] og [[Den søramerikanske unionen]], og er òg eit av [[BRIC|BRIC-landa]].
Line 10:
== Namn ==
[[Fil:AtlasMiller BNF Brasilis paubrasil.jpg|mini|Illustrasjon av ''Terra Brasilis'' frå Atlas Miller, eit portugisisk atlas frå rundt 1519]]
Landet har namn etter [[brasiltre]], eit treslag som blei mykje verdsett av dei portugisiske kolonistane. På [[portugisisk]] kallar ein brasiltre ''pau-brasil'', og ordet brasil blir vanlegvis sagt å tyda «raudt som ei glo», danna frå det [[
Det offisielle namnet på landet i tidlege portugisiske dokument var «Landet til den heilage krossen» (''Terra da Santa Cruz''), men europeiske sjømenn og handelsmenn kalla det ofte rett og slett «Brasillandet» (''Terra do Brasil'') på grunn av handelen med brasiltre. Den populære nemninga overskugga og fortrengde etterkvart det offisielle namnet. Tidlege sjøfararar kalla tidvis òg området for «Papegøyelandet» (''Terra di Papaga'').
Line 19:
[[Fil:Brazil map 2014.png|mini|venstre|Kart over Brasil]]
Brasil dekker eit stort område langs den austlege kysten av Sør-Amerika og omfattar mykje av det indre av kontinentet. Den 16 885
Brasil er det [[Verdas land etter flatevidd|femte største]] landet i verda, etter [[Russland]], [[Canada]], [[Folkerepublikken Kina|Kina]] og [[USA]], og det tredje største i Amerika, med eit totalt areal på 8 514 876
Brasiliansk topografi er òg variert og inkluderer [[
Den søraustlege delen av landet er meir robust, med ein kompleks masse av ryggar og [[
I nord dannar [[Guayanaskjoldet]] eit viktig [[vasskilje]] mellom elver som renn sørover inn i [[Amazonaselva|Amazonas]] frå elver som renn ut i [[Orinoco
Vest i landet ligg store og relativt flate område og våtmarksområdet [[Pantanal]].
Line 40:
Sjølv om det meste av Brasil ligg i tropane, bur meir enn 60 prosent av folkesetnaden i område som er kjøligare, anten på grunn av høgd, vind frå havet eller polare frontar. Medan dei kystnære byane Rio de Janeiro, Recife og Salvador kan bli ekstremt varme, kan byar på platået, som São Paulo, Brasília og Belo Horizonte ha mildare klima, og dei sørlege byane Porto Alegre og Curitiba har milde vintrar.
Til trass for det populære biletet av Amazonas som ein region med sterk varme er temperaturar på meir enn 32
Det mest intense regnet i Brasil fell rundt munningen av Amazonas nær byen [[:no:Belém|Belém]], og også i dei øvre delane av Amazonas, der det fell meir enn {{formatnum:2000}} millimeter regn kvar år. Mesteparten av Brasil har moderate nedbørsmengder på mellom {{formatnum:1000}} og {{formatnum:1500}} millimeter i året, det meste av dette kjem mellom desember og april. Den tørraste delen av landet er i nordaust, der nedbøren er uberekneleg og fordampingshastigheiten særs høg, noko som gjer det vanskeleg å dyrka avlingar.
Line 48:
Det utstrekte landet består av fleire ulike økosystem, til dømes [[Regnskogen i Amazonas|Amazonasregnskogen]], som er kjend for å ha det største [[Biologisk mangfald|biologiske mangfaldet]] i verda, der skogbeltet [[Mata atlântica]] og savannen [[Cerrado]] særleg stikk seg ut. I sør veks skogar av [[Apeskrekkslekta|''Araucaria'']]-tre i tempererte tilhøve. Det rike dyrelivet i Brasil speglar mangfaldet av naturlege habitat. Forskarar går ut frå at den totale mengda plante- og dyrearter i Brasil kan vera nærare fire millionar.
Større pattedyr er mellom anna [[puma]], [[jaguar]], [[ozelot]], sjeldne [[Buskhund|bushhundar]] og [[Raudrev|revar]]; [[navlesvin]], [[
=== Miljø ===
Naturarven i Brasil er sterkt truga av kvegdrift og jordbruk, hogst, gruvedrift, olje- og gassutvinning, overfiske, handel med dyr, demningar og infrastruktur, vassforureining, [[
I mange område av landet er naturmiljøet truga av utbygging.
Bygging av motorvegar har opna opp tidlegare avsidesliggande område for landbruk og busetjing, dammar har oversumt dalar og dyrehabitater, og gruvedrift har forureina landskapet både visuelt og kjemisk. Minst 70 dammar er sagt å planleggjast for Amazonas-regionen, inkludert den kontroversielle [[Belo Monte-dammen]].<ref>[http://news.bbc.co.uk/2/hi/americas/8492577.stm Brazil grants environmental licence for Belo Monte dam]. ''BBC News''. 2. februar 2010.</ref>
Over 80 % av [[
== Historie ==
Brasil hadde vore folkesett av urfolksgrupper i minst 25 000 år då landet blei oppdaga for europearane av den [[Portugal|portugisiske]] oppdagelsesreisende [[Pedro Álvares Cabral]] i år [[1500]]. I dei følgjande tre hundreåra busette portugisarane seg i landet og administrerte det som ein kommersiell koloni, som i stor grad var basert på [[slaveri]]. På 1600-talet kjempa dei mot [[Dei sameinte Nederlanda]] og [[Frankrike]] om kontrollen over kolonien. I [[1808]] drog kong [[João VI av Portugal]], som var på flukt frå [[Napoléon Bonaparte|Napoleon]], til Brasil saman med kongefamilien og regjeringa. Sjølv om dei vende attende til Portugal i 1821, medførte opphaldet deira eit stigande ønske blant brasilianarane om å få sjølvstyre. I 1822 oppretta den dåverande prinsregenten [[Pedro I av Brasil|Dom Pedro I]] eit uavhengig Brasil, den uavhengige staten fekk namnet Keisardømet Brasil. Riket bestod fram til den neste keisaren, [[Pedro II av Brasil|Dom Pedro II]], blei avsett i [[1889]] og det blei oppretta ein republikanskbasert [[føderasjon]].
På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet kom det meir enn fem millionar [[Europa|europeiske]] og [[
I presidentvalet i [[2002]] sigra [[Luiz Inácio Lula da Silva]] etter at han hadde stilt til val fire gonger tidlegare. Han blei gjenvald i 2006 med 60,8 prosent av stemmane.I 2011 blei han etterfølgd av [[Dilma Rousseff]], den første kvinnelege presidenten i landet. I 2019 blei [[Jair Bolsonaro]], som hadde militær bakgrunn, ny president.
Line 84:
Innvandring frå [[Europa]] til Brasil auka på [[1870-talet]], særleg med innflyttarar frå [[Italia]]. Etterkomarane deira utgjer no 15 % av befolkningar, om lag 25 millionar menneske, og er den største samlinga [[italienarar]] utanfor moderlandet. Ei anna stor gruppe kom frå [[Spania]], medan 1800- og tidleg 1900-tal òg såg innvandring frå land som [[Polen]], [[Russland]], [[Ukraina]] og [[Austerrike]]. Desse innvandrarane busette seg mest i dei sørlege statane.
Tidleg på 1900-talet tok òg [[japanarar]] til å flytta til landet. Dei er den største [[asia]]tiske minoriteten i landet, og befolkninga på 5 millionar er den største samlinga japanarar utanfor Japan.
Store grupper frå [[Midtausten]], som [[Libanon]] og [[Syria]], har òg kome til landet.
Line 93:
Brasilianarar har historisk vore katolske. Ved folketeljinga i 2010 tilhøyrde 64,6 % av folkesetnaden [[Den katolske kyrkja]]. Ulike [[Protestantisme|protestantiske]] kyrkjesamfunn har vore i sterk vekst og i 2010 sokna 22,2 % av folkesetnaden til slike. I 2010 tilhøyrde 13,3 % [[Pinserørsla|pinsekyrkjer]], der [[Assembléia de Deus]] var den største med 12,3 millionar medlemmar (6,5 % av folkesetnaden). 2 % oppgav i 2010 å vera [[Kardecisme|spiritistar]], medan 8 % av folkesetnaden rapporterte at dei ikkje tilhøyrde nokon religion.<ref name="CensoReligion2010">Tabela 1.4.1 - População residente, por situação do domicílio e sexo, segundo os grupos de religião - Brasil - 2010, [http://biblioteca.ibge.gov.br/visualizacao/periodicos/94/cd_2010_religiao_deficiencia.pdf ''Censo demográfico. 2010. características gerais da população, religião e pessoas com deficiência''], IBGE, 2010, s. 143–144.</ref>
Andre religionar i landet er blant anna dei afrikanskinspirerte [[candomblé]] og [[umbanda]]. Folkesetnaden med japansk bakgrunn vedkjenner seg ofte til [[
=== Politikk og administrasjon ===
[[Fil:Congresso_do_Brasil.jpg|mini|Nasjonalforsamlinga i Brasil.]]
Den noverande [[
Parlamentet (''Congresso Nacional'') består av to kammer. Senatet, ''Senado Federal'', har 81 sete med tre medlemmar frå kvar av dei 27 delstatane. Senatorane blir valde med fleirtalsval for ein periode på åtte år. Ein byter ut ⅓ av senatorane etter fire år og dei attverande ⅔ etter nye fire år. Det andre kammeret heiter ''Câmara dos Deputados'' og har 513 sete. I dette kammeret er det proporsjonal representasjon, og medlemmane sit i fire år.
Line 104:
Brasil er delt inn i 27 føderale einingar der 26 er delstatar (''estados'', singular: estado) og det siste er eit føderalt distrikt (''Distrito Federal''), som omfattar hovudstaden. Kvar delstat er vidare delt inn i ''[[Brasiliansk kommune|municípios]]'' (kommunar).
[[Acre i Brasil|Acre]], [[Alagoas]], [[Amapá]], [[Amazonas i Brasil|Amazonas]], [[Bahia]], [[Ceará]], [[Distrito Federal]], [[Espírito Santo]], [[Goiás]], [[Maranhão]], [[Mato Grosso]], [[Mato Grosso do Sul]], [[Minas Gerais]], [[Pará]], [[Paraíba
''Instituto Brasileiro dei Geografia e Estatistica'' har gruppert delstatane inn i 5 store regionar: Nord, Nordaust, Sentralt-Vest, Søraust og Sør.
=== Næringsliv ===
Brasil er velutvikla innan [[Landbruk|jordbruk]], [[gruvedrift]] og produksjons- og servicenæringar. Landet er rikt på naturressursar og har god tilgang på arbeidskraft, noko som gjer det til det økonomisk leiande landet i Sør-Amerika. På slutten av 1990-talet førte den finansielle krisa i [[Asia]] til at også økonomien i Brasil fekk ein nedgang. I 1998 fekk landet økonomisk hjelp frå [[Det internasjonale pengefondet]] og i 1999 vedtok sentralbanken i Brasil at [[
Om lag 20 % av husstandane i Brasil lever under [[Fattigdomsgrense|fattigdomsgrensa]], og det er store skilnader i inntekter. Brasil er medlem av det søramerikanske frihandelssamarbeidet [[Mercosul]].
Line 120:
==== Energi i Brasil ====
[[Fil:Itaipu_noche.JPG|venstre|mini|[[Itaipu-demninga|Itaipu]], det største [[
Brasil er blant dei ti største energikonsumentane i verda med høg del av [[fornybar energi]], særleg [[Vassenergi|vasskraft]] og [[etanol]]. Brasil produserer 2,4 millionar fat [[råolje]] per dag.
=== Kultur ===
[[Karneval
== Galleri av byar ==
Line 151:
{{refopning}}
*''Denne artikkelen bygger på «[[:nb:Brasil|Brasil]]» frå {{Wikipedia-utgåve|nb}}, den 15. oktober 2020.''
== Bakgrunnsstoff ==
{{commonskat}}
|