Lulesamisk: Skilnad mellom versjonar

Sletta innhald Nytt innhald
Trondtr (diskusjon | bidrag)
Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Indre språkhistorie: umesamisk har stadieveksling (rett nok hovudsakleg etter lang vokal)
 
(8 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste)
Line 17:
 
==Alfabet==
{{detaljar|Uttale av lulesamisk skriftspråk}}
 
Lulesamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at ''æ, ø'' blir brukt på norsk side og ''ä, ö'' på svensk side. I tillegg brukast ''á'' for lang [a:], og ''ŋ'' for [ŋ]. Den siste lyden vart tidlegare skrive ''ń'', i praksis (på grunn av 8-bits datasystem) ofte ''ñ''. Sjølv om nord- og lulesamisk er svært lik kvarandre språkleg er det store skilnader i skrivemåten. Denne skilnaden går attende til [[Rasmus Rask]] sitt framlegg til [[Nordsamisk ortografi|nordsamisk rettskriving]], lulesamisk heldt fast på den gamle, norsk-svenske skrivemåten, og skriv ''sjaddat'' og ''tjállet'' der nordsamisk har ''šaddat, čállit'' ('bli, skrive').
Rad 41 ⟶ 42:
 
=== Indre språkhistorie ===
{{detaljar|Samisk språkhistorie}}
 
Dei samiske språka vart skilt frå austersjøfinsk for rundt 2000 år sidan. I løpet av tida fram til dei første skriftlege kjeldene for samisk (frå og med 1600-talet) delte det samiske urspråket seg inn i vestsamisk (frå [[sørsamisk]] til og med [[nordsamisk]]) og austsamisk. Den vestsamiske gruppa deler seg inn i ei sørleg gruppe ([[sørsamisk|sør-]] og [[umesamisk]]) og ei nordleg gruppe ([[pitesamisk|pite-]], lulesamisk og [[nordsamisk]]).
 
Den sørlege gruppa av vestsamiske språk er kjenneteikna ved [[omlyd]] heller enn [[stadieveksling]], og har i større grad halde på trykklette [[konsonant]]ar og [[vokal]]ar frå det finsk-samiske urspråket i bøyingsendingane sine. Den nordlege gruppa, inkludert lulesamisk, har forkorta og mista endingane sine, slik at der sørsamisk har ''gïelen'' og ''gïeleste'' som [[genitiv]] og [[elativ]] av ''gïele'' "språk", har lulesamisk formene ''giela'' og ''gielas'', av grunnforma ''giella''. Som det går fram av døma skil lulesamisk (og ume- og pitesamisk og alle samiske språk lenger nord) seg frå sør- og umesamisksørsamisk ved å ha [[stadieveksling]], i dette tilfellet veksling mellom lang ''-ll-'' i [[nominativ]] og kort ''-l-'' i visse andre kasus. Lulesamisk skil seg frå nordsamisk framfor alt ved å ha oppretthalde skiljet mellom final ''-p, -t, -k'', eit skilje som i nordsamisk har falle saman i ''-t'', t.d. lulesamisk ''hállat, hállap'' ("å snakke, vi snakkar"), i nordsamisk er desse formene identiske (''hállat'' = både "å snakke" og "vi snakkar").
 
Lulesamisk (og pitesamisk) er meir konservativ enn nordsamisk på fleire punkt:
Rad 54 ⟶ 55:
 
=== Ytre språkhistorie ===
{{detaljar|Lulesamisk ortografi}}
 
Det lulesamiske skriftspråket vart etablert av [[Lars Levi Læstadius]] ([[1800]]–[[1861]]) med det religiøse verket ''Hålaitattem Ristagasa ja Satte almatja kaskan'' ('Samtale mellom ein kristen og ein ikkje-truande', 1837 el. 1839). I 1844 gav han ut ''Tåluts suptsasah'', ei bibelhistorie på 259 sider. Det vart gjeve ut ei salmebok på lulesamisk i [[1895]]. I byrjinga av [[1900-talet]] utvikla [[K.B. Wiklund]] eit skriftspråk for lulesamisk. Etter 2. verdskrigen kom Bergsland /Ruong ortografien, den første samiske ortografien der ein morsmålstalar hadde vore med og utvikle han. Gjeldande lulesamiske skriftspråk vart utarbeida av lulesamisk språknemnd, og vedtatt i 1983, med [[Mikal Urheim]] som ein av dei sentrale arkitektane attom reforma.
 
Frå 1. januar 2006 vart Tysfjord første lulesamiske kommune under samisk språkforvaltningsområde i Noreg. I sverige er kommunane [[Gällivare]], [[Arjeplog]] og [[Jokkmokk]] del av det samiske forvaltningsområdet, for lulesamisk (Gällivare også for nordsamisk).
 
==Referansar==
{{reflist}}
 
==Litteratur==
Rad 66 ⟶ 71:
=== Ordbøker ===
 
* {{kjelde bok | forfattar = Grundström, Harald | utgjeve = 1946- | tittel = Lulesamisches Wörterbuch - Lulesamisk ordbok | url = https://www.sametinget.se/14885 }}
* {{kjelde bok | forfattar = Kejonen, Olle | utgjeve = 2013 | tittel = 101 julevsáme verba. 101 lulesamiska verb | url = https://julevsameverba.wordpress.com/ }}
* {{kjelde bok | forfattar = Wiklund, K.B. | tittel = Lule-lappisches Wörterbuch | utgjeve = 1890 | stad = | Helsinki | utgjevar = Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia | bind = 1 | url = https://saamilinguistics.files.wordpress.com/2016/05/wiklund1890.pdf }}
 
=== Grammatikkar og artiklar om grammatikk ===
Rad 90 ⟶ 95:
* Ylikoski, Jussi 2017: Future time reference in Lule Saami, with some remarks on Finnish. [http://ojs.utlib.ee/index.php/jeful/issue/view/7.2 Eesti ja soome-ugre keeleteaduse ajakiri] 7 (2) s. 209-244.
* Ylikoski, Jussi 2022: Lule Saami. – Marianne Bakró-Nagy, Johanna Laakso & Elena Skribnik (eds), ''The Oxford Guide to the Uralic Languages''. Oxford: Oxford University Press.
 
==Referanser==
 
<references/>
 
==Bakgrunnsstoff==
 
=== Wikipedia ===
*{{Incubator|Wp/smj|prosjekt=Wikipedia}}
 
=== Institusjonar ===
Rad 116 ⟶ 117:
 
 
{{Samiske språk}}
{{Uralske språk}}
 
{{samar}}