Noreg under andre verdskrigen: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
s ' |
s →Felttoget i 1940 og norsk kapitulasjon: rydda/retta using AWB |
||
(34 mellomliggjande versjonar av 20 brukarar er ikkje viste) | |||
Line 1:
[[Fil:Second world war europe 1940 map de.png|
'''[[Den andre verdskrigen]]''' råka '''[[Noreg]]''' hardare enn nokon annan moderne [[krig]] hadde gjort. Landet opplevde [[totalitært styre]] frå den [[Nazi-Tyskland|tyske]] [[okkupasjon]]smakta og [[bombeåtak]] frå [[Dei allierte under den andre verdskrigen|dei allierte]], rasjonering av [[mat]] og utstyr og mangel på informasjon. Embetsverket, politiet o.l.
Noreg var under tysk okkupasjon frå [[1940]] til [[1945]]. Åtaket frå [[Adolf Hitler|Hitler]]-Tyskland tok til [[9. april]] 1940, Noreg var fullt ut okkupert frå førstninga av juni, og dei tyske styrkane i Noreg kapitulerte [[8. mai]] 1945.
Under den nazi-tyske okkupasjonen var [[demokrati]]et i Noreg avskaffa. Den lovlege regjeringa i landet, leidd av [[Johan Nygaardsvold]], oppheldt seg i [[London]] under okkupasjonen. Etter ei stund vart det norske nazistpartiet NS gjort til formelt regjeringsparti, men den røynlege makta låg heile tida hos leiaren for okkupasjonsmakta, [[Josef Terboven]].
Den nazi-tyske okkupasjonspolitikken i Noreg var relativt mild, samanlikna med åtferda deira i mange andre land, ikkje minst i [[Polen]], [[Jugoslavia]] og [[Sovjetunionen]]. Nordmenn flest vart sedde på som folk av rett rase som det var om å gjera å vinne over til nazistane si side. (Dette gjaldt sjølvsagt ikkje norske [[jødar]] eller [[sigøynarar]]. Halvparten av dei norske jødane vart drepne, nesten alle dei fekk tak i.) Derfor hadde tyske okkupasjonssoldatar generell ordre om å fara fint åt med norske sivile. Dersom nordmenn deltok i motstandsarbeid, vart dei likevel utsette for all den grove vald og terror nazismen elles ikkje nølte med å bruke. Til saman vart om lag 10 000 nordmenn drepne under andre verdskrigen.
==Opptakt==
Då [[den andre verdskrigen]] starta i september [[1939]], erklærte [[Noreg]] seg [[Nøytralitet
Eit av dei alvorlegaste åtaka på nøytraliteten var [[Altmark-saka]] den [[16. februar]] 1940. Det britiske krigsskipet [[HMS «Cossack»]] borda det tyske skipet [[tankskipet «Altmark»| ]] i [[Jøssingfjord]]. Britiske fangar vart sette fri, trass norske protestar. Hendinga vart nytta som argument frå tysk side om at Noreg ikkje var i stand til å vera nøytral i krigen. I røynda hadde tysk planlegging for invasjonen starta allereie i desember året før. Tyske styresmakter var særs redde for at dei allierte skulle ta kontroll over Noreg. Noreg kunne nyttast som base for åtak mot Tyskland. I tillegg kunne malmeksporten frå [[Sverige]] blokkerast. Både Tyskland og dei allierte la planar om å okkupera Noreg, og [[8. april]] la britiske skip [[mine]]r i [[Vestfjorden]]. Om kvelden den åttande april vart eit tysk transportskip senka utanfor [[Kristiansand]]. Soldatane om bord sa at dei var på veg mot [[Bergen]].▼
▲Eit av dei alvorlegaste åtaka på nøytraliteten var [[Altmark-saka]] den [[16. februar]] 1940. Det britiske krigsskipet [[HMS Cossack]] borda det tyske skipet [[tankskipet Altmark]] i [[Jøssingfjord]]. Britiske fangar vart sette fri, trass norske protestar. Hendinga vart nytta som argument frå tysk side om at Noreg ikkje var i stand til å vera nøytral i krigen. I røynda hadde tysk planlegging for invasjonen starta allereie i desember året før. Tyske styresmakter var særs redde for at dei allierte skulle ta kontroll over Noreg. Noreg kunne nyttast som base for åtak mot Tyskland. I tillegg kunne malmeksporten frå [[Sverige]] blokkerast. Både Tyskland og dei allierte la planar om å okkupera Noreg, og [[8. april]] la britiske skip [[mine]]r i [[Vestfjorden]]. Om kvelden den åttande april vart eit tysk transportskip senka utanfor [[Kristiansand]]. Soldatane om bord sa at dei var på veg mot [[Bergen]].
===Invasjon i april 1940===
[[3. april]] hadde tyske krigsskip lagt ut frå hamn i [[Operation Weserübung]], kodenamnet for invasjonen av [[Danmark]] og Noreg. Kring midnatt natt til [[9. april]] fall den fyrste nordmannen, kaptein [[Leif Welding Olsen]] på vaktskuta [[Pol III]] i [[Oslofjorden|Ytre Oslofjord]]. Dei tyske skipa heldt fram innover fjorden, men vart stogga då [[Oscarsborg festning]] senka flaggskipet [[«Blücher»]]. Dei andre skipa gjekk ikkje inn til Oslo på grunn av at dei trudde fjorden var minelagd. Senkinga gjorde at tyskarane sine planar vart skipla. Slik kunne [[Haakon VII|kongen]] og [[Johan Nygaardsvold si regjering|regjeringa]] få høve til å
===Felttoget i 1940 og norsk kapitulasjon===
I innlandsbygdene møtte tyskarane meir motstand enn venta og sabotasjeaksjonar forseinka framdrifta mykje. Den 20. april var framleis det meste av innlandet under norsk kontroll. Dei siste områda i Sør-Noreg under norsk kontroll var [[Vinje kommune|Vinje]] og [[Tinn kommune|Tinn]] i [[Telemark fylke]] og [[Trysil kommune|Trysil]] i [[Hedmark fylke]]. I
[[Fil:Troops pick through the ruins of Namsos in Norway after a German air raid, April 1940. N97.jpg|thumb|Britiske soldatar går gjennom ruinane av Namsos etter tysk bombing april 1940.{{byline|Imperial War Museum, N97}}]]
Nokre norske byar, [[Namsos]], [[Steinkjer]], [[Elverum]], [[Molde]], [[Kristiansund]], [[Bodø]] og [[Narvik]] vart totalskadde. Skadane kom som fylgje av kampar eller tysk bombing.
Noko hjelp kom frå vestmaktene. Britane sette i land soldatar i [[Åndalsnes]]. Britiske, franske og polske styrkar deltok i [[slaget om Narvik]]. Slaget om Narvik vart vunne av vestmaktene, og vart feira som den fyrste allierte sigeren i krigen. Då Tyskland invaderte Frankrike vart vestmaktene sine styrkar dregne ut av Noreg. Den [[8. juni]] vart den norske øvstkommanderande general [[Otto Ruge]] informert om tilbaketrekkinga.
Den [[10. juni]] kapitulerte nordmennene, medan kongen og regjeringa reiste i eksil til Storbritannia. I ettertid var det ulike tolkingar om kva kapitulasjonen omfatta. Ei tolking kunne vera at det var dei norske styrkane i Noreg som la ned våpna. Ei anna tolking kunne vera at det var Noreg som stat som kapitulerte. Forsvarssjefen, general [[Otto Ruge]], hadde fullmakt frå regjeringa til å forhandla på
==Okkupasjonstida==
Den tyske [[okkupasjon]]en av Noreg var i all hovudsak fredeleg. Særleg gjeld dette om ein samanliknar med tysk okkupasjon av land i Aust-Europa. Tyske styresmakter ynskte ro og orden og at hjula vart haldne i
Opp til 400 000 tyske soldatar var stasjonert i Noreg. I tillegg gjekk ymse krigsskip langs kysten. Vestmaktene gjorde små åtak mot norskekysten for å gje inntrykk av eit komande større åtak. Eit døme på slike åtak var [[Måløy-raidet]]. Om dei tyske ressursane hadde vorte sett inn andre stader kunne krigsgangen vorte endra.
Den tyske okkupasjonsmakta nytta ved nokre høve harde straffetiltak mot sivile. Eit av dei verste døma var bygda [[Tælavåg]] i Hordaland. Etter at to [[Gestapo]]-offiserar vart drepne i kamp med [[Kompani Linge|Linge-folk]], vart heile bygda lagt aude av tyskarane. Alle vaksne menn vart sende til [[konsentrasjonsleir]]en [[Sachsenhausen]], der 31 av 72 døydde. Resten av folket i Tælavåg vart internerte i Noreg resten av krigen, og alle hus vart sprengde. Båtar vart tekne og husdyr avliva.
I [[Finnmark fylke]] vart krigen merka mykje hardare enn i resten av landet . Den tyske lapplandsarmén nytta [[den brende jords taktikk]] under tilbaketrekkinga frå [[Finland]]. Store delar av fylket vart lagt i ruinar av tyske styrkar. Målet var at styrkane frå Sovjet ikkje skulle finna mat og husrom. Dei som budde nord for [[Lyngen]] i Nord- Troms skulle evakuerast sørover. Offisielt skulle dei sivile verta skåna for dei sovjetiske styrkane si brutale framferd. Trass i dette var det mange norske som gøymde seg unna.
Dei norske bilanda [[Svalbard]], [[Jan Mayen]] og [[Bjørnøya]] kom aldri under tysk kontroll.
[[Fil:Oslo queue ww2.jpg|right|thumb|Det var i periodar mangel på mange matvarer i byane i Noreg under andre verdenskrig. Mange stilte seg i kø allereie klokka fem om morgonen for å få kjøpt mat. Her frå ei matkø i Oslo.]]
Kvardagslivet under okkupasjonen vart kjenneteikna av [[svartebørs]] og [[rasjonering]], og kunne vera vanskeleg, særleg for dei som ikkje eigde jord sjølve. Det var delvis vare- og matmangel, og sjølv om mager kost kan vera sunt ei rid, var ein i ferd med å få [[mangelsjukdom]]mar på grunn av for lite [[feitt]] da krigen leid mot slutten. Folk svalt likevel ikkje i hel i Noreg under okkupasjonen, slik dei gjorde i store delar av det tysk-okkuperte [[Aust-Europa]]. Takka vera hjelp frå særleg Danmark og Sverige klarde nordmennene seg høveleg godt.
===Styresett===
Allereie om kvelden den [[9. april]] [[1940]] ordna den tidlegare forsvarsministeren [[Vidkun Quisling]] seg med tilgjenge til [[Norsk rikskringkasting]] sitt [[radio]]studio i Oslo. I ei tale oppnemnde han seg sjølv til [[statsminister]]. Folk med
Då kongen og regjeringa nekta å gå med på dei tyske krava, vart det meir aktuelt å satsa på Quisling. Det synte seg at Quisling berre hadde stønad frå ei grein i det tyske maktapparatet. Etter nokre dagar vart Quisling pressa til å gje opp regjeringsplanane.
[[File:Reichskommissar-skilt funnet i Nidelva, Trondheim.jpg|thumb|Skilt for ''Reichskommissar für die besetzten Norwegischen Gebiete Dienststelle Trondheim'' funne i [[Nidelva]] av marinarkeologar frå [[Vitskapsmuseet]] i 2009. Skiltet vart kanskje brukt på [[Stiftsgården]], som var rikskommissariatets kontor i Trondheim.]]
Eit [[administrasjonsrådet|administrasjonsråd]] vart oppretta av [[Høgsterett]] den [[15. april]]. Rådet skulle styra dei områda som tyskarane kontrollerte. Leiaren av rådet var den sterkt konservative og tyskvenlege fylkesmannen i Oslo og [[Akershus]], [[Ingolf Christensen]]. Delar av næringslivet og enkelte mektige nordmenn var interesserte i at ro og orden vart oppretta så snøgt som mogleg. Nokre ynskte at regjeringa Nygaardsvold skulle gje opp kampen og koma til ei avtale med tyskarane. Administrasjonsrådet sitt styringsområde omfatta frå [[10. juni]] heile fastlands-Noreg. I røynda var det tyskarane sin administrator, [[Josef Terboven]], som sat med makta. Terboven vart av [[Adolf Hitler|Hitler]] frå [[24. april]] utnemnd til [[Reichskommissar]] für die besetzten Norwegischen Gebiete (Rikskommisær for dei
[[Stortinget]] sitt presidentskap sende i slutten av juni eit brev til kongen. I brevet vart han beden om å gå av, etter som han ikkje lenger var i stand til å styra. Det vart gjort framlegg om at Johan Nygaardsvold si regjering ikkje lenger kunne godkjennast som regjering. Ei prøverøysting i Stortinget synte fleirtal for eit slikt syn. Kongen avviste krava.
▲Eit [[administrasjonsrådet|administrasjonsråd]] vart oppretta av [[Høgsterett]] den [[15. april]]. Rådet skulle styra dei områda som tyskarane kontrollerte. Leiaren av rådet var den sterkt konservative og tyskvenlege fylkesmannen i Oslo og [[Akershus]], [[Ingolf Christensen]]. Delar av næringslivet og enkelte mektige nordmenn var interesserte i at ro og orden vart oppretta så snøgt som mogleg. Nokre ynskte at regjeringa Nygaardsvold skulle gje opp kampen og koma til ei avtale med tyskarane. Administrasjonsrådet sitt styringsområde omfatta frå [[10. juni]] heile fastlands-Noreg. I røynda var det tyskarane sin administrator, [[Josef Terboven]], som sat med makta. Terboven vart av [[Adolf Hitler|Hitler]] frå [[24. april]] utnemnd til [[Reichskommissar]] für die besetzten Norwegischen Gebiete (Rikskommisær for dei hérsette norske områda). Terboven skulle styra over sivile norske tilhøve. I røynda hadde han diktatorisk mynde, og berre Hitler stod over han.
[[25. september]] [[1940]] proklamerte [[reichskommissar]] [[Josef Terboven]] at kongen og eksil-regjeringa var avsett, administrasjonsrådet oppløyst og alle politiske parti unnateke NS vart forbodne. Til å styra landet oppnemnde han [[Josef Terboven sine kommissariske statsrådar]].
▲[[Stortinget]] sitt presidentskap sende i slutten av juni eit brev til kongen. I brevet vart han beden om å gå av, etter som han ikkje lenger var i stand til å styra. Det vart gjort framlegg om at Johan Nygaardsvold si regjering ikkje lenger kunne godkjennast som regjering. Ei prøverøysting i Stortinget synte fleirtal for eit slikt syn. Kongen avviste krava.
Ved [[statsakta på Akershus]] den [[1. februar]] [[1942]] vart [[Vidkun Quisling]] utnemnd som leiar for ei kommisarisk (administrativ) norsk [[regjering]], [[Vidkun Quisling si andre regjering]]. Regjeringa vart godkjend av dåverande [[Høgsterett]]. Quisling fekk tittel av [[ministerpresident]], og hadde tankar om at han skulle stå i spissen for ei nasjonal regjering. Den nasjonale regjeringa skulle kunna slutta fred med Tyskland og føra ein sjølvstendig politikk. Terboven heldt trass i dette fram som Reichskommissar. Tyskarane ynskte å vera i førarsetet i Noreg i alle høve fram til krigen var avgjort til deira føremon.
▲[[25. september]] [[1940]] proklamerte [[reichskommissar]] [[Josef Terboven]] at kongen og eksil-regjeringa var avsett, administrasjonsrådet oppløyst og alle politiske parti unnateke NS vart forbodne. Til å styra landet oppnemnde han [[Josef Terboven sine kommissariske statsrådar]].
▲Ved [[statsakta på Akershus]] den [[1. februar]] [[1942]] vart [[Vidkun Quisling]] utnemnd som leiar for ei kommisarisk (administrativ) norsk [[regjering]], [[Vidkun Quisling si andre regjering]]. Regjeringa vart godkjend av dåverande [[Høgsterett]]. Quisling fekk tittel av [[ministerpresident]], og hadde tankar om at han skulle stå i spissen for ei nasjonal regjering. Den nasjonale regjeringa skulle kunna slutta fred med Tyskland og føra ein sjølvstendig politikk. Terboven heldt trass i dette fram som Reichskommissar. Tyskarane ynskte å vera i førarsetet i Noreg i alle høve fram til krigen var avgjort til deira føremon.
=== Motstandsrørsle ===
Motstanden mot okkupasjonen var til å begynne med noko nølande, men særleg etter at nazifiseringa av det sivile samfunnet vart sett i gang, vart
Ikkje-militære nordmenn dreiv ymse sabotasje- og geriljaverksemd i aukande omfang etter som krigen utvikla seg. Dette er, i snever tyding, i strid med [[folkerett]] i krig. Ein kjempande soldat skal ha kjennemerke, til dømes uniform, på at han høyrer til militære styrkar. Tyskarane stempla, som andre okkupantar, kjempande utan kjennemerke som [[terrorist]]ar. Ein kunne rekna seg å vera del av motstandsrørsla om ein var alt frå laust knytt til [[heimefronten]]. Andre igjen var meir fast organisert til militære organisasjonar som [[Milorg]]. Kongefamilien med kong [[Haakon VII]] og kronprins [[Olav V av Noreg|Olav]] i spissen heldt mange radiotalar frå London, og kongefamilien vart eit symbol på motstand mot okkupantane. Etter kvart vart det å høyra på radio ei motstandshandling i seg sjølv.
===Norske styrkar i alliert teneste===
[[File:Ole Friele Backer militæravtalen med Russland.jpg|thumb|Nygaardsvold og Lie signerer militæravtale med Sovjetunion i 1944. {{byline|[[Ole Friele Backer]]}}]]
I juni [[1940]] var det berre ei lita del av den norske hæren og marinen som hadde kome seg over til [[Storbritannia]]. Med desse styrkane som grunnlag vart det bygget opp en større norsk styrke i [[Storbritannia]]. Dei bar, av praktiske årsaker, britisk uniform &
▲I juni [[1940]] var det berre ei lita del av den norske hæren og marinen som hadde kome seg over til [[Storbritannia]]. Med desse styrkane som grunnlag vart det bygget opp en større norsk styrke i [[Storbritannia]]. Dei bar, av praktiske årsaker, britisk uniform — men slik som alle andre eksilstyrkar i alliert teneste hadde dei nasjonalitetsmerke på skulderen. "Norway" (Noreg) for Noregs vedkommende.
Hæren sitt bidrag til krigen var ein [[brigaden i Skottland|infanteribrigade i Skottland]] og ein del mindre spesialeiningar, mellom anna [[Kompani Linge]]. Desse styrkane vart øyremerka for ein mogleg alliert landgang i [[Noreg]], sjølv om soldatane argumenterte for å ta del i [[D-dagen|landstiginga i Normandie]].
▲Styrkene vart utgjort av nordmenn som hadde flykta frå Noreg, [[kvalfangar]]ar og andre som var i utlandet ved krigsutbrotet. Dei norske eksilstyrkane utmerka seg med å vera økonomisk sjølvstendige på grunn av [[den norske handelsflåte]]n.
Ei alliert
▲Hæren sitt bidrag til krigen var ein [[brigaden i Skottland|infanteribrigade i Skottland]] og ein del mindre spesialeiningar, mellom anna [[Kompani Linge]]. Desse styrkane vart øyremerka for ein mogleg alliert landgang i [[Noreg]], sjølv om soldatane argumenterte for å ta del i [[D-dagen|landstiginga i Normandie]].
▲Ei alliert jagarflyving (132. (Norwegian)) låg under norsk kommando sjølv om berre to av fire skvadronar var norske ([[331 skvadronen]] og [[332 skvadronen]]). Dei norske jagarflyskvadronane utmerka seg som nokre av dei beste i det britiske flyvåpenet [[RAF]]. Sidan det ikkje var nokon eigen dansk skvadron fanst det ein del danske jagarflygarar knytt til dei norske avdelingane.
Mot slutten av krigen vart dei norske styrkane utgjort av om lag 4 500 i hæren, 2 600 i [[luftforsvaret]] og 7 400 i [[sjøforsvaret]].
===Norske styrkar i tysk teneste===
[[Fil:Vidkun Quisling hos norske frivillige på østfronten..jpg|thumb|upright|Quisling inspiserer norske friviljuge [[frontkjempar]]ar på [[Austfronten]], mai 1942. {{byline|Riksarkivet RA/S-1256 /U 1/1-12}} ]]
[[Frontkjempar]] er nemninga på nordmenn som melde seg til krigsinnsats på tysk side. Frontkjemparane vart i all hovudsak sett inn mot russarane på austfronten. Mange av dei var motivert av å hjelpa [[Finland]], som var i krig med [[Sovjetunionen]]. Ei stund var det snakk om at dei skulle kjempa direkte i finsk teneste. I staden vart dei sett under tysk kommando, og sett inn særleg på fronten ved [[Leningrad]]. I overkant av 5 000 nordmenn var i aktiv
Eit tal [[sjukepleiar]]ar gjorde teneste i [[Raudekrossen]] på austfronten, mellom anna [[Hanna Kvanmo]]. Som einaste land i verda
===Nasjonal Samling===
[[Nasjonal Samling]], forkorta NS, vart frå september [[1940]] av [[okkupasjon]]smakta gjort til det einaste lovlege politiske partiet i [[Noreg]]. Partiet var bygd opp med det tyske nazipartiet [[NSDAP]] som eit føredøme. Partileiaren [[Vidkun Quisling]] titulerte seg som [[førar]]. Ambisjonen var å gjera NS til det statsberande parti i [[Noreg]]. NS vart ein politisk maktfaktor, men regjerte på okkupasjonsmakta si nåde. NS prøvde å "nyordna" samfunnet i tråd med sine politiske tankar. Målsettinga var at demokratiet med mange parti skulle erstattast med førarprinsippet. Partimedlemmer vart plasserte i samfunnsmessige nøkkelposisjonar. Medlemmene i NS vart av mange sett på som [[landssvikar]]ar.
===Krigsfangeleirar i Noreg ===
Line 83:
===Festung Norwegen===
[[Fil:Tirpitz altafjord.jpg|mini|300px|Det tyske krigsskipet [[«Tirpitz»]] i Bogenfjorden i Ofoten]]
Etter som krigen gjekk vart Noreg viktigare som [[marine]]base. For å hindra invasjon i Noreg vart det bygd ut festningsverk langs kysten. Heile Noreg skulle vera
===Deportasjon av jødane===
[[Fil:Jo Benkow.jpg|mini| [[Jo Benkow]] (1924–2013) overlevde jødeforfølginga ved å flykte til Sverige saman med faren og ein av brødrene. Resten av familien vart drepen i Auschwitz.]]
Kring halvdelen av dei norske [[jødar|jødane]] vart
Av den halvparten som ikkje nådde å flykta i tide, vart så og sei alle sende til [[Tyskland]] og [[Polen]]. Dei fleste av desse, 735 i alt, døydde i tyske [[konsentrasjonsleir]]ar. Jødane vart samla inn og
== Slutten på krigen ==
[[File:Ødeleggelsene i Gamvik (17388910925).jpg|thumb|Ein kvelva nordlandsbåt og kassebord var hus til åtte menneske, to kyr og ei geit etter raseringa av [[Gamvik]]. {{byline|[[Ole Friele Backer]]}}]]
[[File:Det første glimtet av Nord-Norge (17201322120).jpg|thumb|Oberst [[Arne Dagfin Dahl]] og den norske militærmisjonen ombord på eit sovjetisk skip på veg til [[Petsamo]] i november 1944.]]
Den fyrste delen av Noreg som vart fri, var [[Finnmark]]. Hausten [[1944]] gjekk [[Sovjetunionen|sovjetiske]] styrkar over grensa og starta frigjeringa av den nordlegaste landsdelen vår. Okkupasjonsmakta prøvde å tvangsflytta heile befolkninga der, men mange fór til fjells og gøymde seg bort til dei tyske soldatane hadde rømt og soldatane frå [[Den raude arméen]] nærma seg. Men dei fleste hus, båtar og andre anlegg i Finnmark og Nord-Troms vart brende ned av dei tyske styrkane før dei trekte seg tilbake.
[[Tyskland]] kapitulerte den [[8. mai]] [[1945]], og ut over sommaren [[1945]] vart dei tyske styrkane i Noreg sende attende til Tyskland. Dei allierte frykta at den tyske hæren i Noreg skulle nekta å kapitulera, og at dei skulle organisera eit fanatisk forsvar på norsk jord. Øvstkommanderande for dei tyske styrkane i Noreg fekk ordre frå den nye rikspresidenten [[Karl Dönitz]] om å leggja ned våpna.
▲Den fyrste delen av Noreg som vart fri, var [[Finnmark]]. Hausten [[1944]] gjekk [[Sovjetunionen|sovjetiske]] styrkar over grensa og starta frigjeringa av den nordlegaste landsdelen vår. Okkupasjonsmakta prøvde å tvangsflytta heile befolkninga der, men mange fór til fjells og gøymde seg bort til dei tyske soldatane hadde rømt og soldatane frå [[Den raude arméen]] nærma seg. Men dei fleste hus, båtar og andre anlegg i Finnmark og Nord-Troms vart brende ned av dei tyske styrkane før dei trekte seg tilbake.
▲[[Tyskland]] kapitulerte den [[8. mai]] [[1945]], og ut over sommaren [[1945]] vart dei tyske styrkane i Noreg sende attende til Tyskland. Dei allierte frykta at den tyske hæren i Noreg skulle nekta å kapitulera, og at dei skulle organisera eit fanatisk forsvar på norsk jord. Øvstkommanderande for dei tyske styrkane i Noreg fekk ordre frå den nye rikspresidenten [[Karl Dönitz]] om å leggja ned våpna.
Kongefamilien og eksilregjeringa vende attende til Noreg i mai og juni same år.
Rad 100 ⟶ 102:
==Etterspel==
Ved fredsoppgjeret vart Noreg, på grunn av sin innsats på alliert side, lista opp som eit av dei sigrande landa i krigen.
Tusenvis av nordmenn vart tiltalte under [[det norske landssvikoppgjeret]] etter krigen. Medlemsskap i partiet [[Nasjonal Samling]] kunne vera nok for å få straff. I tillegg vart fekk mange straff for å ha samarbeidd med okkupasjonsmakta på ymse vis.
Mange kvinner vart forfylgde av di dei hadde hatt eit
== Bakgrunnsstoff==
* [http://www.digitalokkupasjon.no Digital okkupasjon Norge 1940-45] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20050407033410/http://www.digitalokkupasjon.no/ |date=2005-04-07 }}
* [http://lotus.uib.no/norgeslexi/krigslex/krigslex.html Norsk Krigsleksikon si nettutgåve] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20050308153232/http://lotus.uib.no/norgeslexi/krigslex/krigslex.html |date=2005-03-08 }}
* [http://www.nuav.net/norge.html Norge under andre verdenskrig]
* [http://www.godoy.no/weber/2verdskrigweb/karolinev/karoline.html Motstand i Noreg] {{Webarchive|url=https://web.archive.org/web/20060221015613/http://www.godoy.no/weber/2verdskrigweb/karolinev/karoline.html |date=2006-02-21 }}
{{manglar kjelder}}
[[kategori:Noreg under andre verdskrigen| ]] ▼
{{tidlegare utvald|år=2005|}}
|