Jødedommen: Skilnad mellom versjonar
Sletta innhald Nytt innhald
sInkje endringssamandrag |
s rydda/retta using AWB |
||
(2 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
Line 53:
Israelsfolket fortalde da profeten [[Samuel|Sjemu’él]] (Samuel) at dei hadde nådd punktet at dei trengde å styrast av ein permanent [[konge]] på same vis som andre nasjonar, som det er skildra i ''[[Samuelsbøkene]]''. Gud visste at dette ikkje var det beste for dei, men gav etter for bønene deira og lét Sjemu’él utnemne [[Sja’ul av Israel|Sja’úl]] (Saul), ein stor men svært audmjuk mann, til å vera kongen deira. Da folket pressa kong Sja’úl til å gå mot ein ordre som Sjemu’él gav honom, bad Gud Sjemu’él om å utnemne [[David I av Israel|Davíd]] i staden hans.
[[Fil:Western wall jerusalem night.jpg|mini|[[Vestmuren]] (òg kalla «Klagemuren») i [[Jerusalem]] er alt som er kjent å stå att etter det andre [[Tempelet i Jerusalem|Tempelet]]. [[Tempelberget]] er den aller heilagaste staden i jødedommen.]]
Med ein gong kong Davíd hadde teke over, fortalde han profeten [[Natán]] at han ønskte å byggje eit varig [[tempel]], og som løn for gjerningane hans lova Gud Davíd at han ville lata sonen hans byggje tempelet, og at trona aldri skulle falle or hendene å borna hans. Davíd sjølv kunne ikkje byggje tempelet fordi han hadde vore involvert i mange krigar — noko som gjorde det umogleg for honom å byggje eit tempel som skulle representere fred. Dermed vart det sonen hans, kong [[Sjelomó I av Israel]] (Salomo el. Salomon) som kom til å byggje det første permanente [[Tempelet i Jerusalem|Tempelet]], etter Guds vilje, i [[Jerusalem]] — som det står skrive i ''[[Kongebøkene]]''.
Line 93:
# Eg trur med full tillit at denne ''Toráen'' ikkje vil endrast, og det vil ikkje komma ein annan ''Torá'' frå Skaparen, signe Namnet Hans.
# Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, veit alle gjerningar åt menneska og alle tankane deira — som det er sagt: «Den som formar hjarta deira alle, Den som skjønner alle gjerningane deira.» ''([[Davidssalmane|Salme]] 33:15)''
# Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, gjer godt mot voktarane av
# Eg trur med full tillit at [[Masjíaḥ]] (Messias) vil komma, og enda om han lèt vente på seg, vil eg venta kvar dag på at han kjem.
# Eg trur med full tillit at dei døde vil livne opp att på den tida det behagar Skaparen, signe Namnet Hans og setje minnet Hans høgt for evig og i ævers æva.
Line 144:
Rabbanittisk jødedom har alltid halde på at bøkene i ''[[Tanákh]]'' — òg kalla «den skriftlege Toráen» — alltid har vorte tradert saman med «[[den munnlege Toráen]]». I forsvar for denne tolkinga peikar tradisjonelle rabbanittiske jødar gjerne på at det i sjølve [[torá]]teksten er mange udefinerte ord og mange nemnde prosedyrar som ikkje har forklåring eller framgangsmåte i grunnteksten. Dette, argumenterer dei, tyder at lesaren er venta å kjenne desse detaljane frå den andre, munnlege versjonen. Denne parallelle tradisjonen var opphavleg berre munnleg tradert og kom dermed til å bli kjend som «[[den munnlege Toráen]]».
Ved [[rebbí]] [[Jehudá hannassí]] (kring [[200]] evt.) si tid, etter Jerusalems øydelegging, vart mykje av dette materialet skrive ned og redigert saman i det som kom til å bli kjent som ''[[Misjná]]''. Over dei neste fire århundra kom denne nedskrivne lovkoden til å bli diskutert, debattert og kommentert i båe
Rabbinsk [[halakhá]], eller det tradisjonelle rammeverket for rabbanittisk-jødisk liv, er altså basert på ein kombinasjon av studium av den skriftlege [[Torá]]en på den eine sida og [[den munnlege Toráen]], det vil seie ''[[Misjná]]'', halakhisk ''[[medrásj]]'' og ''[[Talmúd]]'' med sine kommentarar, på den andre. Halakháen har utvikla seg sakte, gjennom eit [[presedens]]basert system. Litteraturen av spørsmål til torálærde og dei nøye overveide svara deira blir kalla [[responsa]] (på hebraisk שְׁאֵלוֹת וּתְשׁוּבוֹת [šə’ēlōt utšūḇót]). Over tid, etter som praksisane utvikla seg, vart nye kodifiseringar av jødisk lov som baserte seg m.a. på desse responsaa nedskrivne. Slike kodifiseringar inkluderer ''[[Misjné Torá]]'', ''[[Arba‘á turím]]'' (''Tur'') og ''[[Sjulḥán ‘arúkh]]''. Den sistnemnde blir rekna som den viktigaste i tradisjonell europeisk jødedom og blir sett på som autoritativ for det meste av tradisjonell [[askenasisk jødedom|askenasisk]] og [[sefardisk jødedom|sefardisk]] tradisjonell og ortodoks praksis fram til våre dagar.
Line 166:
Jødisk filosofi som separat disiplin er i stor grad prega av [[dialektikk]]en mellom studium av generell [[filosofi]] og [[jødisk teologi]]. Ein tidleg jødisk filosof som kom til å ha større innverknad på [[kristendommen]] enn på jødedom var den [[nyplatonisme|nyplatonske]] filosofen [[Filo frå Alexandria]]. Storheitstida for jødisk filosofi fann stad i det noverande [[Irak]], [[Algerie]] [[Marokko]], [[Spania]], [[Portugal]] og det sørlege [[Frankrike]] frå [[800-talet]] til [[1400-talet]], da fleire jødiske filosofar var aktive og inspirerte av m.a. [[Platon]] og [[Aristoteles]] og av [[muslimsk filosofi]]. Mellom dei viktigaste jødiske filosofane frå denne tida kan nemnast [[Sjelomó ibn Gabiról]], [[Sa‘adjá Gaón]], [[Maimonides]] og [[Gersonides]].
Under og etter [[opplysningstida]] frå seint på [[1700-talet]] til innpå
== Retningar av jødedommen ==
Line 181:
* [[Ortodoks jødedom]] held på at ''[[Torá]]en'' vart skriven av [[JHVH|Gud]] og diktert ord for ord til [[Moses]], og òg at alle lovane i ''Toráen'' er bindande og utan noka endring. Dei fleste retningane av ortodoks jødedom reknar generelt [[Sjulḥán ‘arúkh]], ein omfattande lovkode skriven av [[Joséf Karo]] på [[1500-talet]], som den definitive kodifiseringa av jødisk lov og hevdar ein full (og, etter manges syn, uendra) kontinuitet mellom jødedommen føre [[opplysningstida]] og vår tids [[ortodoks jødedom|ortodokse jødedom]]. Ortodoks jødedom kan underdelast i hovudretningane [[moderne-ortodoks jødedom]] og [[ḥaredisk jødedom]] (òg kalla «ultraortodoks jødedom».
** [[Ḥasidisk jødedom]] er ei form av [[askenasisk jødedom]] som generelt kan reknast inn under [[ḥaredisk jødedom]], men det finst òg enkelte meir moderne-ortodoksi-orienterte ḥasidiske miljø (t.d. miljøet som [[Shlomo Carlebach]] etablerte). (I tillegg er [[ḥasidisk jødedom]] det historiske utgangspunktet for den politisk [[venstreorienterte]] og religiøst reformorienterte [[Jewish Renewal]]-rørsla.)
* [[Reformjødedom]] er namnet på to ulike retningar av jødedommen:
[[Fil:ReformJewishService.jpg|mini|høgre|I typisk [[tysk-amerikansk reformjødedom]] blir bønene gjerne sagde på det lokale hovudspråket og kvinner og menn har dei same rollene i religiøs praksis.]]
** [[Tysk-amerikansk reformjødedom]]: Den [[Tyskland|tyske]] og [[Nord-Amerika|vanlegaste nordamerikanske]] forma av reformjødedom blir òg kalla [[liberal jødedom]] (særleg i Storbritannia og [[Nederland]]) eller [[progressiv jødedom]] i [[Europa]] og [[Israel]] i våre dagar. Dette er den klassiske reformjødedommen som han oppstod i [[Hamburg]] og vart overført til [[byen New York]] av [[tyske jødar|tysk-jødiske]] [[emigrant]]ar. Denne greina av reformjødedommen oppstod i [[Berlin]] og [[Hamburg]] i det [[askenasím|askenasisk]]-[[sefardím|sefardiske]] blandingsmiljøet der og som eit resultat av [[opplysningstida]]. Reformjødedommen definerte i byrjinga jødedommen som ein [[religion]], heller enn som ein [[rase]] eller [[kultur]]; rituelle på- og forbod frå ''[[Torá]]en'' vart avviste; og ein la vekt på den [[etikk|etiske]] bodskapen frå [[Nebiím|Profetane]]. Den tysk-amerikanske reformjødedommen utvikla eit eige gudstenesteritual på det lokale hovudspråket og la vekt på personleg samband med tradisjonen heller enn på personleg rituell praksis. I dag har den tysk-amerikanske reformjødedommen generelt utvikla seg mot meir typisk jødisk rituell praksis att, og mange reformmeinigheiter har teke i bruk [[hebraisk språk]] i gudstenesta att og oppfordrar gjerne til i det minste nokre element av privat rituell praksis.
** [[Britisk reformjødedom]]: Inspirert av den tyske reformjødedommen, men med mykje større vekt på jødisk tradisjon og rituell praksis, utvikla det seg ei separat form av reformjødedom i [[Storbritannia]] og nokre byar i [[Nord-Amerika]]. Denne greina, som gjerne blir kalla [[britisk reformjødedom]], vart i utgangspunktet igangsett av [[sefardiske jødar]] og la mykje større vekt på kontinuitet i ritualet. I staden for overgang til det lokale hovudspråket, vart [[hebraisk språk]] styrkt i gudstenestene gjennom at arameiske bøner (slik som «[[Kaddísj]]») vart omsette til hebraisk. Denne forma av reformjødedom, som historisk sett liknar mykje på amerikansk [[konservativ jødedom]] finst i dag hovudsakleg i Storbritannia. I nyare tid har det vore noko tilnærming til [[tysk-amerikansk reformjødedom]], og britiske reformjødar identifiserer seg gjerne meir med amerikansk reformjødedom enn med konservativ jødedom.
* [[Konservativ jødedom]] ([[Nord-Amerika]]) eller [[masorti jødedom]] ([[Europa]] og [[Israel]] var ei retning som tok form i [[USA]] mot slutten av
▲* [[Konservativ jødedom]] ([[Nord-Amerika]]) eller [[masorti jødedom]] ([[Europa]] og [[Israel]] var ei retning som tok form i [[USA]] mot slutten av [[1800-talet]] gjennom ei samansmelting av to fløyer — tidlegare reformjødar som følte seg framandgjorte av den tysk-amerikanske reformrørsla si emfatiske avvising av jødisk lov og tidlegare ortodokse jødar som hadde avvist trua på at den munnlege Toráen var ufeilbarleg og kontinuerleg frå Guds openberring på [[Sinaifjellet]] til Joséf Karo sin [[Sjulḥán ‘arúkh]]. I staden ville desse leggje meir vekt på kritiske studium av jødiske tekstar og historie. Konservative jødar legg vekt på at jødane er eit folk såvel som ein religion. Konservative lærde legg ofte særleg vekt på sambandet til [[amora’ím]] — dei vise debattantane i ''[[Talmúd bablí]]'', som var opne for og tok del i debattar og omtolkingar av jødisk lov.
* [[Rekonstruksjonistisk jødedom]] byrja som ei [[rasjonalisme|rasjonalistisk]] filosofisk retning innanfor amerikansk [[konservativ jødedom]] og vart seinare utskild som ei sjølvstendig rørsle som legg vekt på omtolking av jødedommen i det moderne samfunnet.
* [[Humanistisk jødedom]] eller human-etisk jødedom er ei lita [[ikkje-teisme|ikkje-teistisk]] rørsle som legg vekt på jødisk kultur og historie som kjeldene til jødisk identitet. Retninga vart starta i [[USA]] av rabbinar [[Sherwin Wine]] og har hovudutbreiinga si i [[Nord-Amerika]]. Det finst òg ein del tilhengjarar av humanistisk jødedom i [[Europa]], [[Latinamerika]] og [[Israel]].
* (Kristne reknar stundom òg den kristne [[misjon]]sreligionen «[[Jews for Jesus|messiansk jødedom]]» (som fremjar den [[kristendommen|kristne]] trua på [[Jesus]] som [[Messias]]) som ei retning av jødedom. Men den jødiske sjølvforståinga i heile spekteret frå ortodoks til reform er at denne retninga ''ikkje'' fell innanfor jødisk religion, men snarare under [[kristendommen]].)
Rad 237 ⟶ 232:
* [[Rosj hasjaná]], òg kalla ''jom hazzikkarón'' (‘minnesdagen’) eller ''jom teru‘á'' (‘[[sjofár]]blåsingsdagen’), blir ofte kalla «jødisk [[nyår]]» fordi denne dagen markerer den sjette dagen av [[den bibelske skapingsforteljinga|skapingsverket]]. Denne dagen fell på [[1. tisjré|1.]] og [[2. tisjré]] og markerer byrjinga av det jødiske sivile året. Det er òg ei bergingshøgtid og markerer byrjinga på den ti dagar lange soningsperioden som munnar ut i [[jom kippúr]].
* [[Jom kippúr]], eller ''soningsdagen'', er den jødiske [[bots- og bededag]]en. På denne dagen er alle religiøst myndige jødar pålagde å [[faste]] og [[bøn|be]] om tilgjeving for alle synder ein gjorde seg skyldig i i året som gjekk. Jom kippúr er den aller viktigaste høgtidsdagen i det jødiske året og den einaste av høgtidene som har like strenge helgedagsbod som [[sjabbát]].
Rad 248 ⟶ 242:
Kjernen i [[sjabbát]]- og heilagdagsgudstenesta er den offentlege lesinga av ''[[Torá]]en'' etterfølgd av opplesing av [[haftará]]en — utvalde avsnitt frå dei andre bøkene av ''[[Tanákh]]''. I løpet av året les dei fleste [[rabbanittisk jødedom|rabbanittisk-jødiske]] samfunna heile ''Toráen'', og syklusen byrjar på nytt att kvar haust under høgtida [[simḥat Torá]] (‘glede over Toráen’). I andre jødiske samfunn, slik som i [[Galilea]] før [[krosstoga]], har det vorte bruka ein syklus på tre eller tre og eit halvt år i staden. Ein del ikkje-ortodokse jødiske meinigheiter brukar ein treårssyklus som ikkje er basert på [[den galileiske torásyklusen]], men på ei underdeling av eittårssyklusen.
=== Synagogar og andre jødiske bygningar ===
Rad 268 ⟶ 262:
:''Hovudartikkel: '''[[Kasjrút]]'''.''
[[Kasjrút]] er omgrepet for dei jødiske kosthaldslovane. Mat som kan etast etter jødisk religiøs lov blir kalla ''kasjér'' (frå [[
=== Familiereinskap (tahorat hammisjpaḥá) ===
Rad 323 ⟶ 317:
Mange jødiske samfunn har lege under [[Islam|muslimsk]] styre i kortare eller lengre periodar innanfor dei siste mesta 1500 åra, og dette har ført med seg eit samspel mellom desse religionane på godt og vondt. Perioden kring [[900]]–[[1200]] i det [[maurarar|maurisk-styrte]] [[Andalucía]] i det sørlege [[Spania]] kom til å bli kjend som «[[den gylne tidsalderen for jødisk kultur i Spania]]». Da jødane vart utviste frå det da [[kristendommen|kristne]] Spania i [[1492]], vart dei kollektivt inviterte til å busetje seg i [[Det osmanske riket]] — eit tilbod mange nytta seg av.
På
'''Sjå òg:'''
|