Brasil: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
hølh |
s rydda/retta using AWB |
||
(25 mellomliggjande versjonar av 13 brukarar er ikkje viste) | |||
Line 1:
{{Fakta om Brasil}}
'''Brasil''' er ein [[republikk]] og den største [[stat]]en i [[Sør-Amerika]] både i [[flatevidd]], [[folketal]] og [[bruttonasjonalprodukt]].
Brasil si kystlinje mot [[Atlanterhavet]] strekkjer seg over 7 491 km, og landet deler grenser med andre land over ei strekning på 16 885 km. I nord grensar det mot Guyana, [[Venezuela]], [[Surinam]] og Fransk [[Guyana]], i nordvest mot [[Colombia]], i vest mot [[Bolivia]] og [[Peru]], i sørvest mot [[Argentina]] og [[Paraguay]] og i sør mot [[Uruguay]]. Dei einaste søramerikanske landa som ikkje grensar mot Brasil er [[Chile]] og [[Ecuador]]. Hovudstaden i landet er [[Brasília]]. Andre større byar er [[São Paulo]], [[Rio de Janeiro]], [[Fortaleza]], [[Salvador]] og [[Belo Horizonte]]. I flatevidd er landet nesten på storleik med [[USA]].
Brasil var ein [[det portugisiske imperiet|portugisisk koloni]] frå [[Pedro Álvares Cabral]] kom til staden i 1500 fram til 1815, då landet fekk status som kongedøme og Det sameinte kongeriket Portugal, Brasil og Algarve blei danna. Den koloniale bandet blei i røynda brote i 1808, då hovudstaden i [[Det portugisiske imperiet|det portugisiske koloniriket]] blei overført frå Lisboa til Rio de Janeiro etter [[Napoléon Bonaparte|Napoleon]] sin invasjon av Portugal. Sjølvstendet fann stad i 1822 ved danninga av [[keisardømet Brasil]], ein einingsstat styrt som eit [[konstitusjonelt monarki]] med eit [[Parlamentarisme|parlamentarisk system]]. Landet blei [[republikk]] i 1889 då eit militært [[Kupp|statskupp]] proklamerte republikken, sjølv om [[tokammersystem]]et, som i dag heiter Kongressen, går attende til ratifiseringa av den første grunnlova i 1824. Den noverande grunnlova, utforma i 1988, definerer Brasil som ein [[Føderasjon|forbundsrepublikk]]. Forbundet er danna av eit føderalt distrikt og 26 delstatar
Økonomien til Brasil er den [[Verdas land etter bruttonasjonalprodukt|sjette største i verda]] etter nominell [[Bruttonasjonalprodukt|BNP]] og den sjuande største etter [[Kjøpekraftsparitet|kjøpekraft]] (per 2011).<ref name="siteresources.worldbank.org">[http://siteresources.worldbank.org/DATASTATISTICS/Resources/GDP.pdf World Development Indicators database] (PDF-fil), World Bank, 7. oktober 2009.</ref> Brasil er ein av dei raskast veksande store økonomiane i verda, og økonomiske reformer har gjeve landa fornya internasjonalt omdøme. Brasil er ein av grunnleggjarane av [[Dei sameinte nasjonane|SN]], [[G20]], [[Samveldet av portugisiskspråklege land|CPLP]], [[Den latinske unionen]], [[Organisasjonen av ibero-amerikanske statar]], [[Organisasjonen av amerikanske statar]], [[Mercosur|Mercosul]] og [[Den søramerikanske unionen]], og er òg eit av [[BRIC|BRIC-landa]].
== Namn ==
[[Fil:AtlasMiller BNF Brasilis paubrasil.jpg|mini|Illustrasjon av ''Terra Brasilis'' frå Atlas Miller, eit portugisisk atlas frå rundt 1519]]
Landet har namn etter [[brasiltre]], eit treslag som blei mykje verdsett av dei portugisiske kolonistane. På [[portugisisk]] kallar ein brasiltre ''pau-brasil'', og ordet brasil blir vanlegvis sagt å tyda «raudt som ei glo», danna frå det [[latin]]ske ''brasa'' ('glo') og suffikset ''-il'' (frå ''-iculum'' eller-''ilium'').<ref>[http://www.cnrtl.fr/etymologie/brésil CNRTL] – Centre National de Ressources Textuelles et Lexicales (fransk)</ref><ref>[http://michaelis.uol.com.br/moderno/portugues/index.php?lingua=portugues-portugues&palavra=brasil Michaelis] – Moderno Dicionário da Língua Portuguesa (portugisisk)</ref><ref>[http://aulete.uol.com.br/site.php?mdl=aulete_digital&op=loadVerbete&pesquisa=1&palavra=brasil iDicionário Aulete] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20120229062555/http://aulete.uol.com.br/site.php?mdl=aulete_digital&op=loadVerbete&pesquisa=1&palavra=brasil |date=2012-02-29 }} (portugisisk)</ref> Brasiltre produserer eit djupt raudt fargestoff, og det var dette som var så høgt verdsett av klesindustrien i Europa og var det tidlegaste kommersielt utnytta produktet frå Brasil. Gjennom 1500-talet blei det hausta i enorme mengder av urfolk (for det meste [[tupiar]]) langs kysten av Brasil, som selde tømmeret til europeiske handelsmenn (for det meste [[portugisarar]], men òg [[franskmenn]]) i byte mot diverse europeiske forbruksvarer.<ref name="BuenoTrintaSeis">Eduardo Bueno, ''Brasil: uma História'' (São Paulo: Ática, 2003; ISBN 85-08-08213-4), p.36. (portugisisk)</ref>
Det offisielle namnet på landet i tidlege portugisiske dokument var «Landet til den heilage krossen» (''Terra da Santa Cruz''), men europeiske sjømenn og handelsmenn kalla det ofte rett og slett «Brasillandet» (''Terra do Brasil'') på grunn av handelen med brasiltre. Den populære nemninga overskugga og fortrengde etterkvart det offisielle namnet. Tidlege sjøfararar kalla tidvis òg området for «Papegøyelandet» (''Terra di Papaga'').
På [[guaraní]], eit offisielt språk i [[Paraguay]], blir Brasil kalla «Pindorama». Dette var namnet urfolk i Brasil gav til regionen, og tyder «landet med palmar».{{treng referanse}}
== Geografi ==
[[Fil:Brazil map 2014.png|mini|venstre|Kart over Brasil]]
Brasil dekker eit stort område langs den austlege kysten av Sør-Amerika og omfattar mykje av det indre av kontinentet. Den 16 885 km lange landegrensa vert delt mellom ti land, og den lengste delen er den nesten 3000 km lange grensa mot [[Peru]] i vest. Landet deler grense med alle land i Sør-Amerika bortsett frå [[Ecuador]] og [[Chile]]. Langs den 7 491 km lange kystlinja ligg òg ei rekkje [[øygruppe]]r, som [[Fernando de Noronha]], [[Rocas-atollen|Rocasatollen]], [[St. Peter og St. Paul-øyane]] og [[Trindade og Martim Vaz]].
Brasil er det [[Verdas land etter flatevidd|femte største]] landet i verda, etter [[Russland]], [[Canada]], [[Folkerepublikken Kina|Kina]] og [[USA]], og det tredje største i Amerika, med eit totalt areal på 8 514 876 km² inkludert 55 455 km² vatn.<ref name="Official Area">[http://www.ibge.gov.br/home/geociencias/cartografia/default_territ_area.shtm Offisielt areal (på portugisisk)] IBGE: Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística. Besøkt 1. august 2010.</ref> Landet spennar over tre [[tidssone]]r, frå UTC-4 i dei vestlege statane, til UTC-3 i dei austlege statane (dette er den offisielle tida i Brasil) og UTC-2 på atlanterhavsøyane. Brasil er det einaste landet i verda som ligg på [[ekvator]] og samstundes har samanhengande område utanfor tropane.
Brasiliansk topografi er òg variert og inkluderer [[ås]]ar, [[fjell]], [[slette]]r, [[høgland]] og [[krattskog]]. Mykje av terrenget ligg mellom 200 og 800 meters høgd. Det viktigaste høgareliggjande området opptek mesteparten av den sørlege halvdelen av landet. Dei nordvestlege delane av platået består av breitt, bølgjande terreng brote av låge, avrunda åsar.
Den søraustlege delen av landet er meir robust, med ein kompleks masse av ryggar og [[fjellkjede]]r som kan nå høgder på opptil 1 200 m. Desse områda inkluderer [[Mantiqueirafjella]] og [[Espinhaço]]fjella, og dessutan [[Serra do Mar]].
I nord dannar [[Guayanaskjoldet]] eit viktig [[vasskilje]] mellom elver som renn sørover inn i [[Amazonaselva|Amazonas]] frå elver som renn ut i [[Orinoco]]systemet i Venezuela mot nord. Det høgaste punktet i Brasil er [[Pico da Neblina]] på 2994 m, og det lågaste er kysten mot Atlanterhavet.
Vest i landet ligg store og relativt flate område og våtmarksområdet [[Pantanal]].
Brasil har eit tett og kompleks system av elver, eit av dei mest omfattande i verda, med åtte store nedslagsfelt som alle renn ut i Atlanterhavet. Dei største elvene er [[Amazonaselva|Amazonas]], [[Elva Paraná|Paraná]] med dei imponerande [[Iguazúfalla]], og dessutan [[Elva Negro i Brasil|Negro]], [[Elva São Francisco|São Francisco]], [[Xingu]], [[Masirah|Madeira]] og [[Tapajós]].
=== Klima ===
{{detaljar|Klima i Brasil}}
{{Dobbeltbilete|right|Neve na SC-438 em São Joaquim.JPG|183|Fernando de Noronha Conceicao Beach.jpg|183|[[Snø]] i [[São Joaquim]] i [[Santa Catarina (delstat)|Santa Catarina]] i 2010 og [[tropisk klima]] i [[Fernando de Noronha]] i [[Pernambuco]].}}
Klimaet i Brasil omfattar eit breitt spekter av vêrforhold over eit stort område med ein variert [[topografi]], men mesteparten av landet er tropisk.
Etter [[Köppen si klimaklassifisering]] dekker Brasil fem store klimatiske subtypar: [[tropisk regnskogklima]], tropisk, [[Steppeklima|halvtørt klima]], høgland [[Tropisk klima|tropisk]], [[temperert klima]] og [[subtropisk klima]]. Dei ulike klimatiske tilhøva gjev miljø som spenner frå ekvatoriale regnskogar i nord og halvtørre ørkenar i nordaust, til temperert barskog i sør og tropiske savannar i sentrale Brasil. Mange regionar har tydeleg ulike [[mikroklima]].
Sjølv om det meste av Brasil ligg i tropane, bur meir enn 60 prosent av folkesetnaden i område som er kjøligare, anten på grunn av høgd, vind frå havet eller polare frontar. Medan dei kystnære byane Rio de Janeiro, Recife og Salvador kan bli ekstremt varme, kan byar på platået, som São Paulo, Brasília og Belo Horizonte ha mildare klima, og dei sørlege byane Porto Alegre og Curitiba har milde vintrar.
Til trass for det populære biletet av Amazonas som ein region med sterk varme er temperaturar på meir enn 32 °C faktisk sjeldne. Den årlege middeltemperaturen i regionen er 22-26 °C, med lite variasjon mellom dei varmaste og kaldaste månadene. Den varmaste delen av Brasil er i nordaust, der temperaturar på meir enn 38 °C er hyppig registrert i den tørre årstida mellom mai og november. Langs atlanterhavskysten frå Recife til Rio de Janeiro varierer gjennomsnittleg temperatur frå 23-27 °C. I innlandet på større høgder er temperaturane lågare, 18-21 °C. Sør for Rio er årstidene meir definerte og omfanget av temperatursvingningene betydeleg breiare, med eit årsgjennomsnitt på mellom 17 og 19 °C.
Det mest intense regnet i Brasil fell rundt munningen av Amazonas nær byen [[:no:Belém|Belém]], og også i dei øvre delane av Amazonas, der det fell meir enn {{formatnum:2000}} millimeter regn kvar år. Mesteparten av Brasil har moderate nedbørsmengder på mellom {{formatnum:1000}} og {{formatnum:1500}} millimeter i året, det meste av dette kjem mellom desember og april. Den tørraste delen av landet er i nordaust, der nedbøren er uberekneleg og fordampingshastigheiten særs høg, noko som gjer det vanskeleg å dyrka avlingar.
=== Flora og fauna ===
[[Fil:Anavilhanas1.jpg|mini|[[Regnskogen i Amazonas]], den største tropiske skogen i verda.]]
Det utstrekte landet består av fleire ulike økosystem, til dømes [[Regnskogen i Amazonas|Amazonasregnskogen]], som er kjend for å ha det største [[Biologisk mangfald|biologiske mangfaldet]] i verda, der skogbeltet [[Mata atlântica]] og savannen [[Cerrado]] særleg stikk seg ut. I sør veks skogar av [[Apeskrekkslekta|''Araucaria'']]-tre i tempererte tilhøve. Det rike dyrelivet i Brasil speglar mangfaldet av naturlege habitat. Forskarar går ut frå at den totale mengda plante- og dyrearter i Brasil kan vera nærare fire millionar.
Større pattedyr er mellom anna [[puma]], [[jaguar]], [[ozelot]], sjeldne [[Buskhund|bushhundar]] og [[Raudrev|revar]]; [[navlesvin]], [[tapir]]ar, [[maurslukar]]ar, [[dovendyr]], [[pungrotter]] og [[beltedyr]] finst i store mengder. Det er rikelig med [[hjortedyr]] i sør, og mange artar av [[Vestaper|vestapar]] held til i nord. Bekymring for miljøet har vakse i takt med den globale interessa for miljøspørsmål.
=== Miljø ===
Naturarven i Brasil er sterkt truga av kvegdrift og jordbruk, hogst, gruvedrift, olje- og gassutvinning, overfiske, handel med dyr, demningar og infrastruktur, vassforureining, [[klimaendring]]ar og brannar.
I mange område av landet er naturmiljøet truga av utbygging.
Bygging av motorvegar har opna opp tidlegare avsidesliggande område for landbruk og busetjing, dammar har oversumt dalar og dyrehabitater, og gruvedrift har forureina landskapet både visuelt og kjemisk. Minst 70 dammar er sagt å planleggjast for Amazonas-regionen, inkludert den kontroversielle [[Belo Monte-dammen]].<ref>[http://news.bbc.co.uk/2/hi/americas/8492577.stm Brazil grants environmental licence for Belo Monte dam]. ''BBC News''. 2. februar 2010.</ref>
Over 80 % av [[elektrisitet]]en blir produsert av [[Vassenergi|vasskraft]].
== Historie ==
Brasil hadde vore folkesett av urfolksgrupper i minst 25 000 år då landet blei oppdaga for europearane av den [[Portugal|portugisiske]] oppdagelsesreisende [[Pedro Álvares Cabral]] i år [[1500]]. I dei følgjande tre hundreåra busette portugisarane seg i landet og administrerte det som ein kommersiell koloni, som i stor grad var basert på [[slaveri]]. På 1600-talet kjempa dei mot [[Dei sameinte Nederlanda]] og [[Frankrike]] om kontrollen over kolonien. I [[1808]] drog kong [[João VI av Portugal]], som var på flukt frå [[Napoléon Bonaparte|Napoleon]], til Brasil saman med kongefamilien og regjeringa. Sjølv om dei vende attende til Portugal i 1821, medførte opphaldet deira eit stigande ønske blant brasilianarane om å få sjølvstyre. I 1822 oppretta den dåverande prinsregenten [[Pedro I av Brasil|Dom Pedro I]] eit uavhengig Brasil, den uavhengige staten fekk namnet Keisardømet Brasil. Riket bestod fram til den neste keisaren, [[Pedro II av Brasil|Dom Pedro II]], blei avsett i [[1889]] og det blei oppretta ein republikanskbasert [[føderasjon]].
På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet kom det meir enn fem millionar [[Europa|europeiske]] og [[asia]]tiske innvandrarar til Brasil. I dette tidsrommet blei Brasil òg industrialisert og byrja å utnytta større delar av landområda sine. Det brasilianske demokratiet har vore erstatta av [[diktatur]] tre gonger; 1930–1934 og 1937–1945 under [[Getúlio Dornelles Vargas|Getulio Vargas]], og dessutan 1964–1985 under ei rekkje generalar utnemnt av militæret. Den noverande [[grunnlov]]a stammar frå [[1988]].
I presidentvalet i [[2002]] sigra [[Luiz Inácio Lula da Silva]] etter at han hadde stilt til val fire gonger tidlegare. Han blei gjenvald i 2006 med 60,8 prosent av stemmane.I 2011 blei han etterfølgd av [[Dilma Rousseff]], den første kvinnelege presidenten i landet. I 2019 blei [[Jair Bolsonaro]], som hadde militær bakgrunn, ny president.
== Samfunn ==
=== Innbyggjarar ===
Dei fleste brasilianarane bur i kystnære område. Innover i landet er folkesetnaden meir sparsam. Folkesamansetjinga er særs heterogen og det finst mange ulike kulturar i landet. I sør er folkesetnaden dominert av folk med europeisk avstamming. Dette inkluderer folk frå blant anna [[Portugal]], [[Polen]], [[Ukraina]], [[Tyskland]] og [[Italia]]. Andre immigrantgrupper er folk frå [[Japan]] og [[Sør-Korea]]. I nord og nordaust er folkesetnaden samansett av urfolk og folk med afrikansk eller europeisk avstamming.
Om lag 26 % av folkesetnaden er i alderen 0–14 år. 68 % er i alderen 15–64 år og 6 % er 65 år eller eldre. Medianalderen er 28 år. Årleg finst det om lag 17 fødslar og 6 dødsfall per 1 000 innbyggjarar, noko som gjev ein befolkningsvekst på 1,06 %. Forventa levealder er på 72 år.
Brasilianarane dannar den største portugisisktalande nasjonen i verda.
Folket i Brasil er prega av tre store [[folkegruppe]]r; [[brasilianske urfolk]], innvandra europearar og importerte [[afrikanarar]]. Det har vore vanleg for desse gruppene [[ekteskap|å gifta seg]] med kvarandre, slik at innbyggjarane er blitt blanda til «brasilianarar». Samfunnet er likevel prega av skjult [[rasisme]], der dei som har lysare hudfarge som regel òg høyrer til ein betre sosial klasse, og unngår å blanda seg med mørkhuda. Som ein hovudregel bur folk av mest europeisk avstamming sør i landet og folk av blanda nedætting i nord og nordaust.
==== Hovudgrupper ====
Brasil ber preg av å ha vore ein [[Portugal|portugisisk]] koloni frå om lag 1500 til 1822. Eit fleirtal av folket nedstammar frå [[portugisarar]], [[portugisisk]] er òg det viktigaste språket i landet, og kulturen har mange portugisiske trekk. Ei anna viktig europeisk innvandrargruppe er [[tyskarar]] som hovudsakleg busette seg i [[Blumenau]] sør i landet.
Rad 27 ⟶ 81:
Brasilianske urfolk har i stor grad blitt absorberte av innvandrarane, men det finst spreidde stammar som framleis held på dei [[førkolumbisk]]e identitetane sine. Desse utgjer om lag 1 % av innbyggjarane i Brasil. Dei viktigaste større urfolkgruppene er [[tupiar]] og [[guaraniar]].
==== Nyare innvandring ====
Innvandring frå [[Europa]] til Brasil auka på [[1870-talet]], særleg med innflyttarar frå [[Italia]]. Etterkomarane deira utgjer no 15 % av befolkningar, om lag 25 millionar menneske, og er den største samlinga [[italienarar]] utanfor moderlandet. Ei anna stor gruppe kom frå [[Spania]], medan 1800- og tidleg 1900-tal òg såg innvandring frå land som [[Polen]], [[Russland]], [[Ukraina]] og [[Austerrike]]. Desse innvandrarane busette seg mest i dei sørlege statane.
Tidleg på 1900-talet tok òg [[japanarar]] til å flytta til landet. Dei er den største [[asia]]tiske minoriteten i landet, og befolkninga på 5 millionar er den største samlinga japanarar utanfor Japan.
Store grupper frå [[Midtausten]], som [[Libanon]] og [[Syria]], har òg kome til landet.
===
{{Pie chart|caption=Trusretningar i Brasil (2010).<ref name="CensoReligion2010"/>|label1=[[Den katolske kyrkja|Katolisisme]]|value1=64.6|color1=gold|label2=[[Protestantisme]]|value2=22.2|color2=#7CB9E8|label3=Ingen religion|value3=8|color3=#B2BEB5|label4=[[Kardecisme|Spiritisme]]|value4=2|color4=#C39953|label5=Andre|value5=3.2|color5=#F2F3F4}}
Brasilianarar har historisk vore katolske. Ved folketeljinga i 2010 tilhøyrde 64,6 % av folkesetnaden [[Den katolske kyrkja]]. Ulike [[Protestantisme|protestantiske]] kyrkjesamfunn har vore i sterk vekst og i 2010 sokna 22,2 % av folkesetnaden til slike. I 2010 tilhøyrde 13,3 % [[Pinserørsla|pinsekyrkjer]], der [[Assembléia de Deus]] var den største med 12,3 millionar medlemmar (6,5 % av folkesetnaden). 2 % oppgav i 2010 å vera [[Kardecisme|spiritistar]], medan 8 % av folkesetnaden rapporterte at dei ikkje tilhøyrde nokon religion.<ref name="CensoReligion2010">Tabela 1.4.1 - População residente, por situação do domicílio e sexo, segundo os grupos de religião - Brasil - 2010, [http://biblioteca.ibge.gov.br/visualizacao/periodicos/94/cd_2010_religiao_deficiencia.pdf ''Censo demográfico. 2010. características gerais da população, religião e pessoas com deficiência''], IBGE, 2010, s. 143–144.</ref>
Andre religionar i landet er blant anna dei afrikanskinspirerte [[candomblé]] og [[umbanda]]. Folkesetnaden med japansk bakgrunn vedkjenner seg ofte til [[shinto]]ismen.
=== Politikk og administrasjon ===
[[Fil:Congresso_do_Brasil.jpg|mini|Nasjonalforsamlinga i Brasil.]]
Den noverande [[grunnlov]]a stammar frå 1988 og gjev omfattande fullmakter til dei føderale styresmaktene. Landet har direkteval på president og visepresident, som blir valde på same stemmesetel og som sit i fire år. Presidenten har omfattande makt, og er både [[Statsoverhovud|statssjef]] og [[Regjeringsleiar|regjeringssjef]]. Det er òg han som peikar ut regjeringa.
Parlamentet (''Congresso Nacional'') består av to kammer. Senatet, ''Senado Federal'', har 81 sete med tre medlemmar frå kvar av dei 27 delstatane. Senatorane blir valde med fleirtalsval for ein periode på åtte år. Ein byter ut ⅓ av senatorane etter fire år og dei attverande ⅔ etter nye fire år. Det andre kammeret heiter ''Câmara dos Deputados'' og har 513 sete. I dette kammeret er det proporsjonal representasjon, og medlemmane sit i fire år.
=== Administrativ inndeling ===
Brasil er delt inn i 27 føderale einingar der 26 er delstatar (''estados'', singular: estado) og det siste er eit føderalt distrikt (''Distrito Federal''), som omfattar hovudstaden. Kvar delstat er vidare delt inn i ''[[Brasiliansk kommune|municípios]]'' (kommunar).
[[Acre i Brasil|Acre]], [[Alagoas]], [[Amapá]], [[Amazonas i Brasil|Amazonas]], [[Bahia]], [[Ceará]], [[Distrito Federal]], [[Espírito Santo]], [[Goiás]], [[Maranhão]], [[Mato Grosso]], [[Mato Grosso do Sul]], [[Minas Gerais]], [[Pará]], [[Paraíba]], [[Delstaten Paraná|Paraná]], [[Pernambuco]], [[Piauí]], [[Delstaten Rio de Janeiro|Rio de Janeiro]], [[Rio Grande do Norte]], [[Rio Grande do Sul]], [[Rondônia]], [[Roraima]], [[Delstaten Santa Catarina|Santa Catarina]], [[Delstaten São Paulo|São Paulo]], [[Sergipe]], [[Tocantins]]
''Instituto Brasileiro dei Geografia e Estatistica'' har gruppert delstatane inn i 5 store regionar: Nord, Nordaust, Sentralt-Vest, Søraust og Sør.
=== Næringsliv ===
Brasil er velutvikla innan [[Landbruk|jordbruk]], [[gruvedrift]] og produksjons- og servicenæringar. Landet er rikt på naturressursar og har god tilgang på arbeidskraft, noko som gjer det til det økonomisk leiande landet i Sør-Amerika. På slutten av 1990-talet førte den finansielle krisa i [[Asia]] til at også økonomien i Brasil fekk ein nedgang. I 1998 fekk landet økonomisk hjelp frå [[Det internasjonale pengefondet]] og i 1999 vedtok sentralbanken i Brasil at [[valuta]]en i landet, real, ikkje lenger skulle ha ein fast [[Vekslingskurs|valutakurs]] mot [[US-dollar|amerikansk dollar]]. Samstundes blei det gjennomført ei [[devaluering]]. Desse tiltaka førte til ein svak vekst i økonomien på byrjinga av 2000-talet, men for å styrkja økonomien ytterlegare sette [[president]] [[Luiz Inácio Lula da Silva|«Lula» da Silva]] i verk fleire reformer. Brasil er eit [[BRIC]]-land.
Om lag 20 % av husstandane i Brasil lever under [[Fattigdomsgrense|fattigdomsgrensa]], og det er store skilnader i inntekter. Brasil er medlem av det søramerikanske frihandelssamarbeidet [[Mercosul]].
==== Landbruk ====
Landbruk i Brasil og nærskylde sektorar som [[skogbruk]], treforedling og [[fiskeri]] utgjorde 5,1 % av [[Bruttonasjonalprodukt|BNP]] i 2007.
==== Industri i Brasil ====
Industri i Brasil — frå [[bil]], [[stål]] og [[Petrokjemi|petrokjemisk industri]] til [[Datamaskin|PC]], [[fly]] og varige gode — utgjorde 30,8 % av BNP. Industrien er vesentleg høgteknologisk og ligg i storbyar som [[São Paulo]], [[Rio de Janeiro]], [[Campinas]], [[Porto Alegre]] og [[Belo Horizonte]].
==== Energi i Brasil ====
[[Fil:Itaipu_noche.JPG|venstre|mini|[[Itaipu-demninga|Itaipu]], det største [[vasskraftverk]]et i verda etter energiproduksjon og nest største etter installert kapasitet.]]
Brasil er blant dei ti største energikonsumentane i verda med høg del av [[fornybar energi]], særleg [[Vassenergi|vasskraft]] og [[etanol]]. Brasil produserer 2,4 millionar fat [[råolje]] per dag.
=== Kultur ===
[[Karneval]]et og dessutan musikk- og dansestilar som blant anna [[samba]], [[bossa nova]] og [[forró]] er nokre av dei beste kjende delane av brasiliansk kulturliv i omverda. Innan [[Idrett|sport]] har landet sikra seg fem verdsmeisterskapstitlar i fotball. Kampsporten [[capoeira]] stammar òg frå Brasil. Innan litteratur er kanskje [[Paulo Coelho]] den best kjende representanten, medan [[Oscar Niemeyer]] er ein internasjonalt kjend [[arkitekt]].
== Galleri av byar ==
<gallery>
Fil:Esplanada dos Ministérios, Brasília DF 04 2006 (modificada).jpg|[[Brasília]]
Fil:Belo Horizonte view from JK building.jpg|[[Belo Horizonte]]
Fil:Climate in Southern Brazil.jpg|[[Curitiba]]
Fil:Ponte Hercílio Luz Florianopolis-edit.jpg|[[Florianópolis]]
Fil:Caminhada com Maria.JPG|[[Fortaleza]]
Fil:Goiania-vaca-brava.jpg|[[Goiânia]]
Fil:Maceio02.jpg|[[Maceió]]
Fil:Natal-Praia-do-Meio-Santos-Reis.jpg|[[Natal]]
Fil:Porto601737 89.jpg|[[Porto Alegre]]
Fil:Boa viagem.jpg|[[Recife]]
Fil:Rio Corcovado Pain de Sucre.jpg|[[Rio de Janeiro]]
Fil:Salvador BA.jpg|[[Salvador]]
Fil:Jansen lagoon.jpg|[[São Luis]]
Fil:Jardim Paulistano2.jpg|[[São Paulo]]
</gallery>
== Kjelder ==
{{refstart}}
* [[:en:Brazil|Tilsvarande artikkel på engelsk Wikipedia]]
* [[:en:Demographics of Brazil|Artikkel om folk i Brasil på engelsk Wikipedia]]
{{refslutt}}
{{refopning}}
*''Denne artikkelen bygger på «[[:nb:Brasil|Brasil]]» frå {{Wikipedia-utgåve|nb}}, den 15. oktober 2020.''
{{refslutt}}
== Bakgrunnsstoff ==
{{commonskat}}
;Litteratur
* Arne Halvorsen ''Brasil : i sol og skygge'', 2014 ISBN 9788253036380
{{Sør-Amerika}}
|