Lulesamisk: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
sInkje endringssamandrag
Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Indre språkhistorie: umesamisk har stadieveksling (rett nok hovudsakleg etter lang vokal)
 
Line 45:
Dei samiske språka vart skilt frå austersjøfinsk for rundt 2000 år sidan. I løpet av tida fram til dei første skriftlege kjeldene for samisk (frå og med 1600-talet) delte det samiske urspråket seg inn i vestsamisk (frå [[sørsamisk]] til og med [[nordsamisk]]) og austsamisk. Den vestsamiske gruppa deler seg inn i ei sørleg gruppe ([[sørsamisk|sør-]] og [[umesamisk]]) og ei nordleg gruppe ([[pitesamisk|pite-]], lulesamisk og [[nordsamisk]]).
 
Den sørlege gruppa av vestsamiske språk er kjenneteikna ved [[omlyd]] heller enn [[stadieveksling]], og har i større grad halde på trykklette [[konsonant]]ar og [[vokal]]ar frå det finsk-samiske urspråket i bøyingsendingane sine. Den nordlege gruppa, inkludert lulesamisk, har forkorta og mista endingane sine, slik at der sørsamisk har ''gïelen'' og ''gïeleste'' som [[genitiv]] og [[elativ]] av ''gïele'' "språk", har lulesamisk formene ''giela'' og ''gielas'', av grunnforma ''giella''. Som det går fram av døma skil lulesamisk (og ume- og pitesamisk og alle samiske språk lenger nord) seg frå sør- og umesamisksørsamisk ved å ha [[stadieveksling]], i dette tilfellet veksling mellom lang ''-ll-'' i [[nominativ]] og kort ''-l-'' i visse andre kasus. Lulesamisk skil seg frå nordsamisk framfor alt ved å ha oppretthalde skiljet mellom final ''-p, -t, -k'', eit skilje som i nordsamisk har falle saman i ''-t'', t.d. lulesamisk ''hállat, hállap'' ("å snakke, vi snakkar"), i nordsamisk er desse formene identiske (''hállat'' = både "å snakke" og "vi snakkar").
 
Lulesamisk (og pitesamisk) er meir konservativ enn nordsamisk på fleire punkt: